Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
by Nettredaktør last modified 2018-07-17T10:41:51+00:00
På Biblioteksøk kan du låne frå alle norske bibliotek.

Med eit enkelt søk på bibsok.no kan du finne bøker, lydbøker, filmar eller musikkinnspelingar frå heile landet. Ved å logge inn med Nasjonalt lånekort, kan du bestille til ditt lokale bibliotek. Du kan også få direkte tilgang til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket.

Biblioteksøk finn du på bibsok.no

Nasjonalbiblioteket står bak den nye tenesta. Alle folkebiblioteka, dei fleste fagbiblioteka (alle universitet og høgskular) og også bibliotek på mange
vidaregåande skular er med i Biblioteksøk. Når Biblioteksøk skal finne ei bok, vil tenesta først leite i det næraste biblioteket ditt (hentebiblioteket ditt). Har ikkje dette biblioteket boka, vil Biblioteksøk søke vidare i næraste neste bibliotek, og finst boka der, vil boka bli send til hentebiblioteket ditt. På den måten vil Biblioteksøk sørgje for at bøker som blir bestilt frå andre bibliotek, får kortaste og mest mogleg effektive reiseveg. Finst ikkje boka på ditt hentebibliotek, kan det gå om lag ei veke før du kan hente boka på biblioteket.

Ta kontakt med ditt lokale bibliotek eller bibsok@nb.no om du har spørsmål.

Gå til bibsok.no.