Like sikkert som at lauvet fell og fjorårets nedbørs-rekord vert slått, like sikkert er det at forlaga kvar haust lanserer ei rad debutantar, somme gamle, andre unge, somme geniale, andre... ikkje, men alle med ufråvikeleg entusiasme og vón om at nettopp deira bok skal vere den som skil seg ut i mengda.
I år, som tidlegare år, har mange debutantar tilknyting til Vestlandet: landsdelen utmerkjer seg som eit kraftsentrum i norsk litteratur. Bergen Off. Bibliotek ynskjer å gjere ekstra stas på dei lokale debutantane, og har difor utfordra dei til å dele sine djupaste tankar, fagraste draumar og mørkaste redsler i vår unike debutant-enquete.
Spørsmåla er som følgjer:
1) Fortel om deg sjølv og boka di med maksimalt 44 ord (utan bruk av innskótne leddsetningar).
2) Kva er det verste med å vere debutant?
3) Har du gått på Skrivekunstakademiet (evt tilsvarande utdanningsinstitusjon i ut- eller innland)? Viss ja, syng akademiets pris, grei ut om kor viktig året der har vore for deg som forfattar og menneske, og gje uttrykk for nærast pinleg beundring for lærekreftene ved utdanninga. Viss nei, nytt høvet til å kritisere skriveskulane for å framelske keisam og føreseieleg litteratur, og kom gjerne med usaklege og/eller krenkande påstandar om ein eller fleire namngjetne forfattarar som har gått der.
4) Til kva har du tenkt å nytte det skammeleg låge bok-honoraret?
5) For eller mot Karl Ove Knausgård? (Kort grunngjeving for standpunktet.)
6) Kva, bortsett frå litteratur, har inspirert deg a) mest og b) minst i arbeidet med debutboka?
7) Beskriv i pinsam detalj korleis du trur du vil reagere på ein eventuell slakt (heilt utenkjeleg, sjølvsagt, men vi meiner reint hypotetisk).
8) It's førebilete-time! Nemn tre bøker som er viktigare for deg enn livet sjølv og som alle andre menneske må lese.
9) Sei noko vakkert om biblioteket.
Foto: Tove K. Breistein
(f. 1986) frå Hjelmtveit i Nordhordland. Debuterer med romanen Muntergang (Det Norske Samlaget).1) Eg er ein nordhordlending som har skrive Muntergang, ei bok som skildrar ein versjon av Noreg der Alvorets sikkerheitsteneste har makta og hersar med folk. Hovudpersonen Pål får problem med sikkerheitstenesta når han slår seg saman med narkomane Katrine.
2) Det beste og det verste er nært knytt saman: gratis ølbongar på lanseringsfestar og opplesingar. Det er ei fantastisk ordning, men når alkoholen er så lett tilgjengeleg får det óg konsekvensar dagen etter.
3) Eg har inga utdanning innan skriving, men har brukt dei anonyme konsulentane på forlaga som skrivelærarar sidan eg var fjorten.
4) Pengane gjer at eg slepp å jobbe ved sidan av journalist-studiet som eg nett har begynt på.
5) Litterært er prosjektet (Min kamp) under eitt interessant, men eg koste meg verken med bok 1, 3, 4 eller 5. I bok 2 kjem hyperrealismen til sin rett, meiner eg. Kanskje fordi han skreiv om hendingar som låg nært i tid?
6)
a) Folk som har eit avklart verdssyn som dei trur intenst på. Det er vel eigentleg undringa over slike menneske som er utgongspunktet for heile boka.
b) Internett. Ikkje direkte uinspirerande, men samstundes har det ein tendens til å øydeleggje for skrivinga.
7) Eg har allereie opplevd ein negativ meldar, men uroa gjekk fort over. Eg googla vedkomande og fann ut at det var like greitt at personen ikkje forsto noko av boka. Det var nok snakk om ei av desse med eit avklart verdssyn som eg nemnte over.
8) Sveve over vatna av Ragnar Hovland tronar sjølvsagt øvst, men Epp, ja heile Og resten står skrivd i stjernene av Axel Jensen må nemnast. Dei som ikkje enno har prøvd seg på J.M. Coetzee bør gjere det. Favoritten er Et dårlig år.
9) Eg har faktisk eit kapittel i boka som hyllar biblioteket. Det vert avslutta slik:
"Dessutan gidd eg ikkje bu saman med ein mann som ikkje har lånekort. Lånekort er makt. Alle burde ha lånekort på biblioteket."
