De fortapte spillemenn

"Dirigentens taktstokk beveget seg uendelig bløtt og følsomt som følehornene på en sommerfugl." Slik tar William Heinesen oss inn i sitt univers der fire sarte kunstnarsjeler kjemper mot dei mørke, knugande kreftene i samfunnet.

"Langt ute i det kvikksølvlysende verdenshavet ligger et ensomt lite blyfarget land. Det ørvesle berglandet forholder seg til storhavet omtrent som et sandkorn til gulvet i en ballsal". Slik zoomar William Heinesen oss inn i si verd. Han pøser på med eit fyrverkeri av fargerike personar: Likhanen, Ole Brandy, Matte-Gok, Gråtekona, Krabbekongen, for å nevna nokre i dette mangfaldige persongalleriet. Berre navna er ein lesefest i seg sjølv. I tillegg er han ein mester i korte personriss, og det er ikkje vanskeleg å sjå for seg alle desse originalane som gjekk rundt i den færøyske hovedstaden Torshavn for omlag hundre år sidan.

Magisk realisme er ein sjanger som vi blei kjent med gjennom dei store latin-amerikanske forfattarane på søttitalet. Men Heinesen innførte element frå det absurde og fantastiske alt i 1950: "En tid hang det for eksempel ikke mindre enn sytten vindharper i tårnet, og de laget sannelig en konsert som gikk gjennom marg og bein." Det er klokkar og vindharpebyggar Kornelius Isaksen som tar oss inn i ei verd med blanding av fantasi og verkelegheit.

De fortapte spillemenn er ein roman bygd opp som eit musikkverk med fire satsar. Vindharpebyggaren har tre søner som alle lever for sang, musikk og litteratur. Den fjerde fortapte spelemannen er den mislykka teologen og filosofen magister Mortensen.  Dei fire er drøymande kunstnarsjeler og rusar seg både i kunsten og alkoholen. Drikkevarene florerer i denne småbyen som Heinesen på mesterleg vis får til å framstå som verdas navle. Dei tre vertshusa skaper eit miljø som utfordrar ei kristen pietistisk fråhaldsrørsle.

Og dermed er den karismatiske sparebankstyrar Ankersen på bana og gjer denne boka dagsaktuell: Ankersen kunne glidd rett inn i rolla som ein flammande refsar, ein  fundamentalist som vi kjenner på den ytterste kristne fløy, eller i tilsvarande rolle i det muslimske miljøet. Ankersen er overalt der livets glade spelemenn utfoldar seg. Det kristne fråhaldslaget Idun representerer dei mørke kreftene i samfunnet, og med ironi og satire avslører Heinesen dobbeltmoralen til desse dogmatikarane. Til tider er handlinga farseaktig med mykje besk humor på lur.

Borgarskapet får også passet sitt påskreve. Ein forvist dansk greve er som ein bohemisk påfugl som amtmannen og kyrkjeministeren har visse problem med: "Grev Olderup har jo noen eiendommelige forbindelser her i byen. Det er denne ... "etnologiske interessen", som han sier. Hm. Både amtmannen og ministeren trakk litt på smilebåndet, ikke det minste ondskapsfullt, heller litt anerkjennende, kort sagt slik man nå engang smiler av en adelsmann som er litt vidløftig av seg."

Dette er karakteristisk for den allvitande fortellarstemma til Heinesen: Det er med kjærleik han skildrar øyfolket. Til og med Ankersen blir tildelt forsonande eigenskapar. Men det er hos slitarane sympatien ligg. I bydelen Skinnholmen er husa skrale og det er knapt med arbeid. Ja, eit av husa bles ein dag på havet og spåkona som har nekta å flytta frå dette falleferdige huset, blir hardt skada. Men her kjem solidariteten og varmen til arbeidarklassen fram. Om dei har lite frå før, vert dei som kjem i hardt ver tatt hand om.

Dei fire spelemennene trer ut av historia på kvar sin tragiske måte. Likevel vert det ikkje ein dyster konklusjon på boka. Orfeus er son til den eine spelemannen, og allereie ein fiolinviritous etter øyfolket si meining. Den gamle sjøulken Ole Brandy med ring i øyra og utsjånad som ein slags kinesisk røvar, har forbarma seg over guten. Han får ordna plass hos den danske konsertmester Andersen, og heile Torshavn tar eit tårevått farvel den dagen han reiser ut i verda for å verkeleggjera alle draumane til dei fortapte spelemenna.

William Heinesen(1900-1991) fekk Nordisk råds litteraturpris i 1965 for romanen Det gode håb. Han har skreve ei rekke romanar, noveller og dikt. De fortapte spillemenn er hans mest populære bok og eit av hovedverka. Han var dessuten komponist og biletkunstnar, og levde det meste av livet på Færøyane.

 

Publisert 04.03.2013, sist endret 05.03.2013 - 15:05
Side-alternativer
Kategorier: