Grensene mellom det realistiske og fantastiske er flytande, bunde saman i eit treffande språk med underfundige og ironiske vendingar. Da Anders får høyre at foreldra
har tenkt å gå frå kvarandre, pakkar han sekken
og dreg ut i skogen. Det er endeleg farvel med ho som ein gong var
mor mi, og han som ein gong var far min, men han vil framleis kalle
søstrene for søstrer, og bevare eit godt minne om
dei. Anders tek seg inn i huset Dobbel Aksel dro frå da kona
Dobbel Marta forsvann med ein sjøoffiser. I fortviling hengde
Aksel seg i eit tre på eigedomen. Bygdeoriginalen Hilmar lærer
Anders litt av kvart om skogslivet, og han fortel om kapellet han
byggjer til ære for profeten Lazarus som har vore venn og
hjelpar i einsemda. Anders bur så nær sivilisasjonen
at han snart får besøk av søster, venn og kjærast,
og læraren som syner stor forståing for Anders sitt
nye liv, seier at han er hjarteleg velkommen attende til skulen
om han skulle skifte meining. Men gjer han det?
BERGEN OFFENTLIGE BIBLIOTEK5556 8500

Biblioteket i sosiale medier