Tidsskrift: Juxtapoz, Artforum og Lodown

Anbefaling av dei tre tidsskrifta Juxtapoz, Artforum og Lodown.

Juxtapoz

Det amerikanske tidsskriftet Juxtapoz har halde det gåande sida midten av 1990-talet, no har det funne vegen til biblioteket! Kunst og kultur er hovudinnhaldet, med fokus på uetablerte kunstnarar og ”pop surrealisme” eller ”lowbrow art”. Du finn alt mogleg som rører seg innan kunst, illustrasjonar, leiketøy, foto, gatekunst med meir.

I februar-nummeret får me sjå Thomas Keeleys kunststykke, han lagar mykje objektorientert kunst, og likar å omforme daglegdagse gjenstandar til noko som får ei anna og overraskande tolkning. Ein annan kunstnar er Ryohei Hase frå Yokohama, han jobbar med illustrasjonar og måleri. Uttrykket hans er eksplosivt, og han brukar ofte dyr og menneske i bevegelse i bilda sine. Det er også bokomtalar i Juxtapoz, og i dette nummeret kan du mellom anna lese om filmmakeren/skribenten Harmony Korine sine samla fanziner, no utgjevne i bokform.

Mars månad byr mellom anna på intervju med D*Face som held til i London og lagar forskjellige kunstverk. Store billboard-trykk, stickers og installasjonar er noko av det han har gjort dei siste åra, det kan du sjå og lese om her. Det er også ein artikkel om Dzine som har designa nokre eventyrlege syklar.

Artforum

Artforum

Artforum oppstod i San Francisco på starten av 1960-tallet, og er eit av dei største engelskspråklege magasina innan samtidskunst. Bladet kjem ut 10 gonger i året og inneheld ulike artiklar, bok- og filmomtalar, intervju, omtalar av utstillingar og anna. Artforum er eit omfangsrikt magasin på omkring 250 sider, og er sjølvsagt fylt med lekre illustrasjonar og bilete.

I mars-nummeret kan du lese om Trevor Paglen som har eit prosjekt han kallar ”The other night sky”. Det dreier seg om skjulte astronomiske objekt; nærare 200 amerikanske romfartøy som er tilstades rundt i atmosfæra. Du kan sjå fotografi frå prosjekta hans og lese meir om arbeidet hans. Ein annan artikkel tar for seg musikkvideoar, med bidrag frå regissørane Michel Gondry og E*Rock, samt kunstnarar som kinesiske Cao Fei og islandske Steina.

Lodown

Lodown

Lodown er eit engelsk/tysk magasin med base i Berlin. Bladet er veldig visuelt og inneheld musikkomtalar, fotografi, artiklar om kunst, snowboard/skateboard/surf, fashion og meir. Mars/april nummeret skriv mellom anna om målaren Edward del Rosario, bandet Higamos Hogamos og har eit intervju med skodespelaren Clive Owen.

Juxtapox, Artforum og Lodown kan lånast med heim, men det aller siste nummeret er kun til bruk her i biblioteket, til me får neste nummer. God lesnad!

Nettsider:

Først publisert: 23.03.09

Publisert 06.07.2010, sist endret 06.07.2010 - 12:11
Side-alternativer
Kategorier: