Om dine powerpoint-presentasjonar har ein lei tendens til å medføre keisame gjesp i salen kan du få hjelp til å friske opp bodskapen din her. Med Prezi får du sjansen til å bruke kreativiteten din på ein måte som vil vere til inspirasjon både for deg - og ikkje minst for ditt publikum.
Applikasjonen er utvikla av ein ungarsk arkitekt som sakna eit verkty som gjorde det enklare å sjå den store heilskapen, samtidig som ein med lettvinte grep kunne gå tett opp i mot dei små detaljane. Resultatet blei Prezi, eit system som på mange måtar er mindre "låst" enn vanlege presentasjonsverkty.
Misforstå ikkje. Som i til dømes Powerpoint er det framleis lineære "slides etter slides" som ligg i botn. Men sjølve presentasjonen får derimot ein ny og frisk utforming her.
Ved hjelp av eit snurrehjul posisjonerar du dine objekt der du vil at dei skal ligge. Desse kan plasserast kvar som helst i arbeidsfeltet og blir knytta saman ved hjelp av kronologiske markørar etter ditt formål. Ved å ta i bruk den innbakte zoom-funksjonen kan du komme veldig tett inn på objektene dine, noko som gjev større fleksibilitet og moglegheit for å presentere uventa samanhengar.
Applikasjonen har mange fordelar som skiljer seg frå tidlegare presentasjonsverkty. For eksempel kan du enkelt legge inn YouTube-klipp i presentasjon ved å lime inn embedd-koda til videoen. Du skapar eit visuelt rom som er spennande og kanskje litt "barnevennleg" i utrykksformen. Dette kan forklare kvifor stadig fleire lærarar på barne- og ungdomskuletrinnet har lagd sine presentasjonar ved hjelp av Prezi.
Nokon ulemper er det sjølvsagt. Foreløpig er det ikkje så enkelt å legge til lydklipp (det går, men er litt kluss), men forhåpentligvis er dette ei utvikling som vil komme etterkvart. Samstundes har nokon påpeikt at zoomen har forårsaka kvalme, ein påstand som delvis kan underskrivast, særleg om bruken av svingingar i presentasjonen blir for
heftige.
Les meir og registrer konto på http://prezi.com/
Eksempel på ein Prezi som tek for seg norsk språkhistorie
Eit bilde seier meir enn tusen ord, påstår man. Og det stemmer nok. Men ofte har vi tilfeller der bildet i seg sjølv ikkje er nok. Man vil gjerne gjere bildet interaktivt, levande og meir informativt. Til slike operasjonar kan ThingLink vere eit alternativ.
ThingLink starta utifrå ideen om at eit bilde er noko meir enn eit reint konkret objekt. Det inneheld informasjon som ikkje er openbart formidla, men gjennom eit verkty som ThingLink kan ein skape ei navigerbar flate som brukaren kan klikke seg rundt på og få meir informasjon. Men korleis gjere dette?
Dette har utviklarane løyst ved at det er mogleg å markere diverse "hotspots" i bildet, det vil seie små punkt som brukaren blir oppmuntra til å klikke på. Slike punkt
vil kunne innehalde ulike typer av informasjon; til dømes kan det gje oppfyljande kunnskap om det konkrete objektet, markeringa kan lenke deg vidare til ein konkurranse du vil skape blest om, eller spele av ein musikkvideo eller ein song som du sjølv har komponert. ThingLink er integrert med Soundcloud, noko som gjer det lett å legge inn audioklipp. At det samstundes er enkelt å legge til videoar har medført at flere band har skjønt at man også kan bruke ThingLink til promotering.
Særlig spennende hadde det vært om nokon hadde komt opp med ein applikasjon som foreina kvalitetene til både Prezi og ThingLink og kombinerte element av både zooming, lyd og video-klipp, samt meta-informasjon. Det ville blitt ein fin visuell julekalender.
Les meir og registrer deg på http://www.thinglink.com/
Her ser du for eksempel korleis ein kjent musikkfestival i Texas promoterar seg ved hjelp av thinglink.

Kjelder: Wikipedia, prezi.com, thinglink.com
BERGEN OFFENTLIGE BIBLIOTEK5556 8500

Biblioteket i sosiale medier