Sanne og vise ord, Atle!
Foto:Gyldendal forlag
(f. 1981) frå Austrheim. Debuterer med novellesamlinga Der har vi deg, ja (Gyldendal).
1) Arbeidstittelen til samlinga var Omveg, for boka handlar i stor grad om omvegar, gjerne humpete omvegar, der karakterane blir sitjande og disse opp og ned i bilsetet slik at talen deira blir hakkete.
2) Å ikkje ha fleire bøker å vise til.
3) Nei, men eg var på eit helgekurs i regi av Gyldendal i mars. Fekk gode innspel på ei novelle som streika utan at eg heilt kunne setje fingeren på kvifor og korleis. Sjølve ordet "skriveskule" er forresten eit kjedeleg eit. Det får
meg til å tenkje på lekser.
4) Eg syntest faktisk ikkje det var så lågt, men det kjem vel av at eg er van til å ha lite å rutte med. Skal ein tur til Chile i februar. Eg skal óg kjøpe meg nokre nye klede, i alle fall ei ny bukse, kanskje eit par sko.
5) Har enno ikkje lese Knausgård. Unnskyldinga får bli at eg bur i utlandet.
6)
a) ein god frukost, det eg skreiv kvelden i førevegen.
b) Internett og naboar.
7) Vantru, irritasjon, høg og tilgjort latter, skepsis, uro, høg latter igjen, denne gong ekte, sovetablettar.
8) Marcel Proust, På sporet av den tapte tid. Jon Fosse, Melancholia I & II.Roberto Bolaño, Chilensk nokturne.
9) Eg hugsar ein episode, sjølv om den strengt teke ikkje er noko vidare romantisk, i alle fall ikkje tragisk, og heller ikkje særleg magisk kanskje, men det var no det ein kan kalle ein episode, og det skjedde på eit bibliotek, Deichmanske Hovudbibliotek for å vere heilt presis. På bordet framføre meg låg eit oppslagsverk, ei engelsk-norsk/norsk-engelsk ordbok, eg sat i referanseavdelinga, men eg kan ikkje ha funne det eg leitte etter, eg reiste meg i alle fall og gjekk til næraste reol for å undersøke nokre andre ordbøker. Då eg hadde funne det eg var ute etter og snudde meg for å gå attende til stolen min, såg eg at einkvan hadde sett seg der, og ikkje kven som helst, men sjølvaste Edvard Hoem, med brillene godt nede på nasen og med engelsk-norsk/norsk-engelsk-ordboka som eg hadde funne fram, framleis på bordet, men no attåt eit oppslagsverk som han, altså Edvard Hoem, hadde funne fram, og sidan det ikkje var andre ledige stolar i referanseavdelinga, tenkte eg javel og gjekk heim. No seier eg ikkje at Edvard Hoem stod på lur bak ein av reolane og såg sitt snitt til å ta plassen min, sjølv om det ikkje er noko ein kan sjå heilt bort frå, men sidan den gong har eg kvar gong eg går inn i eit bibliotek alltid vore på utkik, noko halvhjarta rett nok, etter Edvard Hoem, som kanskje sit ved eit bord og plutseleg må reise seg for å finne ei bok.
Foto: Tove K. Breistein
(f. 1967) frå Stavanger. Debuterer med diktsamlinga Sjøen hugsar ingen barndom (Det Norske Samlaget).1) Sjøen hugsar ingen barndom er ei diktbok med konkrete registreringar av landskap og natur. Boka starter ute i sjøen, rører seg mot land, over åkrar og marker. Natur- og landskapsimpresjonane kjem inn i etterkant av det menneskelege. I boka finst kan hende også liner som rører seg mellom tekstane, slik at ein kan sjå dei i lys av kvarandre.
2)
a) å stikke hovudet fram når ein helst ynskjar å forsvinne.
b) å måtte svare journalistar på ståande fot, utan at journalisten har lese boka og utan å få sitje skikkeleg eller få tid nok til å tenkje gjennom svara.
3) Eg har ikkje gått på skriveskule. Det dei gjer på skriveakademia har eg sans for. Der er rom og ein konsentrasjon om tekstskapinga og om tenkinga kring skjønlitteraturen. Slik får forfattarane større medvit om kva ein tekst gjer og ikkje gjer. Heilt kontroll kan ein jo ikkje ha. Men trass i skriveskulane, ser ein jo at mange rare og uføreseielege vegar fører inn i skrivinga. At det er slik, trur eg er heilt fint.
4) Betale rekningar.
5) Eg er korkje for eller mot Knausgård. Og eg er korkje for eller mot maksimalprosa. Det tyder ikkje at eg er nøytral, kanskje. Anten så komprimerer ein eit stoff, eller så gjer ein alt ein kan for å strekkje det. Dei seks banda representerer jo både eit kunstnarleg stunt, ei prøve på forfattarens seigskap, der skrivinga - som fysisk arbeid - vert pressa til det ytste. Og så henter bøkene inn eit litt uvanleg stoff i skjønlitteraturen, dei støyter mot grenser, og det skal vel god litteratur gjere. Ein kan fascinerast av megalomanien, omfanget av prosjektet, men då ser ein først og fremst på sportsprestasjonen, men det er kanskje ikkje det viktigaste. Sjølvsagt fører mediesirkuset, som Knausgård ikkje sjølv er ansvarleg for, til at andre gode og meir stillfarne bøker hamnar i skuggen. Det er dumt.
6)
a) ein tanke som stimulerer meg til skriving: dette å gje tinga, det tause, det umenneskelege, biografiar. Det er kanskje ein idé eg neppe klarar å gjennomføre. Men trass i at idéen ikkje let seg fullføre, held det UMULEGE fram å begeistre. Og kanskje har den lite handfaste INSPIRASJONEN inspirert meg minst. Eg er så konkret i skallen at omgrep som INSPIRASJON og ÅND for meg berre kan forståast om ein samanliknar med eit flytande stoff, til dømes GASS. Så trur eg noko godt og vent først skjer om ein er vedhaldande, at noko oppstår undervegs i skrivinga, for skrivinga i seg sjølve er kanskje den viktigaste stimulansen.
b) Bilar og pengar er lite inspirerande.
7) Problemet er at eg ikkje veit korleis eg reagerer, det ligg utanfor førestellingsevna mi. Eg har inga tilsvarande røynsle å samanlikne med. Vert ein slakta, vil det vere eit eksperiment, der alle førehandsgjevne hypoteser neppe vil kunne gjere greie for all personleg, taus og uventa empiri som vil oppstå. Eit slakt kan i det ytre føre til mange og lange fotturar på byfjella i Bergen og omeign. Resten held eg for meg sjølv.
8) Eg er ikkje misjonær av legning. Skepsisen til å be folk lese særskilte bøker, heng saman med at det ikkje blir som ei anbefaling, men som på skulen, eit pensum, eit plagsamt imperativ. På ei anna side: noko av det finaste eg kan tenkje meg er å oppdage bøker ein ikkje visste fanst. I sommar las eg litt i ei doktoravhandling av ein Dr. Otto Krummel, Der Ozean, frå 1902. Det handlar om sjøkunnskap, havdjupnar, kva sjøvatn består av, uutforska område, kystar, øyer, navigering. Og faktisk om flaskepost. Sikkert ei heilt ubrukeleg bok sidan mykje av kunnskapane er heilt utdaterte, men likevel las eg med interesse. Ein må ikkje lese bøker. Men det er fint om ein gjer det. Gjerne bøker ein trur ein mislikar.
9) Biblioteket - gjeve at bøker finst, utlån er gratis og heilt fritt for alle borgarar - er den viktigaste og mest generøse institusjonen i eit demokrati. Mitt høve til biblioteket er nok litt ambivalent, men ikkje av grunnen nemnt ovanfor. Som stad er biblioteket ein slags hukommelseslabyrint der ein kan gå seg vill. Plutseleg er ein berre fortapt. Bibliotek-labyrinten har sine kyndige vaktarar som leier deg inn og ut. Om du går vill, slik det ligg i labyrintens natur, syt dei gode vaktarane for at alt hamnar på sin vane plass igjen. Og om du har fortapt deg i dei labyrintane som finst i ei bok, og ikkje rekk å levere ho inn, må du betale mulkt. Eg har hatt kroniske problem med å finne ut av labyrinten innan innleveringsfristen. Noko som har ført til at eg har betalt ei mindre formue i purregebyr. Med glede. Mitt lokale bibliotek, Landås bibliotek, er bygd av middel frå purregebyr. Av lesande folk som er treige og gløymer fristar. Det kan altså kome mykje godt ut av sommel.
(f. 1980) frå Bergen. Debuterer med novellesamlinga Victor Tukmakovs siste vinter (Vigmostad & Bjørke).
1. Boken består av seks noveller. Skrevet over en periode på 2-3 år. Boken gir et innblikk i livene til bekymrede menn og kvinner.
2. Hm. Det må være berømmelsen som utvilsomt venter. Å ikke kunne gå i fred på gaten, det gruer jeg meg til.
3. Jeg gikk på Skrivekunstakdemiet 2006/2007. Et på alle måter godt år. Særlig fint var det å kunne bruke et år utelukkende på skriving. Flinke lærere og medelever. Da jeg begynte på SKA var jeg temmelig grønn. Opptakstekstene mine var dårlige. Hvorfor de slapp meg inn, vet jeg ikke.
4. Honoraret går til regninger i all hovedsak. Det er litt leit. Skulle ønske jeg kunne gi et svar som fikk debutantlivet til å fremstå tiltrekkende, endog glamorøst. Men nei, husleie, strøm, det er alt.

5. Tenker ikke så mye på Knausgård. Han er jo i bunn og grunn en kvalitetsforfatter. Så det er hyggelig at folk leser kvalitet, men jeg lurer litt på hva det er som gjør at det har tatt så jævlig av. Mange har jo en kjærlighet til Se & hør, Her & nå, etc, hjemme hos Dan Børge, hjemme hos Toppen Bech; kanskje er det noe der, nå får man være hjemme hos Knausgård også. En forfatter. En villstyring. Vel er ikke Dan Børge helt tam han heller, bevares, men det er nok litt mer schwung over denne skjeggete, langhårete rabagasten. Han drikker, hører på rockemusikk, ligger med damer med eller uten deres samtykke. Helt vilt.
6)
a) Veldig vanskelig å si. Det er noe som skjer for min del, uten at jeg nødvendigvis reflekterer allverden over det. Må vel bli musikk, tenker jeg. Jeg sitter ofte med et headset med musikk på full guffe mens jeg skriver. Kate Bush har vært en stor inspirasjonskilde. Særlig platen The kick Inside. Og Dylan. Bestandig Dylan. Hørte også en del på Pierre Bensusan og Alasdair Fraser mens jeg satt og pusset på manus mot slutten. Ellers mye rart: Orgonskap. Sjakk. Jeg er også veldig glad i sprø folk, i den forstand at jeg lar meg inspirere av dem, men det må jo være noe med dem, jeg mener, i tillegg til at de er sprø. Lyndon Larouche kommer jeg på i farten.
b) Jeg har spilt en del poker i løpet av det siste året. Det har ikke inspirert meg en eneste lille smule i arbeidet med debutboken. Hvis du vinner en pott det er litt størrelse på, og i tillegg er litt heldig, så kan du banne på at du får en kommentar av typen: "u motherFUCKER, u lucky fucking Norwegian CUNT." Etter hvert, hvis en har spilt lenge, er uheldig, varmen stiger i hodet etc., så blir en også selv fort fristet til å kaste seg inn i denne sjargongen.
7. Det der prøver jeg å tenke veldig, veldig lite på. Men jeg ser på spørsmålet ditt, jeg leser det igjen og igjen, og tenker at det ville være lite hyggelig. Men når det er sagt, er det ingenting å gjøre med. Sørgelig i øyeblikket jeg leser slakten, men det ville nok gå over, og jeg ville forbli omtrent den samme.
8. Dette var heller ikke lett, men: 1) Haldor Laxness Sin egen herre. 2) Jonatahan Littell De velvillige. 3) Milan Kundera Langsomheten.
9. Det får bli et minne fra barndommen det da. Bokbussen. Den kom hver tirsdag, stoppet hundre meter nede i gaten. Tror det er blant mine første minner. Min mor og jeg som gikk ned dit. Jeg var utelukkende opptatt av dinosaurer. De hadde noen få bøker om temaet, som vi lånte, leverte tilbake, bare for å kort tid etter låne igjen. Dette var på svarteste åttitallet, så det er klart, en hvit (?) bokbuss full av dinosaurer hadde det med å lyse opp tilværelsen. Hadde det ikke vært hyggelig om Bybanen var fylt av bøker, at den hadde alle disse stoppene, la oss si den stod ett minutt, og så rasket en med seg det en kunne. Frem og tilbake til Nesttun. Ja, til Flesland. Hvorfor ikke hele veien til Flesland?
Foto: Ola Røe
(f. 1976) frå Bergen. Debuterer med romanen Lykkefeltet (Det Norske Samlaget).
1) Eg er i utgangspunktet ein kritisk lesar, som har blitt rausare etter at eg sjølv begynte å skrive. Boka er resultat av eit langt slit for å finne form til eit påtrengande materiale, kor sakn og melankoli er sentrale storleiker. Såleis ei typisk debutbok.
2) Å stadig bli bedt om å oppsummere boka i ei setning.
3) Eg har gått to år på Forfattarstudiet ved Universitetet i Tromsø. Læringskurva var bratt, om eg ikkje hadde gått der, hadde eg nok ikkje debutert i overskodeleg framtid. Eg er uhyre takksam overfor lærekreftene der: skrivekunstprofessor Liv Lundberg og professor i nordisk Henning Howlid Wærp, som sjølv debuterer med roman i haust: E8 Nord.

4) Til å leie meg inn i eit rimeleg kontorfellesskap. Leia er så låg at honoraret teoretisk sett kan vare i minst fem år. Men antakeleg vil ein del av det gå til å dekke akutte luksusbehov.
5) For, så klart! Som lesar er eg ikkje særleg plaga av realitetshunger, men er absolutt for mangfald i litteraturen.
6)
a) Bruer, og det å plutseleg oppdage at ein ven eg har kjent lenge, har høgdeskrekk.
b) Redsla for å bli lese som ein klam, kvinneleg intimforfattar. Eg meiner ikkje at det finst. Men angsten er der likevel.
7) Nei! Nei! Nei! Fitte! Roleg. Roleg. Helvete. Roleg. Arrogante dritt. Roleg. (No tar eg på meg joggesko og begynner å gå oppover i skogen bak huset, i oppkava tempo. Viss eg har åndsnærvér til det triv eg med meg mp3-spelaren og sett på Noir Desir: Noir Desir. Pustar og pesar, og snakkar høgt til meg sjølv.)
Men kjære, dumme lille anmeldar. Kven er det som slaktar ein debutant? Rutinerte anmeldarar gjer ikkje det. Nei! Gud, så patetisk. Du kan jo heller ikkje lese (veit ikkje ein gong forskjell på motiv og tema, til dømes). Har ikkje skjøna noko. Kan faen ikkje lese.
Etter ein times tur i skog og mark kjem eg heim og sjekkar mail og facebook for å sjå om det har kome sympatierklæringar eller liknande, men det har det ikkje, og vil ikkje gjere, og eg tenkar at folk kanskje er einige, at dei synst det er pinleg og latar som ingenting. Skamma sit i nokre veker, eg prøver å lese meldinga om igjen for å sjå om det kan vere noko i noko av det som står der, sannsynlegvis føler eg meg berre misforstått.
8) Ingen bøker er viktigare enn livet. Eg ønsker heller ikkje å uttale meg om førebilete.
Men eg kan gjerne nemne tre verkeleg gode bøker som eg kjem på i farta:
Erindringens bok av Péter Nádas
Simultan av Ingeborg Bachmann
Grøftetildragelsesmysteriet av Thure Erik Lund
9) Eg er mellom anna utdanna bibliotekar og har jobba som det, så eg er inhabil i dette spørsmålet. Men eg kan jo fortelje at mor mi brukte å setje meg og veslesøstera mi frå seg på barneavdelinga på Bergen Off. Bibliotek når ho trengte litt fri. Vi hadde vel ikkje full plass i barnehagen. Det gjekk veldig bra, ein dag sa ein bibliotekar til oss barna at det var heilt greitt at mor mi parkerte oss der, men at det hadde vore fint om ho også sa ifrå til dei som jobba der. Hovedbiblioteket er forresten bygd med skifer frå Vaksdal, heimstaden til mor mi. Det same gjeld Bergen Stasjon og Vaksdal kyrkje.
Foto: Tove K. Breistein
(f. 1979) frå Verma i Romsdalen. Debuterer med romanen Himmelreisande (Det Norske Samlaget).1) Himmelreisande er ein litterær fantasi og eit rått portrett av Sovjetunionen i 1957. Historia om romhunden Laika er bakteppe for ei handling fylt av venskap, kjærleik, svik, frykt og mord. Eg er utdanna filmregissør og brukar verkemiddel frå filmen i boka. Sjølv kjem eg frå Noregs minste bygd, likar å skrive om det eg ikkje kan og brukar resten av tida på å leve eit vanleg hardtarbeidande liv.
2) Å bli oversett? Det er nok det verste. 
3) Eg er Skrivekunstakademi-avkom og stolt over det. Her fekk eg ein ryggsekk med verkemiddel og ein litterær sjølvtillit som kom godt med som forfattar.
4) Eg skal fylle bokhylla opp med bøker, kjøpe meg ein hund og så er det vel på tida at eg kjem meg til Russland.
5) Kven?
6) Eg må vel innrømme at den raude sleiva i kjøkkenskuffa, eller kattane til søstera mi ikkje har gitt meg mykje inspirasjon. Dei ripsetande og hoppande hønene til bror min, derimot...
7) Eg kjem sporenstreks til å ta kontakt med mitt private kriseteam, som består av to gode veninner. Dei veit akkurat kva dei skal gjere: kjøpe inn haugevis av vin, fylle opp skåla med daimsjokolade og samtalen med trøystande ord om at meldaren berre er ein mislukka forfattar som ikkje forstår seg på stor kunst.
8) Om eg berre får velje tre: Kafka på stranden av Haruki Mirakami, Thomas F's siste nedtegnelser til allmenheten av Kjell Askildsen og Sara Stridsbergs Drømmefakultetet.
9) Mi magiske bibliotekoppleving fann stad på ein filial i den vetle fjellbygda Verma. 45 kvadratmeter var fylte til randa med alt frå biletbøker til LPar og leksikon. Eg var tolv år og hadde lese meg gjennom ungdomsreolen då eg fann eit eksemplar av Hulebjørnens klan. Nærare porno kom ein ikkje i Romsdalen på den tida.
Foto: Stian Olsen
(f. 1966) frå Tromøya ved Arendal. Debuterer med
romanen Makabre bikkjer (Det Norske Samlaget.)
1) Busett i Bergen med Nygårdsparken som næraste nabo. Har hund og barn. Kjenner kvart einaste tre og sti og statue i parken. Makabre bikkjer er ein landevegsroman, langt borte frå parken. Og ein slags jeger-roman. Rå og ekspressiv.
2) Å vakne med skallebank etter Makabre bikkjer Tour (torsdag 16. september) som gjekk frå Nobel Bopel Kafé til Regnhytta (ved store Lungegårdsvatn) med faklar og styrkedråpar undervegs.
3) Gjekk der for 14 år sidan, hugsar Eva Jensen. Ho tok oss med ut i friluft og bad oss lese dikta våre høgt. Dessutan var det ein som sa at å skrive ikkje er å kle tankane sine med ord. Eg blei flink til å lese, men måtte gløyme alt derifrå for å kunne skrive sjølv.
4) Ugh!
5) Eg vaks opp på same øya. Men han budde på Tybakken og eg på Yttersida, kjente han ikkje. Har lese andre bøker dette året, men jævla sterk vilje må han i alle fall ha.
6)
a) Sex, V. Solanas, daudmetall-bandet She Said Destroy og Kjersti Instefjord (redaktør på Samlaget).
b) Oppvasken, husvasken, klesvasken og dei fulle Coop-posane på veg over haugen i regnet.
7) Eg kjem til å ringe mamma, grine, og seie at ingen likar meg. Det var det eg visste, vil eg seie: dei skjønar ingenting! Då vil ho trøyste meg og seie at eg har rett, men likevel må eg ligge tett inntil hunden i time etter time for å falle til ro, eller stire på bøketrea i parken i pøsregnet, og grine endå meir, bøttevis.
8) Umogleg å svare på. Viktigare enn livet sjølv? Bøkstaven i parken, kanskje. Ein treskulptur som ligg midt i bakken. Det veks mose og sopp på bokstavane.
9) Eg elskar biblioteket nedst i Strømgaten. Då eg i 2007 verken hadde pengar, arbeid eller nokon som ville lese det eg skreiv og ungane sa me var fattige, då var helga redda om eg tok turen over haugen (utan å handle sjølvsagt) ned langs Strømgaten, inn på Fretex, og derifrå til Biblioteket med gratis leige av film, musikk, og bøker av typen Død på kreditt. Det siste høgdepunktet på turen var sjølvsagt Jernbanen: følgje toget med blikket ut av Bergen, opp på fjellet.
Kristin Sørsdal deltek på arrangementet Gamle og nye stemmer fra Skrivekunstakademiet tysdag 19. oktober 2010. Ho vil her framføre sin eigenkomponerte litterære performance "Slepp hunden laus!"?
"Hvis du ønsker å være forfatter, så skriv."
BERGEN OFFENTLIGE BIBLIOTEK5556 8500

Biblioteket i sosiale medier