Syskenparet Hallstein og Sissel bur saman med foreldra på eit småbruk i utkanten av ei lita bygd. Denne vårnatta skal dei for fyrste gongen overnatte åleine heime. Foreldra skal i gravferd i ei anna bygd. Hallstein lever enno i barndommens rike, eit rike der berre søstera av og til får lov å sleppe inn. Bror og søster er varmt fortrulege med kvarandre. Dei har gleda seg til denne kvelden åleine saman. Men når dei sett seg for å ete kveldsmat, bankar ein annan røyndom på døra. Det er folk som ber om hus for natta: Bilmotoren har streika og ei ung kvinne i følgjet skal føde. Her må det skaffast rom og senger, her må skaffast jordmor, og det som skulle vere ein roleg kveld blir ein opprivande røynsle.
Spillefilm, vhs
Aldersgrense: 16 år
Spilletid: 1 t 40 min
Omtale: Statens filmsentral
Nobody puts Baby in a corner.
BERGEN OFFENTLIGE BIBLIOTEK5556 8500

Biblioteket i sosiale medier