Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Eli Randmo sist endret 2016-09-29T11:55:10+00:00
Forteljingar om krig og kjærleik har alltid fengsla oss. Nokre meiner at alle historier djupast sett handlar om makt og erotikk. Kong David sende Uria på slagmarkene for Batseba si skuld, grekarane sloss om den fagre Helena og Harald Hårfagre samla Noreg til eit rike for å tekkjast ei høgnasa kongsdotter, om vi skal tru Snorre Sturlasson. Framleis driv krig og kjærleik handlinga framover i bøker, filmar og dataspel.

"Betenk at krig og kjærlighet er ett og det samme, og likesom man i krigen er enig om det tillatelige i å anvende alskens kunster og krigslist for å beseire en fiende, således har man også i kjærlighetens store kamp lov til å bruk list og knep for å nå det etterstraktede mål, forutsatt at man ikkje derved skader eller vanærer gjenstanden for sin kjærlighet.” (Miguel de Cervantes Saavedra. Don Quijote 1. del, kap. 12)"

"Patrioter snakker alltid om å dø for sitt land, men aldri om å drepe for det" --(Bertrand Russell)

Kjærleiken og krigen, dei skapande og dei nedbrytande kreftene, er ytterpunkt i livet. Kjærleiksromanar er lite påakta, som om emnet i seg sjølv skulle gjera dette til annanrangs litteratur. Men temaet treng ikkje gå ut over den litterære kvaliteten. Og kjærleik kan vera så mangt...

Vi har funne fram nokre bøker med handling frå 2. verdskrigen som du kanskje hadde gløymt, eller har lyst til å lesa igjen.

I skyggen av en krig
Olivia Manning: I skyggen av en krig, 3 bind

1. Mørke skyer 2. Venner og helter 3. Den gode strid

Hausten 1939 reiser nygifte Harriet og Guy Pringle til Bucuresti, der han underviser i engelsk ved universitetet. Begge slit med å tilpassa seg den nye livssituasjonen, Harriet fordi ekteskapet med Guy ikkje er den trygge hamna ho leita etter, Guy fordi han trur han kan halda fram å leva som han gjorde før. Landa på Balkan er prega av økonomisk og politisk vanstyre, og når krigen bryt ut driv dei snart inn i den tyske interessesfæren. Frå Bucuresti flyktar Harriet og Guy først til Aten, sidan til Kairo. Rundt Guy og Harriet møter vi eit stort og fargerikt persongalleri, ei frodig blandig av ambassadefolk, livskunstnarar og døgeniktar. Bøkene byggjer dels på Olivia Mannings eigne opplevingar under krigen. Rundt 1990 laga BBC ein fjernsynsserie bygt på bøkene, med Emma Thompson og Kenneth Branagh i hovudrollane.

Fare fare krigsmann
Marge Piercy: Fare fare krigsmann, 2 bind

Marge Piercy fylgjer ti personar gjennom krigen. Familieband, vennskap, kjærleik og felles kamp knyter lagander saman og gir forfattaren høve til å gje eit mangefasetert bilete av krigsåra. Piercy skildrar krigsåra ute og heime, på slagmarkene og kvardagslivet, bomberegnet over London, Frankrike under Vichy-regimet og dei allierete sine framrykkingar, konsentrasjonsleirane, slavearbeidet, regjeringskontora i Washington, fabrikkarbeid i Detroit, felttog i Nord-Afrika, Stillehavskrigen, konvoyane i Nord-Atlanteren og Middelhavet.
Romanen skildrar krigens grusomheit, men levandegjer samstundes kvardagane i krigstida. Forfattaren legg vekt på kva som skjer med menneska, korleis dei handlar, føler og tenkjer, og klarar på ein framifrå måte til å få historiene til å hengja saman.

En by som Alice
Nevil Shute. En by som Alice

En by som Alice er ein av dei klassiske romanane frå krigen, om ein flokk engelske kvinner og born som vert tekne til fange av japanarane på Malakka i 1941. Dei vert drivne ut på ein endelaus marsj gjennom jungelen, frå stad til stad. Leiar for kvinnene vert engelske Jean Paget. Undervegs får dei hjelp av den australske krigsfangen Joe Harman, men det vert oppdaga og som straff vert Joe krossfesta. Etter krigen reiser Jean tilbake til Malakka for å byggja ein brønn, der får ho tilfeldigvis vita at Joe overlevde og ho reiser til Australia for å oppsøka han.
Boka kom første gong ut i 1950 og har komme i stadig nye opplag.

Den engelske pasient
Michael Ondaatje: Den engelske pasient

Krigshistorier vert ofte forteljingar om heltar. Men kva med svikarane ? Og svik mot kven?
I mellomkrigstida arbeider ei internasjonal gruppe unge menn med å kartleggja ørkenen mellom Egypt og Libya. Etter krigsutbrotet forstår dei kva militær rolla arbeidet deira har hatt. Vennskap lyt vika for lojalitet mot heimlanda. Men kva med lojaliteten til kjærleiken?
Dei allierte styrkane trekkjer nordover i Italia. Eit forfalle kloster i Toscana gir ly til fire sjeler: Den kvinnelege sjukepleiaren, lommetjuven som vart krigsprofitør, den indiske sprengingsekspterten og den engelske pasienten. Kven er denne forbrende mannen utan andlet?
Den ungarske oppdagaren Laszlo Almasy, som har gitt namn til hovedpersonen, er ein historisk person, men romanen er alt vesentleg fiksjon. Ondaatje vann Booker-prisen for boka, som også vart ein svært god film. Filmen vart nominert til 12 Oscarprisar i 1997 og vann 9 av dei!

Kaptein Corellis mandolin
Louis de Bernières: Kaptein Corellis mandolin

Ein varm, lun roman frå Kefallinia på den greske vestkysten om ungjenta Pelagia og far hennar, landsbylegen Iannis. Då krigen kjem forlovar ho seg med fiskaren Mandras før han reiser i krigen. Ho skriv trufast til kjærasten, men får aldri svar. Kva har skjedd med han? I Italia har Mussolini store planar om eit nytt imperium, og kastar seg over Hellas, men møter uventa motstand. Han får ikkje makta i Hellas før tyskarane rykkjer inn i landet frå nord. No kjem italienske okkupasjons-tropper i land på Kefallinia. Dei italienske invasjonsstyrkane vert innlosjerte privat, til doktor Iannis kjem kaptein Corelli, han har med seg ein mandolin.
Dette er ei rik, samansett forteljing med grusomme skildringar frå grekarane sin motstandskamp, her er tragedie, komedie, farse og stor patos. For ikkje å snakka om kjærleiken ... Boka er filma, men ei god bok vert ikkje nødvendigvis ein god film. Penelope Cruz som landsbyjente og Nicolas Cage med mandolin - gløym det!

Som sand
Anne Michaels: Som sand

Deler av denne romanen foregår også i Hellas. I ein nedgravd landsby i Polen ligg den sju år gamle jødeguten Jakob Beer gøymt. Han vert funnen vettskremd og åleine av den greske vitskapsmannen Athos Roussos, som smuglar guten med seg til ei gresk øy. Her får Jakob ein ny plattform for livet sitt. Mot slutten av krigen flyttar Athos og Jakob til Toronto i Canada. Jacob leitar heile tida etter eit språk som kan uttrykkja det han har opplevd, den ordlause redsla han ber med seg frå Polen. Jacob er heldig, han møter vaksne som tek ansvar, vaksen som hjelper born vidare. Born som får kjærleik overlever alt.


God natt mr tom
Michelle Magorian: Godnatt Mister Tom

Michelle Magorian skriv for lesarar i alle aldrar, språket er enkelt og lett tilgjengeleg, men innhaldet har fleire botnar, det gjer at bøkene har noko å gi også til dei vaksne.
Hausten 1939 fell tyske bomber tett over London. Borna vert sende i store flokkar ut på landet, dels for å å sleppa unna bombefaren, men også for å letta tilgangen på mat. Åtte år gamle forkomne Will frå slummen i Aust-London hamnar hjå einstøingen Tom Oakley. Mister Tom har levd åleine sidan kona og det vesle barnet døydde, så begge har vanskar med å finna fram til kvarandre. Forholdet går seg snart til, og hjå mister Tom møter Will første gong vennlegheit, her får han nok mat, klede, og si eiga seng. Han møter menneske som vil han vel og han får vener. Men ein dag sender mor hans bod på han. Tida går, utan at Mister Tom høyrer frå Tom. Til slutt reiser den gamle mannen til London for å leita etter Tom.
Dette er ei varm historie om korleis to forhutla sjeler lokkar fram det beste i kvarandre. Will er heldig og møter ein vaksen som ser og forstår. Forteljinga har vorte ein høyrespelklassikar i Laurdagsbarnetimen.

Michelle Magorian: En liten sang om kjærlighet

Ungpikebøkene var med på å prega generasjonar av unge kvinner. Genren hadde ufortent dårleg ry og forsvann rundt 1970, då ungdomslitteraturen byrja setja problem under debatt. Michelle Magorian leitar i si bok fram att noko av stemninga frå dei gamle ungpikebøkene, ei stemning som står til tema og stil. For hovudpersonane er verkeleg skikkelege ungpiker. Søstrene Rose og Diana har levd eit beskytta overklasseliv, med tenarskap og kostskular. Dei er 17 og 21 år då dei endeleg får møta det “verkelege” livet i ein landsby ved kysten. Sommaren 1943 lyt søstrene for første gong ta ansvar for seg sjølve. Kvardagslivet byr på mange utfordringar, alt frå praktisk husarbeid til nyoppdaga erotikk. Boka er skriven for ungdom, men mange vaksne lesarar som likar den litt lettare litteraturen også vil ha glede av boka.