Ein får nesten ta det som det er. For ringreven frå Wu Tang Clan gjer for så vidt det han er aller best til, nemleg å synge om damer - og då gjerne på ein ganske så rett fram skitten måte. Under aliaset Ghostdini tryllar han fram sine underhaldande rim og sjølvskrytande tekster under eit teppelag av snertne beats. Det ”alvorlige” unntaket i all moroa er Lonely, der playeren Ghostface sjølv syng audmjukt om saknet etter eksen. Som seg hør og bør er det også ein kredibel samling namn med på gjestelista her, deriblant John Legend, Kanye West, Ne-Yo og Raheem Devaughn.
MySpace: www.myspace.com/ghostface
BERGEN OFFENTLIGE BIBLIOTEK5556 8500

Biblioteket i sosiale medier