Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av herdis — sist endret 2016-09-29T13:54:58+02:00
Endring er bra. Det prøver eg å seie til meg sjølv kvar einaste dag.

Nyleg såg eg eit bilde av ei spesiell gravstøtte på Voss. I staden for å sette opp ei gravstøtte i stein, hadde nokon satt opp ein liten benk. Øverst på benken var det gravert inn Her kvilar, og under var det festa ei plate med to namn, mest sannsynleg eit ektepar. Benken var ikkje stor. Den var tilpassa gravstaden og stod der, midt mellom dei andre gravstøttene i stein, og oppførte seg som alle dei andre gravstøttene.

Bildet dukka opp i feeden min på Instagram. Nokon hadde sett noko spesielt - og ville vise det til nokon andre. Eg likte bildet og delte det vidare til vennene mine. Dette fine initiativet, ville eg at fleire skulle sjå. Eg ville dele tanken min: Vi treng ikkje alltid å gjere ting som vi alltid har gjort det.

Vi er inne i ei ny tid, seier mange, og peiker på endringane som har skjedd: Reisebyrå, fotobutikkar og postkontor finst knapt lengre. Alle må forhalde seg til at internett har kome for å bli, og at vi ikkje treng dei gamle tenestene slik vi gjorde før. Nye tenester kjem og truer det etablerte. No kan du til dømes logge deg inn på nettsider som Airbnb, og bestille og leige rom heime hos folk over heile verda. Hotellnæringar i fleire land kjemper i mot. I fleire statar i USA har dei laga nye lover og reglar for å beskytte seg frå denne nye tenesta. Ei anna internasjonal teneste som i desse dagar etablerer seg i Noreg, er Uber. Uber koblar sjåførar med folk som vil sitte på. På lik linje som hotellnæringa, rustar drosjenæringa i fleire land opp til kamp, og krev nye lovar og reglar.

Mediebransjen i Noreg er også trua. Det er berre nokre få år sidan dei hadde klokkartru på papirformatet. Folk argumenterte, sa at ingenting kan erstatte kjensla av å bla i papir. No har mediabransjen derimot innsett at digitale løysingar er framtida og at det er Facebook og Google som er bransjen sine største konkurrentar. Ikkje berre fordi desse nye tenestene er så mykje meir interesserte i oss som bruker tenestene (ved at dei samlar all informasjon om korleis vi kommuniserer og med kven, og tilpasser seg deretter), men også fordi vi som bruker tenestene, har mindre tid til å lese heile avisa slik vi gjorde før. Vi får fleire og fleire tips om kva vi skal lese frå venner og bekjendte, om det vi er interesserte i, når vi har tida til å lese det. Eg har ikkje tal på kor mange kronikkar og artiklar eg har lese om kor skadeleg internett og sosiale medier er for oss. Nye tider, tenester og verktøy er vanskeleg for folk. Men er det ein ting som er udiskutabelt bra med sosiale medier, er det at dei endrar seg kontinuerleg, og at folk blir vande med forandring.

Vi er alltid inne i ei ny tid. Det skjer alltid ei utvikling. Trikset er å finne gode løysingar og tenester folk er interesserte i å bruke. Bergen Offentlige Bibliotek er i dag fullt av papirbøker, men eitt framtidsscenario er at også bøkene blir digitale. Korleis dette vil endre biblioteka, vil tida vise, men vi er allereie godt inni ein endringsprosess. Vi går frå å vere ein stad der folk låner bøker, til også å bli ein møteplass og ein arena for læring. Vi har ope kvar einaste dag, og vi fyller huset med litterære arrangement, konsertar og debattar m.m. gjennom heile veka. Vi lærer barn i å programmere eigne spel, vi kursar pensjonistar i å logge seg inn på nettbanken, og i haust opna vi Servicesenter i kjellaren. Der kan folk få hjelp til utskrifter, kopiering, og også hjelp til korleis dei skriv jobbsøknader, fyller ut CVen sin og bruker nettsidene til NAV. Om ikkje lenge opnar hovedbiblioteket ein ny inngang og kan ta baksida av bygget i bruk. Og snart får vi kafé i første etasje. Biblioteket er i endring. Kom innom oss så får du sjå.


BONUS for nettlesarar: Om du føler for eit lydspor til dette innlegget, prøv Oppenheimer Analysis - Devil's Dancers. Det er låta som får meg tikke:

 
Dette innlegget vart først publisert i Bergensavisen mandag 10. november 2014.