Gunnhild Øyehaug - intervju og anbefalinger

Pling! Døren går opp på kafeen og Gunnhild Øyehaug åpenbarer seg. Et stort smil. Tilbake fra juleferie i hjembygden Ørsta. Gjennom det frostige kafevinduet ser vi en lysende blå bergenshimmel. Hvor er regnet? Øyehaug har opplevd et stort gjennombrudd som forfatter dette året. Åtte år etter debuten leverte hun den kritikerhyllede novellesamlingen ”Knutar”, nominert til Bragepris. En bok som har sirkulert som et begeistret boktips lenge. Inne i kafêvarmen er det nå Gunnhild som skal anbefale bøker, et krøllete ark. To rykende kaffikrus.
Gunnhild Øyehaug
Har det vært spennende å lage en anbefalingsliste?

Ja! Men det har vore nesten umogeleg å avgrense seg til 30. Sjølv om eg må innrømme at det kan virke som om eg nesten ikkje hugsar kva dei handlar om, når eg berre ser på lista. Eg trur kanskje det var difor eg byrja å skrive, - fordi eg har så dårleg hukommelse.

Kanskje det å huske dårlig er en forutsetning for skriving?

Eg trur nesten det kan stemme. Eg kan hugse korleis eg sat på rommet mitt, eg var vel 12 år, eg let att augene og prøvde å memorere, huske korleis det såg ut. Prøvde å pugge rommet mitt. Eg bestemte meg for at eg ville hugse for alltid korleis det såg ut akkurat der og då: at puta låg slik i sofaen, at det låg ei bok på pulten, at eg hadde det og det biletet på veggen, at det låg ein genser på golvet. Eg hadde ei slags tragisk tidsoppleving: eg hadde plutseleg innsett at rommet mitt og den augneblinken eg var i der og då for alltid skulle forsvinne, og det nekta eg!

Husker du det rommet nå?

I dag kan eg nesten ikkje hugse korleis rommet såg ut, berre at eg sat der og pugga og hadde denne intense og tragiske kjensla! Kanskje eg skriv for å ta vare på ting? Eg har òg alltid skrive dagbok ut frå same tanke.

Kan et minne også dannes fra noe du har lest, og kan det sammenlignes med et autentisk minne?

Det trur eg absolutt. Eg hugsar at før, då eg var mindre, kunne bøker blande seg med livet og det eg elles opplevde. Eg kunne liksom bli oppslukt av ei bok, gå rundt og leve i den. Og det kjendest om lag som noko eg opplevde. Og sjølv om eg ikkje har hatt akkurat den kjensla på mange år, trur eg at å lese bøker er ei erfaring på same måte som dei meir konkrete erfaringane ein gjer. Og at dei skaper minne,

Er det en spesiell bok du husker?

Eg veit til dømes at eg har minne som skriv seg frå Maria Gripes Agnes Cecilia – nærmast visuelle minne, sjølv om det berre er snakk om korleis eg visualiserte medan eg las. Og eg trur i alle fall at slike minne ubevisst kan bli ein del av det ein skriv. Eg las nylig opp att eitt av Henning Hagerups fine essay fra Vinternotater, han skriv om seg sjølv der han sit i eit rom og les og ser ut på himmelen som er heilt rosa. Han tenker at dette kunne ha vore midt på sommaren, sjølv om han veit at det er november, men han blir likevel så sterkt i tvil om kva årstid det er at han går bort og opnar vindauget og kjenner den iskalde novemberlufta strøyme inn i rommet.

Det minner da svært om noe fra novellesamlingen din ”Knutar”?knutar.jpg

Ja, eg forstod at denne situasjonen har jeg skrive sjølv, i en tekst der eg let Maurice Blanchot gjere nesten akkurat det samme. Eg har stole denne situasjonen frå dette essayet. Og eg er i dag ikkje sikker på om eg tenkte på det då eg skreiv det, eg trur det var bevisst, men det har eg i alle tilfelle gløymt no. Når eg les noko, blir det ein del av alt det andre eg brukar når eg skriv.

Kanskje alt man skriver stammer fra bøker man har lest?

Ja, kanskje. Ein har i alle fall lese ganske mykje av det ein har skrive. Eg trur det må vere slik. Men sjølv om ein på eit vis siterer, kopierer ein ikkje, det blir alltid noko nytt, ein vil alltid kombinere på nye måtar

Det er vel kanskje derfor det er så viktig å tylle i seg god litteratur, slik at det kan komme ut igjen i ens egne personlige form. Er det noen av bøkene du anbefaler som stammer fra en ung alder der bøkene fikk en sånn status?

Eigentleg ikkje. Desse lesingane stammer frå etter eg ble 20. Mi første store lesaroppleving var Maria Gripe, sjølv om eg ikkje har tatt ho med på lista. Frå Maria Gripe gjekk det etter kvart over til Margit Sandemos samla. Eg las veldig mykje då eg var 14-15 år. Men ikkje dei store romanane, med andre ord.

For Margit Sandemo kom aldri med på anbefalingslisten?

Nei, ho var spennande og underhaldande å lese, for all del, og eg trur eg tenkte slik at ho var trygg å lese, eg kom ikkje til å bli påverka av dette, tenkte eg, då eg hadde bestemt meg for å bli bli ein utruleg original forfattar som ikkje var påvirka av nokon! Dermed burde eg i grunnen ikkje lese noko som helst, anna enn slikt ein ikkje blei påvirka av, fordi ein var i stand til å sjå at det trass alt ikkje var noko bra. Ein idiotisk tanke! Eg blei grundig lei etter kvart, og slutta heilt å lese i ein lang periode. På gymnaset fekk eg derimot lesegleda tilbake, gjennom Olav Duuns ”Medmenneske”, ei a-ha-oppleving. Slik kunne litteratur vere! Ekte, rystande.

Listen din har en litteratur-grunnfag-feel, iblandet en porsjon galskap?

Ja, det stemmer at mange av desse bøkene er pensum på litteratur grunnfag. Det treng ikkje vere noko negativt i seg sjølv, trur eg! Møtet med universitetet blei avgjerande, for min del. Eit heilt år der eg las alt eg hadde gått glipp av. Og som eg kanskje ikkje hadde lese elles. Woolf, Flaubert, Joyce.

Skrev du selv da?

Ja, eg har jo skrive heile vegen, men det var etter grunnfaget at eg bestemte meg for å skrive ei BOK. Ein rar tanke kanskje, men eg sette meg rett ned i desember etter eksamen i grunnfaget og skreiv diktsamlinga Slaven av blåbæret, som blei antatt ganske umiddelbart. Det var eit sjokk. Eg hadde ikkje jobba så mykje med det.

Men bøkene du leste på litteraturstudiet var romaner, hvor kom diktene fra?

Eg er slett ikkje sikker. Men no er det på tide å innrømme at eg ikkje berre las Margit Sandemo i 14-15-års-alderen. Eg blei introdusert for Jan Erik Vold av den yngre bror min, som las Entusiastiske essays av Vold. Han lo og peika på eit svært lite dikt, som såg slik ut: ”hur länge? / tills havet sinat ut”.

Det diktet husker jeg også at jeg likte! Men hva betyr egentlig ”sinat”?

He, he. Eg veit ikkje! Eg trur det tyder ”tørka”. Men sjølv då, då eg ikkje forstod det ordet og i det heile meinte at det var totalt meiningslaust, fungerte diktet for min del, kanskje nettopp difor. At eit dikt kunne tillate seg å vere svært, svært lite og underleg og meiningslaust, at det ikke trong ein stor symbolsk struktur var ei frigjerande oppleving, og eg sette straks i gang med å skrive meiningslause, korte dikt. Det har vel vist seg i ettertid å ikkje vere fullt så meiningslaust som eg trudde det var. Det enormt uendelege svaret ”til havet tørkar ut” på eit spørsmål som ber om ei avgrensing: ”kor lenge?”, er eit fullgodt og meiningsfullt dikt. Eg las òg Olav H. Hauge og Halldis Moren Vesaas. Etter at eg byrja å skrive dikt, med Slaven av blåbæret, las eg nesten berre dikt i mange år, ingen romanar. Men eg trur ikkje at eg kjem til å skrive dikt igjen.

Men det fins mye poesi i novellene dine!

Ja, det trur eg. Eg likar blandingar. Korte tekstar. Prosa-lyrikk og slikt. Kanskje fordi eg har litt lite tålmod? Eg veit til dømes ikkje om eg kunne ha skrive nokon roman, eg ville aldri ha blitt ferdig. Richard Brautigan er inspirerande i så måte, han skriv romanar som er oppbygde av små, små kapittel, der kvart kapittel nærmast er ein eigen tekst. Slikt gir håp.

It’s a strange and beautiful world

Han skrev i tillegg kjemperaskt. En bok tok 2-3 måneder. Du har med hele tre bøker av Richard Brautigan, den melankolske hippie-drankeren fra San Fransisco?

Første gang eg møtte på Brautigan var i eit forord til ei svensk omsetjing av Baudelaire sine prosadikt. Der fanst diktet ”The Flowerburgers, part 8”. Det handler om poeten Baudelaire som opnar ei hamburger-bod i San Fransisco og puttar blomar i burgarane i staden for kjøt. Det slutter slik: ”And people would come in and say: What kind of a hamburgerstand is this?”

Ho, ho

Han er genial! Eg har ein tendens til å alltid drage han fram. Må alltid nemne han og Rimbaud, dei er fantastiske! Rart at Brautigan ikkje er meir omsett til norsk. Han er både såkalla ”lett tilgjengelig” og samtidig såkalla ”avansert”. Det er ei genial og sjeldan blanding. Akkurat no les eg ”In watermelon sugar”.

Den er god. Stappfull av merkelig humor og melankoli.

Tristheit og humor, ein perfekt kombinasjon. Og så er det noko med bileta han skaper, det kan nesten minne om Shakespeare, berre på ein vridd måte, kanskje. Han klarer å kombinere så mange element og samtidig skape eit fullenda bilete. Ein stad i boka ”the pill vs. the springhill mine disaster” skriv han om kjæresten Marcia, i diktet ”I lie here in a strange girl’s apartement”. I løpet av nokre få setningar bygger han opp ei stemning, ein situasjon, med små enkle element.

Hvordan?

Han skildrar korleis han ligg på senga, medan Marcia går rundt i rommet og er ulukkeleg, og solbrent. Det er ei giftig plante i vinduet. Ho opnar og lukkar ting. “She turns the water on, and she turns the water off.” Og så sluttar han diktet med å lage det mest hjerneblåsande biletet: han skriv først at lydane ho lagar er så fjerne at dei kunne kome frå ein annan by. Ein by der det er morgon, og folka i byen stirrar ut av vindauga. Berre dette er eit fantastisk bilete, at han bygger ut dette med at lydane hennar er så fjerne at dei kunne ha vore i ein annan by, og så at han konkretiserer denne byen og gir den folk som står og stirrar ut vindauga. Men så går han endå lenger: ”Their eyes are filled with the sounds of what she is doing.” Lydane ho lagar er inne i dei stirrande auga i den fjerne byen. Eg blir helt slått ut av slikt.

Og novellene hans som du anbefaler er jo utrolige. Brautigan tar seg friheter og bruker selveste Baudelaire som figur i tekster. Du er ikke snauere. Du lar også en sentral skikkelse i litteraturen vandre omkring lys levende i en av dine noveller?

Du tenker på Maurice Blanchot-teksten i Knutar? Det er eit kjempefrigjerande grep å bruke namnet til ein verkeleg person, i staden for å dikte opp eitt.

Det fins vel en tekst av Blanchot i ”moderne litteraturteori” på listen din. Mange forfattere er jo faktisk redd for litteraturteori! De er redd for å forstå for mye og miste hokus-pokuset?

Ja, eg forstår det ikkje. Eg ser ikkje heilt korleis det kan vere til skade å tenke rundt det ein driv med. Det er vel heller ein god ting. Eg trur verkeleg ikkje at ein ikkje får til å skrive fordi ein tenker for mykje på litteraturteori medan ein skriv. Litteraturteori er ikkje noko som nødvendigvis fjernar ein frå skrivinga, det kan like gjerne gjere ein nærmare. For min eigen del er det i alle fall slik at eg kan bli like inspirert av god litteraturteori som av god litteratur. F.eks av Viktor Sklovskij som er med i den antologien. Hans tekst var viktig for meg i ein periode. Han skriv om ”underleggjering” som litterært grep. Om korleis ein ved å skildre noko kjendt på ein underleg måte, gjer at ein kan sjå dette kjende som om ein såg det for første gong. Ein skal oppleve steinen som stein, skriv han. Det betyr òg at litteraturen ikkje er ei avsondra sone, uten kontakt med verda, men at den nettopp skaper kontakt ved verda. Litteratur blir slik ein måte å kome i kontakt med verda igjen på. Paradoksalt nok gjennom underleggjering.

Også for Daniil Kharms, som du anbefaler med boken Knakk! Et absurd mesterverk! Med et kjølig, nøkternt språk beskriver han det underlige?

Han likar eg så godt at det nesten er umogeleg å seie noko om han. I ein tekst skildrar han til dømes nøkternt og avis-aktig ein heil haug av folk og deira ulike og valdsame dødsmåtar, før han avsluttar med setninga: ”Gode mennesker, og så får de det bare ikke helt til, her i livet”. Eg er elles svært fascinert av slik avis-aktig språkbruk. Og av språket i Bibelen. Mosebøkene er nesten ikkje til å tru. Det finst ein passasje der om bæsj, for eksempel, med reglar for korleis ein skal oppføre seg, til minste detalj. Til dømes; er du i ein leir for krigarar, skal du grave ned avføringa di utanfor leiren, står det. Det står òg at ein skal ha ein kjepp i beltet sitt, og med den skal ein grave avføringa ned. Det er ei blanding av sirleg form og noko som nærmast liknar naivitet, og som gjer det ekstremt litterært, syns eg, utan at eg heilt kan forklare korleis.

Kharms har vel en utrolig personlig historie?

Ja, han blei forfølgd og fengsla av Sovjetregimet, fordi dei meinte det var anti-samfunns-bøker han skreiv.

Og det var det da også sannelig!

Definitivt. Dei opplevde vel absurditeten som trugande. Han måtte gå over til å skrive barnebøker for å overleve som forfattar.

Litterære skrive- og lesegrep

Skriving handler om å slippe seg løs, men det handler jo også om å frigjøre den helt nære, sanselige identifikasjonen hos leseren. Er det her en del av de andre anbefalingene dine kommer inn i bildet, Vesaas&co?

Eg vil nok ikkje seie det. Det er berre snakk om to måtar å gjere det same på. Eg opplever til dømes Kharms som minst like rørande og mogleg å identifisere seg med som Vesaas, sjølv om Vesaas ikkje nyttar slike underleggjerande grep. Eg likar begge delar å skrive på, og det viser vel att i ”Knutar”.

Den er jo virkelig sammensatt av helt ulike stiler, noen treffer meg personlig, andre ikke…

Eg trur mange opplever det slik, det er i alle fall påfallande korleis folk nemner ulike tekstar som deira favorittar. Det er nesten aldri den same. Men denne samansettheita gjenspeglar seg vel i denne lista. Eg er ikkje berre tilhengar av det absurde og surrealistiske, eg likar den såkalla realistiske stilen òg, Vesaas og Duras er fantastiske. Men sjølv dei ”realistiske” bøkene er sjeldan realistiske - Madame Bovary har til dømes eit sterkt fiksjons-medvit og spelar på det. slaven.jpg

Når jeg leser siste boken din, er det som om jeg leser en eksempelsamling i litterære stiler. Blir det viktig for deg å finne opp disse grepene, er det slik du jobber? Er det grepene du kicker på? Hvordan får du ”litterær tenning”?

He he. Den store avsløringa av korleis eg skriv! Men det foregår slik: eg får ein idè. Ein gong var det ei historie om ei jente som ikkje ville spele piano for bestefaren. Som absolutt ikkje ville. Her var det sjølve fortellinga som var det viktige, og det var ikkje rom for noko absurd i den. Med Blanchot-teksten var det annleis: då var det meir absurde bilete som melde seg etter at eg bestemte meg for å bruke namnet til ein fransk litteraturteoretikar og plassere han i eit rom der han skulle tasse ikring, litt einsam. Eg visste ikkje på førehand kva som skulle skje, men det viste seg etter kvart som eg skreiv. På slutten av teksten flyt plutselig den argentinske forfattaren Julio Cortazar forbi, og overtek fortellinga i nokre få linjer. Eg hadde ikkje planlagt det. I skrivinga har eg på sett og vis lita oversikt over grep, det som skjer, det skjer.

Det blir på mange måter en lek?

Ja, og når eg så les gjennom og ser kva eg har gjort, kan eg få ein annan distanse til både fortellinga og måten den er fortald på, og byrje stryke eller føye til, eller evt skrive heilt om. Men eg skriv aldri for ”grepet” sin eigen del. Det er noko eg vil seie, eller vise.

Sterke lesninger

Jeg har en teori om at de virkelig skjellsettende lesningene gjør man tidlig i livet. Noe som gjør meg virkelig glad er folk i femtiårene som sier at de har lest en bok som har forandret alt for dem! Er det noen av disse bøkene du har lest helt nylig?

Eg har ikkje lese så mykje dei siste åra, dei tinga eg har lese har vore mest i høve til oppdrag eg må gjere. Eg kan vel påstå at eg nærmast har vore i ein slags litteraturdepresjon, truleg fordi eg har halde så mykje på med litteratur, rett og slett. Det har nesten vore litt kvalmande å opne bøker. Det ser ut til å vere over no. Nylig las eg Olaug Nilssen si bok Få meg på, for faen og den var veldig bra! Det var første gong på lenge eg las éi bok på ein dag. Men når det gjeld bøkene på lista: veldig få av dei har eg lese nyleg. Det mest nylege må vel vere dei norske bøkene eg anbefalar: til dømes Ingeborg Arvolas Livet i et skilpaddeskall og andre historier, Eldrid Lundens Til stades og Silje Vethals diktsamling Lynne. Vethal har noko av det absurde, og eit skarpt blikk for mellom-menneskelege rørsler. Veldig imponerande, ho skaper sitt heilt eige univers. Veldig gjennomført. Og ordknapt. Veldig vanskelig å seie noe om.

Og det er vel ofte et kvalitetstegn at noe gjør sterkt inntrykk, men ikke lar seg forklare i ord?

Eg veit ikkje, ein kan vel meine det; at det ikkje let seg redusere. Men som oftast finst det eit språk for det, når ein får lese meir og tenkt meir. Dersom eg anmelder diktsamlingar, må eg alltid lese samlinga minst tre gonger. Og då får eg som regel sagt eitt eller anna.

Er det naivitet som går tapt i måten å oppleve litteratur på, når man analyserer, anmelder mye?

Nei. Eg har ikkje tru på nokon naiv naturtilstand som det er om å gjere å bli verande i. Ein har godt av å lese mykje, analysere, tenke, jobbe. Eg trur både ein blir ein betre lesar, og at ein får meir ut av det ein les, på denne måten. Eg meiner ikkje at ein skal sette seg ned å skrive ein femtensiders analyse av kvar bok ein har lese, og at ein godt kan lese noko berre for opplevinga sin del. Men når du spør om ein mistar naivitet, så må eg svare at det kanskje ikkje er noko forferdeleg tap, i seg sjølv.

Utenom allfarvei, Frankrike

En forfatter på listen din som veldig, veldig få i Norge har hørt om er den, i visse poetiske kretser, sagnomsuste nye franske poeten Christophe Tarkos?

