Jon Fosse - intervju og anbefalinger

Jon Fosse inn fra regnet. Terminus. Den gamle peisestuen. Av og til passerer skygger gjennom gangene. Høljregn ute, jernbanestasjonen. På det tunge langbordet står det en presskanne kaffi. Vi tøffer rundt på teppet, snakker litt om været, om Terminus, steder vi har bodd i Bergen. Å være ung og eksentrisk på Møllenpris. Om felles erfaring; den merkverdige formen for intimitet som oppstår når man leier rom hos gamle enker. Gleden ved å bo i Sandviken. Men anbefalingslisten, den har blitt borte i elektronikken, den befinner seg fortsatt på harddisken hjemme hos Jon Fosse.
Jon Fosse
Mars 2006

Hva gjør vi nå uten en liste?

Vi får snakke den fram! Det var ikkje så heilt enkelt å lage lista. Det er jo så mange bøker. Eg enda opp med bøker som, over åra, har betydd, og grovt sagt også framleis betyr, noko for meg. For å ta eit verk då, Sein und Seit av Heidegger. Eg har ikkje sett i det verket på tjue år, men til gjengjeld brukte eg no nesten eit år på å setje meg inn i det. Det har definitivt prega skrivinga og meg sjølv, så derfor tok eg det med. Ei anna bok som eg ikkje har sett i på endå lenge tid er Georg Trakls Gedichte. Eg las han for første gong då eg var rund tjue og det gjekk rett inn. Eg las han til og med på tysk, med grunnlag i dårleg skuletysk, og klangar frå Trakl har heilt klart prega poesien min. Så Trakl er med.

Hvilken bok er øverst på listen, tilfeldig eller ikke?

Den første boken på lista mi, det er Bibelen, 1938-omsetjinga, den såkalla ”Indrebø-bibelen”. Indrebø var forresten bestefar til Ragnar Hovland. Språket der…det er flotte tekster. Og no er eg med på å omsetje bibeltekster sjølv.

Møtte du på denne i barneårene?

Eg begynte ikkje å lese bøker før eg var tolvårsalderen. Men eg hugsar godt at lærarinna las Folket i dei kvite båtane av Johannes Heggland høgt for oss på skulen. Den likte eg godt. Men det var faktisk ikkje før eg begynte å skrive sjølv at eg også begynte å lese. Mykje av det eg las syntest eg var veldig dårleg. Og det var det nok òg. Det som ble verande var Tarjei Vesaas, noko av det første eg las av han var ”Isslottet”. Så vidt eg huskar tok eg vel ”Fuglane” eller kanskje ”Brannen” med på den lista, men det spelar no inga stor rolle. Vesaas må vere med. Og det må Hamsun òg, som eg las på den tida, og som eg enno les. Ein som ikkje får vere med som eg likte godt då eg var ung, eg las han i 14-årsalderen, er Bjørneboe og ”Jonas”. Eg var dårleg på skulen, og forholdet til lærarane var vel så som så. Og eg fann støtte hos Bjørneboe.

Du har sagt et sted at Bjørneboe var ein ”avgjerande lærar” for deg?

Ja, han var god å ha. Men han kom ikkje med på lista. Eg har prøvd å lese Bjørneboe seinare, men nei, eg har så stor avstand til Bjørneboe no at…ja urettferdig nok kanskje tok eg han ikkje med. Urettferdig på ei anna måte er det kanskje eg tok med Dantes Divina Comedia. Eg har vel vore innom alle delane der, men eg har ikkje lese alt. Helvete-delen har eg derimot lese mange gonger, og i fleire ulike gjendiktingar, på norsk, dansk, svensk, engelsk. Divina Comedia las eg første gong i utdrag då eg studerte litteratur. Og det er nok Magnus Ullelands relativt nye omsetjing er får mest ut av.

Du har et sted nevnt en motvilje mot bøker, kan det være ein grunn til at den ”seriøse” lesingen begynte så sent?

Bøker og skule er jo tett knytte saman. Og som sagt, skulen likte eg ikkje noko særleg. Og den motviljen var med meg ganske lenge. Eg kan faktisk framleis ane den. Men i sekstenårsalderen byrja eg å like bøker, og omtrent på den tida byrja eg òg å kjøpe bøker sjølv. Og det har blitt svært mange bøker, sjølvsagt, etter kvart. Eg likar kanskje best å kjøpe bøker på antikvariat. Eldre fine bøker gir meg og stor glede som ting. Men ein slags ambivalens det har eg vel…

Var det andre bøker du møtte i universitetstiden din?

Ja, dei åra opna for veldig mykje god litteratur. Då fekk eg lese Homer, for eksempel. Greske tragediar, mange av bøkene på lista mi er frå desse åra. Mange er dei gir kanskje ikkje så store leseoppleving slik med det same, men lesinga gir deg noko å strekke deg etter, noko framandt. Og du kan gå tilbake og tilbake til slike tekster. Det er kanskje meir dannings- enn opplevingstekster. Ein forfattar som ikkje er med, men som betydde mykje for meg for nokre år sida, er Thomas Bernhard. Men han blir det litt som med Bjørneboe, han var viktig i nokre år.

Hvilken periode snakker vi om nå?

Først gong eg trefte på namnet Thomas Bernhard var i 1989, då var han død og eg las nekrologen hans i den danske avisa Information. Det må ha vore ein god nekrolog, for eg prøve å få tak i noko han hadde skrive, og på den tida trur eg det fanst ein roman omsett til norsk. Seinare er mange bøker blitt omsette til norsk og svensk, men få til dansk. Eg har sjølv omsett to av skodespela hans til norsk. Det er forresten fleire på lista eg har omsett eller laga versjonar av, noko lite av Trakl, Hölderlin og Rilke, og stykke av Racine, Lorca, Kane, Harrower, Norén. Ja og til òg med Ibsen. Og altså nokre bibeltekster. Det å skrive seg gjennom ein tekst er jo kanskje i ein viss forstand å lese veldig grundig. Eg likar veldig godt å omsetje.

Du sier at du har trengt noen bøker i visse perioder i livet, jamfør Bjørneboe. Men er det andre grunner til å lese bøker. Hvorfor leser skriveren bøker? Hvorfor leser du bøker?

Eg begynte som skrivar, eg, så etter kvart fekk eg lyst til å lese det andre har skrive. Så eg er nok først og fremst skrivar. La oss si at det er ei legning, ein slags skrivarlegning. Andre har jo mest lesarlegning, og dei som er typiske lesarar blir jo gjerne bibliotekarar, lærarar, forskarar, universitetsfolk, formidlarar. Og ofte har jo slike folk ikkje så lett for å skrive sjølv, det er eit ork å bli ferdig med hovudoppgåva, for eksempel. Men eg har då litt av lesaren i meg eg òg, men det er veldig ulikt kva eg les i ulike periodar. Eg har jo vore yrkeslesar, som forlags-konsulent i Samlaget i ein del år, det er elles fleire år sidan eg gav meg, og som, medlem av Det litterære råd i fire år og sjølvsagt som skrivelærar, eg underviste jo i fem år på Skrivekunstakademiet. Då er det jobben din å lese og då legger du deg til ein rimeleg effektiv lesemåte, du les målretta. Kva du liker eller ikkje liker er uviktig. Det som gjeld er om det er godt eller dårleg. For mykje slik lesing kan i ei viss forstand øydelegge lesegleda. Men sjølv då eg hadde som mest pliktlesing prøvde eg og å lese ting eg hadde lyst til å lese. I dei åra var det vel Thomas Bernhard som var lystlesing.

Men det fins vel også en annen lesemåte, som befinner seg nært skrivingen?

Det kan det nok gjere. For nokre år sidan blei eg spurt om å skrive eit stykke i forhold til Ibsens Brand. Eg ville ikkje velje ut eit tema, eit motiv eller noko for å skrive i forhold til det. Det kjendest tåpeleg ut å gjere det slik. Så eg bestemte meg for å lese stykket og så begynne på den eigne skrivinga, eg ville altså så å seie prøve å skrive fritt i kraftfeltet rundt teksten, i ein slags skjult dialog med teksten. Slik skreiv eg stykket Barnet. Det er kanskje likevel vanskeleg å sjå at det har noko med Brand å gjere…Det var ein skrivemetode, eller kva eg no skal kalle det for, som eg likte, så eit par år seinare gjorde eg det same med Ein midtsommarnatts draum. Eg las stykket og i kraftfeltet frå stykket skreiv eg Draum om hausten. For eit par år sidan bad Deutches Theater i Berlin meg om å skrive noko i forhold til Faust. Det stykket eg skreiv, Varmt, skreiv eg på same måte. Og det har ein slags dark connection til Faust I. Og både Ibsen og Shakespeare er med på lista mi. Goethe trur eg ikkje eg tok med, men alt kan ein sjølvsagt ikkje nemne, heller. Forresten, første gong eg skreiv meg inn, for å seie det slik, i annan litteratur var vel i den første diktsamlinga mi, der er det små diktfragment av Trakl innimellom, og mange av dei egne dikt-klangane er skrivne i forhold til desse, i seinare samlingar er det med fragment av Hölderlin som fungerer litt på same vis.

Du begynte å skrive nesten før du leste. Hvordan er det i dag. Hvordan føler du at din egen skrift står i forhold til det du har lest, er den likevel en sum av dette?

For nokon er det slik, men ikkje for meg, eg er nok meir primitiv enn som så. Diktinga mi kjem frå ein annan stad. Det er eg sikker på. På den andre sida er det sjølvsagt rett at ein først må lære å skrive, og det på mange nivå. Men det er det ein bidrar med som ikkje er tillært som så å seie er diktinga.

Kan man vite for mye, bli for bevisst?

Ja, heilt sikkert. Då blir det ikkje dikting. Då eg var skrivelærar sa eg gjerne at ein skulle tenkje, og vere opptatt av teknikk og alt det der, både før og etter skrivinga, men ikkje når ein skreiv. Skriv, ikkje tenk, var det ståande rådet mitt.

Jeg har nylig lest dine ”Gnostiske essays” og der skriver du at mange av dine favorittforfattere i sine bøker er sterkt knyttet til et bestemt sted, ofte barndommens landskap. Finnes det en kraft man kan dra ut derfra.?

Ja, det er nok sant. Ein plass er eit geografisk og kulturelt landskap, landskap og betydning blandar seg. Når du veks opp på ein liten plass, i eit lite samfunn, kjem du i nærleiken av mange basiske krefter, dei samlar seg liksom i plassen. Kanskje er det i mindre grad slik viss du veks opp i meir urbant og ”abstrakt” miljø. Eg drog jo frå min vesle plass i sekstenårsalderen, som så mange andre, for å gå på gymnas. Og eg har ikkje budd i Strandebarm sidan. Men det hender jo at eg besøkjer foreldra mine der. Og eg merkar at eg blir veldig fort lada, altfor lada. Det er derfor eg ikkje kan bu der. Då hadde eg blitt psykotisk, he he…

Den følelsen kan jeg kjenne igjen.

Trist men sant.

Men en eller annen sted må jo denne kraften bak skrivingen komme fra. Et farlig sted i en selv. Kanskje det kan kalles en skygge. Og det kun i nærheten av den at det oppstår noe godt.

Rart at du bruker det bildet. Eg har nettopp skrive eit stykke som heiter Skuggar, det skal ha urpremiere til Festspela no i vår. Til det stykket har eg eit motto frå ein annan som er med på lista mi, frå Paul Celan, fritt omsett og etter minnet: ”berre skuggane snakkar sant”. Og det er blant anna derfor eg har vanskar med å reise og skrive samtidig. Skrivinga i seg sjølv er reise nok. Den er utrygg nok.

Hva skjer da når du sitter i trygge omgivelser. Hvordan kan du da utsette deg for den faren som driver skrivingen?

Når du er ung vil du så mykje. Du vil skrive. Du vil skrive slik og slik. Du vil vere flink, bevise at du er noko, liksom, men verkeleg godt skrive ein vel først når ein gir opp alt der der, når skrivinga så å seie berre skjer, når du så å seie ikkje vil teksten, men teksten vil seg sjølv.

Heidegger seier at ”kunst skjer”. Og det er sjølvsagt noko farleg i det, at du lar noko skje.

Og når ein så ikkje får det til, får til å skrive, så er det jo jævleg. Eg kan bli frykteleg deprimert viss eg ikkje får til å skrive.

Er denne skyggen større når en blir eldre fordi så mye mening er flyttet inn i ens egen skriving? At det blir nesten en religion, noe meningsbærende?

Det er vel både og det der. Har ein halde på med det lenge, så er det vel ikkje så trugande lenger, då er du blitt sånn, det er ikkje så mange alternativ igjen, ”det var no mitt liv”, liksom. Det har vel med det å bli eldre i seg sjølv å gjere. På eit punkt vipper det over. Eg er sjuogførti og då har eg meir fortid enn framtid. Sjølvsagt er det truleg fleire år igjen, både til liv og skriving, får ein håpe, men sjølvsagt skal det ta slutt. Det veit jo alle, og alle er vel også litt redde for det. Og sjølvsagt kan skrivinga ta slutt sjølv om livet held fram. Og frykten for ikkje å få til å skrive lengre har vel alle forfattarar. Men sant å seie tenkjer eg lite på det. Det plagar meg ikkje, forsåvidt verken tanken på at livet skal ta slutt, eller på at skrivinga skal ta slutt.

Hvis vi går tilbake til tiden da du begynte på universitetet, så du på deg selv som en skriver da?

Nei, slett ikkje. Det var vel tilfeldig at eg hamna i Bergen og på universitetet. Noko måtte ein jo gjere. Eg hadde god artium, så eg lurte på om eg skulle utdanne meg til noko, bli psykiater… Men eg begynte å studere sosiologi og så begynte eg å jobbe ved sida av studiane som journalist i Gula Tidend. Det likte eg veldig godt. Sjølve skrivinga vel å merke. Det eg ikkje likte med å vere journalist var reisinga og telefonane. Men eg skreiv ei novelle og vann ein novellekonkurranse i Studvest. Stort bilde på framsida. Fæla oppstyr. Eg budde jo på studentbyen på Nattland den gongen og alt saman var veldig ubehageleg. Det er no og ei side av det å vere forfattar, det å vere offentleg person…ja ja, men eg skreiv i alle fall deretter ein roman som eg sende til Samlaget og fekk ei svært entusiastisk konsulentfråsegn, men kosulenten meite det var altfor mykje gjentakingar, eg hugsar at han brukte uttrykket redundant redundas. He he. Han meinte at eg burde kutte manuset ned til det halve. Eg prøvde å gjere det, men då blei jo manuset nesten dårleg. Eg, som alle andre, hadde skrivemaskin på den tida, og eg hadde berre ein kopi. Så eg prøvde å skrive det om igjen og ta inn att ting eg hadde stroke og kasta. Og romanen, Raudt, svart, blei i alle fall betre. Den kom ut våren 1983, etter å ha lege over eit år på forlaget. Og då var på ein måte ulykka skjedd. Stort intervju i BT og greier, så no visste alle, slekt, venner og uvenner at eg var forfattar, liksom. Plutseleg sat eg der og var forfattar.

Hvordan merket du at var blitt ”forfatteren”?

Eg hadde ikkje noko ønske om å bli forfattar, i alle fall ikkje noko stort ønske, på den der tida hadde eg det vel berre vondt, heldt eg på å seie. Og sånn var vel manuset og. I alle fall slik det var før det blei korta ned. Eit mørke, ein energi som var heilt vill. Sånn er det vel når ein er rundt tjue..he he. Så skreiv eg min neste roman, Stengd gitar. Eg hugsar at eg då eg gjekk og skulle sende manuset til forlaget var heilt bestemt, og det skreiv eg då også i eit brev eg la ved: ville dei ha manuset, fekk dei ta det, eller la det vere. Take it or leave it. Noko slags konsulentråd hadde eg i alle fall ikkje tenkt å følgje. Då fekk det heller vere det same.

Men forlaget ville no gi ut boka slik den var. Samtidig skreiv eg dikt. Romanane var jo så svarte og tunge at dikta pressa seg fram nesten nødvendig, det var jo sjølvsagt ikkje berre slik som romanane sa at det var. Og i dei tidlegaste dikta er jo Trakl med som ei slags ånd.

Hvilken funksjon har lesinga av litteratur for deg nå?

Dersom eg les ei bok som verkeleg er god, så gjer den noko med meg. Du kjenner deg sjølv litt betre etter å ha lese boka. Det er som om du møter noko du veit om, kjenner til, men som du likevel ikkje visste om. Det er både ei utviding og ei stadfesting. Sist det skjedde var då eg las Pessoas Uroens bok. Det blir gjerne langt mellom slike opplevingar. Den boka eg nettopp har lese er Garborgs Kolbotnbrev. Det var ei flott bok å lese. Og som eg sjølvsagt burde ha lese for lenge sidan.

Hvorfor tror du de store leseopplevelsene kommer tett tidlig? Kanskje det er mer plass i bevisstheten tidlig?

Ja, det er meir plass, sjølvsagt. Og dessutan er ein jo ute etter å finne noko å fylle plassen med òg, sjølvsagt. Seinare held du kanskje meir på med det som alt er der, det du er blitt opptatt av.

Samtid

Du debuterte selv på 80-tallet, gjorde du viktige lesninger i din egen generasjon?

Eg blei jo kjend med nokre skandinaviske forfattarar omtrent på min alder på åttitalet, Søren Ulrik Thomsen, for eksempel, både lyrikken hans og ikkje minst poetikken hans Mit lys brænder betydde mykje for meg, som for mange i min generasjon. Ein annan poet som eg likte då og som eg liker endå, er Katharina Frostenson.

Frostenson var forresten for et par år siden i det rommet vi sitter i nå og hadde en storartet opplesning..

Ja, dumt eg ikkje var der då. Men ofte foretrekker eg å halde meg unna.

Har du tatt med nyere norske bøker på listen din?

Det er sjølvsagt mange eg kan nemne. No kom vel Paal-Helge Haugen med på lista, Eldrid Lunden trur eg kanskje rauk ut på målstreken, men Georg Johannesen er med og Olav H. Hauge.

Jeg har lyst til å spørre deg litt om Hauge, hva er ditt forhold til han?

Hauge las eg tidlig. Han og Tor Jonsson var nok dei første lyrikarane eg las ei heil samling av. Tor Jonsson har eg vel eit liknande forholdd til som det eg har til Bjørneboe, han er heller ikkje med på lista. Men Hauge har nok ikkje påverka meg så mykje, eg har nok henta meir påverknad frå gjendiktingane hans enn frå dei eigne dikta hans. Og så såg, og ser, eg veldig opp til den Hauge var, staheita, veridigheita, visdomen. Trakl las eg forresten for første gong i Hauges gjendikting. Forbaska godt gjendikta. Både Celan og Trakl. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å ta med noko av nolevande diktarar, i alle fall ikkje nolevande norske, med eg gjorde det no likevel. Det er så mange eg har likt å lese i åttiåra og utover der. Kjartan Fløgstad har ei språkbehandling og ei kraft som…for eksempel i Fyr og flamme. Det same med Solstad. Eg las krigstriologien då eg gikk på gymnaset, den var no så som så, men det var med Roman 1987 at det verkelig tok av for meg. Litt seinare las eg Ragnar (Hovland), bøkene hans…og Rolf Sagen, mange.

Rolf Sagen, ja. En litt skjult forfattar som flere forfattere har trukket fram. Hvilken bok anbefaler du?

Springfart ved fjorden, kanskje. Men det kunne òg ha vore andre. Eg har vel lese alt Rolf Sagen har skrive og synst han er ein underkjend forfattar. Han har noko heilt eige. Eit ganske eige blikk …Diktsamlingane er fine òg. Men det har vel og med det å gjere at eg har kjent mannen i tjue år og meir enn det.

Det ryktes at dere går på travbanen sammen?

Det har vært gode pausar i livet for meg. Men målet for spelet er ikkje større enn at vi er godt fornøgde om vi speler inn det vil legg ut, he he. Rolf har noko…veldig vestlandsk, i beste forstand, i si dikting.. Vi snakka om plassen. Slik er det vel med Hovland òg, på hans vis. Begge gir Vestlandet poesi. Eller drar poesi, som nok er ganske universell, ut av det vestlandske, ut av den vestlandske plassen.

Hvilke bøker av Ragnar Hovland vil du anbefale?

Av Hovland tok eg faktisk barneboka Bjørnen Alfred og hunden Samuel. Av ulike grunnar. Eg hugsar då den blei lansert med pressekonferanse. Då sat Ragnar og eg på scenen kledd ut som hund og bjørn. I ei pappeske.

Andre nålevende?

Eg har sjølv vore lærar for mange av dei yngre forfattarane. Eg var berre fem år på Skrivekunstakademiet, men det verkar som om så godt som alle som då gjekk der har debutert. Og så har eg vore konsulent og så vidare. Og det kjennest også litt feil ut å trekke fram den eine og ikkje den andre, for å si det sånn. Eg har vore lærar for mange av dei. Men ifrå dei aller, aller siste åra blant dei eg ikkje har vore borti, vil eg seie Ingrid Storholmen. Krypskytterloven. Frå min eigen generasjon har jo folk som Finn Øglænd, Øyvind Berg, Jan Kjærstad, Ole Robert Sunde og Anne Bøe vore viktige for meg, ikkje minst som menneske. Og så sjølvsagt Tor Ulven. Men han tok eg vel også med på lista mi. Men så kjem det jo stadig nye generasjonar, og…ja og ein skal vel ikkje seie så mykje om dei som er yngre.

Komikk

Jeg intervjuet Ragnar Hovland for litt siden og han fremhevet humoren i tekstene dine?

Dei tidlegaste romanane mine var i alle fall ikkje komiske, dei var heilsvarte, ein slags heavy metal-litteratur. I Bly og vatn oppstod det ein slags komikk, som ikkje var intendert, det berre blei sånn. Det blei tragikomisk på eit vis. Då eg seinare begynte å skrive for teater blei vel dette tragikomiske endå tydelegare.

Også i romanen din ”Morgon og kveld” følte jeg at humoren var svært tilstede?

Litt i den òg. Som i alt eg har skrive etter at eg blei litt eldre, for å seie det sånn.

Jeg synes jo at denne komikken er med på å gjøre boken enda bedre…

Ja, sjølvsagt. Eg hadde ikkje orka å skrive slik som eg skreiv dei første åra. Og eg hadde i alle fall ikkje orka å lese slik litteratur. Men samtidig kan det vere rett både å skrive og å lese, det har med kvar ein er i livet å gjere.

Kanskje en parallell til Beckett, han hadde også mye tragikomikk?

Jo, det gjer det jo. Det har også noko med eit slags irsk litterært lynne å gjere. Ein annen ire eg har med er Flann O`Brien: Den tredje politimannen. Hos han er sjølvsagt det komiske endå viktigare.

Hvis man går ut fra at livet er meningsløst, det kan vi vel slå fast, så kanskje en dyp erkjennelse av dette for en kunstner må slå ut i komikk?

Om livet er meiningslaust eller ikkje, det skal eg ikkje ha sagt noko om. Men sikkert er det at dei mest intense, dei mest fylte, momenta eller augneblinkane på tetaret både kan få ein til både å le og å gråte. Enten det eine eller det andre. Eit moment som har ein slags fortetta innsikt i seg kan enten bli veldig morosamt eller veldig trist. Og ulike folk kan reagere enten med latter eller med gråt på nettopp det same.

Hos meg så er det sånn at når tragikken blir dradd tilstrekkelig langt ut, skjer etter hvert en overskridelse, og der bryter latteren ut uungåelig…

Ja, eg har vel stivbeint uttalt ein gong at i ein god forestilling skal ein både le og gråte. Men teatret er jo også veldig basalt, slik latter og gråt sjølvsagt er heilt basale menneskelege uttrykk. Tenk berre på maskene, den smilande og den gråtande. Dei har følgd teatret frå første stund og til i dag.

Dag Solstad har vel dette også, han drar også situasjonene ut så langt at komikken oppstår?

Eg synest han kan skrive uhyre komisk, utan at tragikken er fråverande, sjølvsagt. Han sa vel i eit intervju ei gong at han ikkje skreiv komisk og at komikken i så fall var utilsikta. Slik er det vel med meg òg. Og det er vel her humor og komikk skil lag. Når du driv med humor er målet å vere morosam, når det er komisk berre skjer komikken, for å seie det slik. Humorlitteratur har eg ikkje større sans for. Den store komiske klassikaren må vel elles vere Don Quijote.

Du har før skrevet om skriften og døden. Litteraturvitaren og gnostikaren Harold Blooms tanker om skrifta som ei måte å lære å dø på. Når jeg skriver har jeg en kraft, en følelse, et indre uttrykk, og med skriften så begraves den og dør, og etter hvert blir den uvedkommende for meg?

Litteraturen lever jo uavhegig av forfattaren, den har sitt eige liv, forfattarens død, litteraturens liv, på ein måte. Og litteraturen har jo, som vi har kalla det, med skuggar å gjere, og med destruksjon også. Og kanskje har den også noko å gjere med å prøve å lære seg opp til å forholde seg til den totale destruksjonen, til døden. Det er vel dette Harold Bloom, som er med på lista mi, er inne på. Og han meiner vel at ein i god littaratur kjem i kontakt med ei sterk sjel, ein sterk individualitet, med det som er sterkt i ei sterk sjel, det gnostikarane kallar ”Gud i mennesket”. Og kjem du i kontakt med det i andre, for eksempel gjennom litteratur, kjem du i kontakt med det i deg sjølv. Det er fint tenkt, men om det er slik, det er sjølvsagt eit anna og kanskje mindre interessant spørsmål.

Klokken er blitt 12. Kirkeklokker helt fra Korskirken? Nå skal påskeferien begynne, plenty tid til å lese. Skyvedøren i glass går opp, utenfor er jernbanestasjonen fortsatt innhyllet i duskregn. Det kan ingen litteratur forandre på.


Jons anbefalinger: sjekk ut disse bøkene!


Litt skjønnlitteratur:

  • Rainer Maria Rilke: Duineser Elegien (også gjerne med støtte i Thorkild Bjørnvig: Duino elegier)
  • Federico Garcia Lorca: Collected Poems (eller eit fint dansk Lorca-utval ved Peer Sibast er De døde har vinger av mos, pluss fleire andre norske utgivingar)

Litt teori, filosofi, kritikk:

  • Horace Engdahl: Den romantiska texten

Eg hadde eigentelg ikkje tenkt å ta med noko av nolevande diktarar, i alle fall ikkje nolevande norske, men eg tar med nokre:

Første gang publisert i tidskriftet Bok & Bibliotek, nr. 4 (2006) 72. årgang

Henning H Bergsvåg
Publisert 07.07.2010, sist endret 29.02.2012 - 14:43
Side-alternativer
Kategorier: