Eg har ein førti år gammal knitrande skatt heime. Knitringa er sjølve beviset på at det er ein skatt; for slik er det med dei gode, gamle LP-platene. Litt knitring mellom spora, eller tendens til småhakk inne i låta, fortel at for eksempel «So long, Mariann» er blitt spelt igjen og igjen. Å rippa opp i slik gammal kjærleik kan vera ein risikosport, men då eg skulle kjøra østover på ferie blei lydboka «So long, Marianne», under tvil putta i cd-spelaren.
Marianne Ihlen er liksom hovedpersonen i denne boka, men då forfattaren Axel Jensen i 1954 jazzar seg inn i livet hennar og introduserer den nye radikale femtiltalsverda i Oslo, vert ho ein biperson i sitt eige liv. Axel Jensen er som ein karismatisk predikant og Marianne vert hans trufaste disippel. Men snart vert Oslo eit besteborgarleg fengsel med autoritære fedre som vaktpostar. Dei radikale må ut i den store verda, og Axel Jensen som både har vore til sjøs og på reise i Afrika, er ikkje i tvil om at ei kunstnarøy innerst i Middelhavet er rett medisin for kropp og sjel. Han skal skrive bøker, Marianne reisebrev til aviser og blad. Reisebrev blei det aldri, men derimot dagbøker som denne boka til Kari Hesthamar er bygd på.
Kari Hesthamar er ein prisbelønna radiojournalist i NRK, og som lydbok er fortellarstemma til Kari Hesthamar velfungerande. Når eg i ettertid også har lese boka som er skriven med ein allvitande fortellar, kan det bli litt nøkternt innimellom. Men med heile brev frå Leonard Cohen og Axel Jensen får biografien tyngde; den vert truverdig. Og som lydbok med Hesthamar si gode radiostemme kjem dette best til sin rett.
25 år gammal blir Axel Jensen i 1957 Knausa opp som den nye Hamsun. Suksessen med "Ikaros" fører til at han og Marianne får råd til å kjøpa sitt eige hus på Hydra. Den vesle karrige veglause øya er stoppestad for unge kultursvaler frå heile verda. Nokre på veg mot østen, andre vil berre finna seg sjøl på denne øya med mykje sol og varme, men lite vatn og elektrisitet. Fiffen frå Athen med skipsreiar Onassis i spissen og kulturpersonlegdomar som Gøran Tunstrøm, skaper eit samfunn som nærer kunsten, men ikkje ekteskapa. Ekteskapet til Marianne og Axel Jensen er mildt sagt turbulent. Axel Jensen har ei intens kunstnarsjel som ikkje har godt av den sterke ouzoen. Han blir eit ukontrollert fyrverkeri som eksploderer i hytt og pine sjøl etter at sonen lille-Axel er komen til verda. Om Jensen har funne dei rette orda i "Ikaros", strever han med å forklare at han er fråverande i lille-Axel sin kvardag: "Jeg roter efter ord, vil si noe om lille-Axel, men synes jeg er fattig på ord."
Ein dag dukkar Leonard Cohen opp som ein mild kanadisk bris. Cohen er tidleg på sekstitalet kun forfattar. Han får gode kritikkar, men salget går dårleg. Boka til Hesthamar gir eit godt innblikk i korleis Axel Jensen og Leonard Cohen arbeider fram kunstverka sine. Det er to ulike temperament som møtes. Cohen er ein behageleg kunstnarmann å bu i hus med, Jensen er svært ustabil når "Line" ser dagens lys på Hydra.
Etterkvart vert gitaren like naturleg arbeidsredskap som skrivemaskina for Cohen. "Bird On The Wire" klimprar han fram den dagen Hydra får straum og fuglane landar på leidningane. Gjennom det meste av sekstitalet er Marianne og lille-Axel eit refreng i Cohen sitt liv. Trekløveret reiser til New York, Oslo, Montreal og med Hydra som fast base, men på slutten av tiåret vert refrenget sjeldnare og sjeldnare spelt, og munnar ut i So long, Mariann.
I siste nummer av reisetidsskriftet Vagabond (05.2012) som finnes på biblioteket, er det ein reportasje frå Hydra:
"Hydras egenart er fabelaktig intakt - den er lekker, sjarmerende med et anstrøk av bohemia, liten, overkommelig og selvfølgelig i besittelse av trumfkortet - den korte distansen til Aten."
BERGEN OFFENTLIGE BIBLIOTEK5556 8500

Biblioteket i sosiale medier