Eg høyrde han lese på Bergen Poesifest i 2000. Ei uforgløymeleg opplesing! Det gjekk rykte om at Tarkos nettopp hadde fått slag, men òg at han var eit geni. Det gjekk lang tid før Tarkos endeleg kom gåande mot scena med tjukke, tjukke briller, på seg, han gjekk og snudde seg til alle kantar, og nærmast stirra på publikum heile vegen gjennom mengda. Ei lita kvinne heldt han i armen og støtta han opp. Det var ei litt nervøs eller spent stemning i salen, både fordi ein skulle høyre eit geni lese, men òg fordi ein kanskje var litt redde at han skulle falle saman. Og så byrja han å lese tekstane sine, enormt seint, og på fransk, noko dei færraste forstod. Det kunne nesten høyrest ut som ei øving i fransk uttale.

Jeg husker tydelig at han mistet krefter etter annenhver setning og at ledsagersken måtte overta og fullføre setningene. Som hun for øvrig leste uhyre raskt og følelsesløst!

Og etterpå las ein svensk poet dei svenske omsetjingane av tekstane. Og då viste det seg at tekstene var kjempemorosame, noko som skapte ein veldig befriende latter i salen. Eg har aldri opplevd noko som har gjort så stort inntrykk på meg på ei litterær scene. Så då kjøpte eg boka på svensk: Jag kammar mig. Den er fantastisk, og eg håpar han snart blir omsett til norsk.

Du anbefaler mange franske forfattere. Kan du lese fransk?

Med ordbok ved sida av meg. Eg har lest Duras på fransk. Og Rimbaud, som eg skreiv hovudfagsoppgave om. Men eg må definitivt ha ordbok.

Hvorfor vil du at folk skal lese Rimbaud?

Tja…he he, ein må ha god tid, for det første. Det er ikkje koselitteratur. Det krev konsentrasjon. Men han gir mykje, bileta er nærmast skjærende og sterke sansseopplevingar. Og det er forvirrende. Og ein finn ein utruleg paradoksal, absurd humor. Om ein skulle trenge ein annan grunn: litteraturhistorisk er han veldig viktig. Han er på mange måtar startpunktet for moderne poesi. Men den viktigaste grunnen er at ein vil få mykje igjen for å lese han, enkelt og greit.

Rart å tenke på at mens han skapte litterære mesterverk i tenårene, satt vi og leste Sandemo og Morgan Kane! Han har litt av en biografi?

Ja! Det er vanlegare å lese om ham, enn å lese noko av han. Han var aktiv som poet berre i ein periode på ca 5 år, frå han var 16 til han var 21. Då slutta han heilt å skrive.

Og et sagnomsust forhold til poeten Verlaine, før han uforklarlig la poesien bak seg og emigrerte til Afrika?

Det er vanleg å lese biografien hans inn i diktinga hans, og det kan ein godt gjere, men det er ikkje nødvendig, og eg er ikkje sikker på om det er den beste inngangen heller. For min del er i alle fall dikta sterke nok i seg sjølv. Eg visste ingenting om han da eg byrja å bli interessert i dikta.

Kanskje det er en god ting å ikke vite noe om en forfatter? Jeg f.eks liker godt svenske lyrikere, kanskje også fordi jeg ikke kjenner hierarkiet der borte, det er bare navn som jeg ikke vet noe om?

Det er gjerne slik at når ein kjenner ein forfattar, er det rart å lese bøkene. Ein ser gjerne ei heilt anna side enn den ein kjenner. Anne B. Ragde sa for eksempel i eit intervju at ho til vanleg var ein storkjefta trønder, medan ho er det stikk motsette i bøkene sine. Det kan heilt sikkert farge lesinga av ei bok, dersom ein kjenner forfattaren, eller kjenner biografien til forfattaren. Men det treng ikkje vere noko problem heller.

De fleste kjenner meg som en tjomslig type, men adresseavisen kalte meg en ”spennende mystiker”!

Kanskje du skal sy det inn i jakkeslaget ditt! Så slepp ein å lure når ein treff deg.

Eller tatovere det på overarmen. Men hvorfor sluttet Rimbaud helt å skrive?

Det vil alltid vere mysteriet om Rimbaud, og det vil kanskje farge lesinga av han, og spesielt av den boka som heiter Ei årstid i helvete, som blir rekna som det store farvel’et til litteraturen. Ein av konsekvensane av at eit geni gir opp å skrive, er jo at det kan virke skamfullt for oss andre å halde fram – det kan ein til dømes sjå på ein tekst Gunnar Ekelöf skriv om problemet. Han trøystar seg med at det litterære talentet opptrer som ein rus som ein som forfattar får utdelt i ulike porsjonar gjennom livet. Rimbaud fekk alt på éin gong, skriv Ekelöf, medan andre får det i små porsjonar heile livet gjennom. Slik blir det greit å halde fram å skrive også etter at ein har fylt 21.stol.jpg

Alle forfattere har vel litt angst for å måtte slutte å skrive fordi det blir tomt. Jeg føler alltid en viss redsel etter en bok.

Det kjenner eg igjen. Eg føler alltid at eg står på bar bakke når eg byrjar å skrive. Eg veit liksom ikkje om eg framleis kan skrive, og om eg kjem til å klare det. Ei ekkel kjensle, men sikkert nødvendig.

Hvor leter du, når du står på bar bakke?

Om å gjere å ikkje leite. Det skjer alltid tilfeldig. Men kanskje det berre er ein tvangstanke. At det MÅ skje tilfeldig. Etter Knutar følte eg meg heilt ferdig, eg hadde jobba med den boka i åtte år, og det kjendest som om eg ikkje hadde meir. Men så ser eg noko på TV, eller ser ein film, les noko i avisen, eller kvar det enn måtte vere, og så er eg i gang igjen.

Hemmelighetstilstander

Jeg har en kattunge hjemme som vi har kalt Sapfo, men jeg har faktisk aldri lest den kvinnelige, greske poeten!

Kattunge! Det beste som finst. Sapfo må du lese! Det er såre, nære dikt, sjølvutleverande, rasande, frekke, - det er merkeleg å lese dikt som er skrivne for over 2000 år sidan og likevel kjenne seg igjen. Og det er ekstra merkeleg å lese eit dikt som seier: nokon vil ein gong hugse oss. Og så vite at det er faktisk heilt sant.

De fleste norske lesere forbinder Inger Christensen med ”Alfabet”. Du anbefaler en essaysamling på dansk med den nydelige tittelen: ”Hemmelighetstilstanden”?

Eg kunne tatt med alle Christensens bøker! Men Hemmelighedstilstanden tok eg med fordi det er ei av dei beste bøkene eg har lese som handlar om det å skrive og å lese. Og det handlar om korleis litteratur er ein del av verda, korleis ein, når ein skriv, uttrykker verda. Ho meiner til dømes at preposisjonane (for, gjennom, over, under, ved, i, på, mellom) i seg sjølv er eit bilete på dei rørslene som eit menneskeleg medvit kan gjere. At ein til og med i grammatikken finn eit saman-likningsgrunnlag for det menneskelege, for måten verda fungerer og er sett saman på. Ho meiner der er eit hemmelegheitsfullt samband mellom språk og røynd, og at dette er poesiens måte å erkjenne på. At ein i poesien kan skape røynd.

Skriving er så utrolig komplekst, og likevel skjer det så spontant! Jeg tror faktisk at språket er en skapende del av bevisstheten, på et veldig dypt nivå.

Ja, slik tenker eg òg. Ei fast frase er jo ”og så tok det eine ordet det andre” – det skildrar noko av det som kan skje når ein skriv, at språket tek over. Ein kjem inn i noko ein ikkje har oversikt over. Nærmast som om eit anna slags medvit tek over.

Kanskje språkets egen automatikk?

”Språket” er eit så tørt ord, men det er samstundes det einaste som dug. Men det er vanskeleg å seie kva som er kva, språk, fantasi, medvit – eg veit ikkje. Når det gjeld språkleik er forresten Gertrude Stein fantastisk . ”Doktor Faustus lights the lights” – denne finn ein i norsk omsetjing i bladet 3T. Ho har slike minimale rørsler mellom setningane, gjentakingar, vridingar av same ord, same setning…ein blir rimelig ko-ko av å lese det, nærmast hypnotisert. Vanskelig tilgjengelig kanskje, men det gjer eit uutsletteleg inntrykk dersom ein først orkar å utsette seg for det.

Noen bøker har jeg så mye motstand mot å lese, f.eks Gertrude Stein. Men jeg har en løsning på det: jeg tar de med til syden som eneste bok. Uten aviser og tv, blir jeg nødt til å kjempe meg igjennom de. Jeg angrer aldri! Hvorfor har jeg så vanskelig for å lese Virginia Woolf?

Kanskje fordi språket hennar ikkje er så enkelt å kome inn i, det er lange setningar med mange perspektivskifte undervegs, observasjonar og tankar går inn i kvarandre. Men ein må berre halde ut dei 20-30 første sidene, så kjem ein etter kvart inn i det. Det finst knapt ein betre forfattar enn henne, trur eg.

For de sidene jeg faktisk leser er jo fantastiske. Kanskje jeg føler meg avkledd av hvor god hun faktisk er?

Ein bør sikkert ikkje samanlikne seg med henne nei.. Men ein kan lære mykje!
Til fyret har eg arbeida ein del med på universitetet. Di lenger eg heldt på med den, di meir makteslaus blei eg. Den er så ekstremt godt komponert og knytta saman i alle enkelte delar og detaljar. Samtidig blei eg slått ut av den heilt spesielle nærheita i teksten, av noko veldig gjenkjenneleg menneskeleg Slikt blir ein oppløfta av.

Jeg prøver meg alltid på Woolf i julen. Jeg får alltid et kjempeløft, men så vegrer jeg meg for å lese. Jeg får prøve igjen.

Då ville eg ha starta med Til fyret. Den handlar om to kvinner, om ei mor og om ei kunstnarinne, historiene deira er knytta saman. Mora prøver å skape ein heilskap i livet sitt, og alle andre sitt liv, og kunstnarinna prøver å måle eit bilete, der denne kvinna, mora, spelar ei rolle. Eg opplever at boka handlar om kva som er sant, kva som er ”inst” i eins eige liv, men òg om korleis det er mogleg å gjengi dette, skape det, eller måle det. Eller skrive det.

Og til slutt: et sammentreff

Rart at du plukker ut akkurat ”Svingstol” av Dag Solstad. En av hans minst leste. Den er formmessig ikke helt ulik din egen bok. Den var også Solstads andre bok? Sammentreff?

Ja, det var litt merkeleg, boka mi startar med eit sitat frå Christophe Tarkos, der han seier at ein må velje ein av to: ”anten spiralen, eller å bli kasta ut i lufta”. Solstad sin debut heiter Spiraler, så kanskje eg la inn ein umedviten hyllest. Men eg har i grunnen ikkje lese så mykje Solstad, det er først i seinare tid denne forfattarskapen har gått opp for meg. Svingstol las eg i avslutningsfasen av Knutar, og som du seier, den er kanskje ikkje heilt ulik mi eiga, på den måten at det er ei samling korte noveller, nokre ganske merkelege. Frigjerande, korte fortellingar, somme fortalt i eit tilnærma lik tørt, refererande avis-språk eller o-fags-bok-språk. Det fungerte nesten som ei slags forsikring på at det eg sjølv hadde gjort i manuset mitt ikkje var umogeleg. Slik skal gode bøker vere! Dei skal på ein eller annan måte seie: det du gjer, er ikkje umogleg. Det er i tillegg bra å ha noko å strekke seg mot.


Gunnhilds anbefalinger: sjekk ut disse bøkene!

Første gang publisert i tidskriftet Bok & Bibliotek, nr. 2 (2006) 72. årgang.

Foto: Rolf M. Aagaard

Henning H. Bergsvåg
Publisert 07.07.2010, sist endret 09.10.2014 - 14:49
Side-alternativer
Kategorier: