Fuck off I love you

"Vi var fem gutar. Ein skulle miste kjærasten. Ein skulle skamslå ein annan. Ein skulle dø." Sitat, s. 8

Vemund, 16 år, er ein type som seier lite i veneflokken. Når han blir spurt om noko kjem han med typiske Vemund-svar: "Veit ikkje", "Same for meg" eller "Nja, njei, kanskje ...". Som lesar vart eg ganske irritert på denne veike karakteren og fekk mest lyst til å riste i han. Etter kvart vert det nærmast komisk, eller tragikomisk er vel rettare å seie, da han på ein fest treff Maria, jenta han er forelska i. Når ting endeleg ser ut til å gå vegen og Maria spør om dei skal kysse meir, presterar Vemund å svare sitt vanlege "same for meg". Går det an! Det er eit under at ikkje Maria reiser seg og går, tenkjer eg, men det gjer ho ikkje.

Også kameratane Vemund hengjer med har eit avslappa forhold til at han er som han er. Dei kjenner kvarandre godt. Ein dag dei som vanleg sit på kjellarhybelen til Brian og ser på amerikansk wrestling dukkar Two-Face opp. Han er ein litt eldre sambygding som nett har komme ut av fengsel på grunn av valdsbruk. Han fortel at han har lagt seg opp pengar i fengselet og dei vil han investere i venene sine. Han vil spandere tur til København slik at dei kan bli betre kjende med kvarandre og stå saman som eit lag. - Kva med deg, Vemund? Er du med? Two-Face ser mistruisk på Vemund da han svarer "Same for meg", men roar seg når Daniel presiserer at det tyder "ja" på Vemund-språket.

Frå første møte er Two-Face leiaren i gjengen. Ingen vågar å stå imot dei intense auga hans. Alle er redde for å irritere han det minste. Two-Face har nemleg ein særskild tjuekroning i lomma, som han tek fram når han vil avgjere kva han skal gjere. På den eine sida av mynten står det "I love you". Da blir valet godt. Hamnar mynten på den andre sida, står det "Fuck off". Da blir det ei vond løysing. Gutegjengen finn Two-Face både skremmande og fascinerande. Dei følgjer han og innfalla hans med ei aukande kjensle av uro. BerreTwo-Face sjølv veit kor det ber av stad. Han snakkar stadig om ein plan og eit opplegg dei skal innviast i.

I rammeforteljinga vert vi fortalt at historia Vemund deler med oss vert skriven på oppfordring frå psykologen hans. Så vi skjønar at opplegget til Two-Face har fått fatale følgjer allereie frå starten av. Eg vil ikkje røpe meir av handlinga her, men at eg vart både overraska og tårevåt da boka var slutt. Sympatien min ligg heilt og fullt hos den fine diltaren Vemund.

Harald Mæhle har skrive ei rekke bøker for barn og ungdom og vunne fleire prisar. Du kan lese meir om han på heimesida hans.

Publisert 28.01.2013, sist endret 16.10.2013 - 08:28
Side-alternativer