Om å skrive

"Litteraturens blues: Men det aller beste er ofte de partiene hvor du sleit og sleit med hver setning og hvert ord, og virkelig møtte masse motstand". (Jo Nesbø)

Min Kamp, Min Ved, Mine Julekuler. Min ? Drøymer du om å skriva den neste boka som sprenger alle salskurver? Boka som tapetserer juletregolvet? Godt handverk må til. Orda må stablast, luftast og kilast inn nett der dei skal. Hans Olav Brenner kan få deg i gang. I "Om å skrive", har han intervjua 13 norske forfattarar om korleis dei skaper god litteratur.

Men la oss gå tilbake til jula 2010. Under juletrea dette året låg det haugevis av bøker med strikkeoppskrifter, og strikkepinnane hadde allereie gått seg julekulevarme heile høsten. Kjendisdesignerane Arne og Carlos ville visa vanlege folk at det ikkje var nødvendig med verken høg utdanning eller masse pengar for å ta del i designeventyret deira.

Høsten 2011 skjer eit nytt fenomen i bokverda. "Hel ved" skriven av Lars Mytting, blir like ettertrakta som Tine Meierismør. Forfattaren som er så godt som konkurs får bankkontoen fylt til randa. Mytting knuser sjølvaste Knausgård og passerer eit opplag på 100 000. Korleis klarte Mytting å gjera vedskier om til gull? Per Fugelli seier veding er ein måte menn viser varme og omsorg på: Burning Love. Dessuten er det vidunderleg konkret, mens vi ellers er omgjeven av mykje abstraksjon. Så har vi ihvertfall ein diagnose på fenomenet. Denne vedsjuka rammar hardast menn på veg inn i førtiårskrisa.

Mytting har kløyvd ord og ved eit par års tid. Motorsaga har bromma og øksa har jobba. Veden er stabla og tørka slik vedfolka tilrår. Kjærleik på kubbe er blitt Mytting sitt nye levebrød. Han har skreve bøker før. "Hestekrefter" handlar om bilar og mekking. Han viste brukbart handlag med bilorda, men rik og berømt vart han ikkje. Mytting sleit ei stund med å finne den rette forteljarstemma i "Hel ved". Den måtte ikkje bli for instruerande; måtte ikkje bli som ei bruksanvisning. Men til slutt sat forteljarstemma som lyden frå ei veltrimma motorsag.

Hans Olav Brenner - han som geleida oss trygt mot "Grevinnen og hovmesteren" 23.desember i lag med Hilde Hummelvoll - tilbyr no kveiksle (eller opptenningsved for dei som ikkje er inne i terminologien) - slik at forfattarskapen skal fatna eller ta fyr. Dei 13 utvalde deler erfaringar, tips og arbeidsmåtar i intervjua han har gjort, og det er minst 13 vegar som fører til Rom. Enkelte har ein plan, mens Per Petterson berre legg  i veg. I "Jeg forbanner tidens elv", skreiv han ikkje eit einaste kapittel som han hadde tenkt ut på førehand. Petterson vert skulda for å skriva så godt mellom linjene. Det er berre tull, seier han. "Man er god til å skrive på linjene, og det er det som skaper kunsten." Petterson er definitivt min mann. Eg har ofte leita etter dette mellom linjene utan resultat, men no er det slutt.

Karin Fossum er viktig på første og siste setning. Første setninga skal bryta eit segl som opnar opp heile forteljinga. Ho ser på språket som ein levande masse, nesten som leire. Og når ho skriv korte bøker vert kvar setning, kvart ord nøye vurdert slik at rytme og setningsmelodi er på plass. Det er viktig å setta punktum for dagen mens skriveformen er på topp. Dette går igjen hos fleire. Dag Solstad kan på ein god dag skriva fem sider. Av og til tek begeistringa over. Han føler seg som ein verdsmeister; tre ekstra sider berre renn på. Dei stryk han automatisk dagen etter. Heftig og begeistra er ingen god litterær kombinasjon.

Men ein forfattar må vera stormannsgal. Det meiner Jo Nesbø. Tenka seg til at folk skal betala fleire hundre kroner for å lesa tankane dine; for ikkje å snakka om all den tida du frålurer folk. Nesbø samanliknar seg med ein arkitekt. Han har hatt ein tendens til å lessa på med tilbygg, karnapp og utskjeringar som konstruksjonsmessig ikkje er nødvendig: Kill your darlings. Dessuten er omfattande research farlig. Tid, krefter og entusiasme brukt på researchen, må ikkje overstyra fokuset på den eigentlege forteljinga. Lars Saabye Christensen har som sjølvjustis at han aldri plukkar med seg meir enn tre ting frå researchen.

Det er på tide å avslutta, og i bakhovudet surrar det at den siste setninga er svært viktig. Den skal oppsummera eller vera ein naturleg konsekvens av den første setninga. Kanskje skal den munna ut i ein open slutt?  Det er få ord å velga mellom, og dei som er igjen må sørva resten av bokprosjektet. Saabye Christensen har sjekka handskrivne manus rundt om i bibliotekverda og i begynnelsen er forfattarane si handskrift pen og pynteleg. Den siste sida er eit kaos med pilar, strykingar og kommentarar. Det kan sjå ut som forfattarane er nær eit nervøst samanbrot. Eg lar Saabye Christensen oppsummera; konkludera korleis den optimale skriveprosessen bør munna ut: "Det er kullet som presses til diamant."

 

Publisert 09.01.2012, sist endret 09.01.2012 - 14:19
Side-alternativer
Kategorier: