Eikaas har jobba innanfor mange sjangrar og med ulike materialtypar. Han har vore nyskapande innan både maleri, grafikk og skulptur og han har også jobba med konseptkunst og performance. Som grafikar er det særleg tresnittet han har jobba med.
Som ung student i Oslo møtte han m.a. Gunnar S. Gundersen og Odd Tandberg, som også studerte ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. Saman med Knut Rumohr, Jakob Weidemann, Inger Sitter m.fl. kom desse til å prega mykje av kunstlivet på 50-talet, der det nonfigurative maleriet vaks fram. Påverka av nye straumar i Europa stod desse fram med eit kunstsyn som utfordra det tradisjonelle, og heftige debattar oppstod rundt utstillingane til desse pionerane innan modernismen.
Sjølv om Eikaas var radikal modernist med vekt på det nonfigurative, vende han tilbake til det figurative, men gjerne i abstrahert form. Både stilleben og interiør opptok han, men også etter kvart vestlandsnaturen. Både heimstaden Jølster og Tysnes, der han hadde arva eit småbruk, blei motiv i biletkunsten hans.
Portrettet skulle på 60-talet koma til å prega Ludvig Eikaas sin kunst, og han gjorde sjølvportrettet til ein viktig del av sitt ”image”. I sjølvportretta viser han både humor og sjølvironi, og spelar litt på myten som genial bygdeoriginal.
Det mest kjende sjølvportrettet er ”Jeg” frå 1970. Dette viser ikkje til den fysiske Eikaas, men består av svarte horisontale liner over eit lerret, der det med barnsleg ”skjønnskrift” står ”Jeg”. Iflg. Eikaas sjølv er dette den kortaste sjølvbiografien som nokon gong er skriven.
Også familiemedlemmer, venner og kunstnarkollegaer blei portretterte av Eikaas – ikkje berre i grafikk og maleri, men også i skulptur. Nye materialtypar blei utforska, og både isopor, pappmasjé på ståltråd, stål og pleksiglas blei brukt i skulpturane.
På 70-talet var fleire sentrale kunstnarar opptekne av den politiske situasjonen i verda. EF-strid, opprustning, miljøvern og Vietnamkrigen var saker som opptok mange, og Ludvig Eikaas var blant dei som brukte politiske motiv i kunsten.
I tillegg til å vera ein nyskapande og markant biletkunstnar, var Ludvig Eikaas også ein habil hardingfelespelar. Han gløymde aldri røtene sine i Sunnfjord, og i 1994 opna Eikaasgalleriet på Ålhus i Jølster for å kunna hysa den store kunstsamlinga han gav heimkommunen.
BERGEN OFFENTLIGE BIBLIOTEK5556 8500

Biblioteket i sosiale medier