Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av herdis — sist endret 2016-09-29T13:55:03+02:00
Dersom du er heilt ny på Instagram, kan desse tipsa hjelpe deg i gang.

1) Last ned appen «Instagram» i App Store eller i Google Play (eller ein annan fin plass smarttelefonen din laster ned apper. Du kan også bruke eit smart-kamera, dersom du har tilgang til det. På det kan du laste ned Instagram som app, og bruke den fra kameraet.

2) Lag konto/brukernavn:

Når du skal jobbe med Instagram profesjonelt, kan det vere lurt å også ha ein privat konto som du bruker mer jevnlig, slik at du lettere kan følge folk, få følgere og eksperimentere og få i fingrane kva som fungerer og ikkje. 

  • Bruk gjerne ditt eige namn, eller eit kallenamn, slik at det er lettare å hugse deg

Du velgjer om du har privat-konto (og berre vise bildene til dei du godkjenner) eller viser dei som offentlege. Denne innstillinga gjer du i "Rediger profil". Lagar du privat-konto, vil ikkje bildene dukke opp i samlingar under #hashtags(grindteikn). Skal du jobbe for eit firma som skal nå ut til folk, bør den vere offentleg og synleg for alle. 

3) Ta bilde

  • Du kan ta bilde enten frå appen eller laste opp eit bilde du allereie har tatt.
  • Eg anbefaler å ta bilde med kameraet, enten ståande (for då får du korrekt breidde) eller med kvadrat-funksjonen på kameraet. Ved å bruke kameraet på telefonen gjer at du også kan skalere bildet når du laster det opp på Instagram. Du henter og velger då det bildet du vil bruke, og får bedre utsnitt ved å ta to fingrar på bildet for å skalere opp eller ned. 

4) Juster bildet med valgfrie innstillingar

  • Du har no valgt bildet i det utsnittet du vil ha. Du kan velge orginalt filter og trykke Neste.
  • Men du kan også justere på det for å få det så bra som mogleg. (Innstillingane for dette vil variere etter som appen forbedres stadig vekk. Innstillingane er også ulike for Samsung og Iphone-telefonar, men skal likevel vere veldig intuitive.)
  • Ofte er det nok å berre velgje eit filter, som ligg nedst i appen. Bla gjennom og finn det som får fram bildet på best mogleg måte.
  • Trykker du på sola (rett under bildet), vil du kjapt få ei innstilling som justerer fargane. Trykker du på den, får du opp ei skalering. Dra på den for å sjå kva som kan gjerast, og stopp når du synes det ser bra ut.
  • Trykker du på skrujernet, får du ekstra funksjonar du kan bruke til å endre bildet. Dette kan samanliknast med manuelle funksjonar i vanlege kamera. Felles for alle ekstrafunksjonar: bruk skaleringen og marker ved å hake av når du er nøgd:
    • juster: brukes om motivet er skeivt.
    • lysstyrke: om du treng meir/mindre lys.
    • kontrast: meir eller mindre
    • varme: vil du ha meir varme (rødtonar) i bildet eller ei
    • metning
    • høylys: det som er lyst i bildet kan bli sterkare/svakare
    • skygger: det som er skuggelagt i bildet kan bli sterkare/svakare
    • vignett: du kan få mørkare ring rundt bildet for å ramme motivet meir inn
    • hellning: det er noko eg ville kallt fokus. Du kan fokusere på eitt motiv, som sirklar eller loddrette felt, og gjere resten meir diffust.
    • gjør skarpare
  • Trykk "Neste" når du er nøgd med korleis det skal sjå ut

4) Gi kontekst til bildet; tekst, lokasjon, send vidare til andre sosiale medier

  • Skriv ein kort tekst om kva bildet handlar om.
  • Er det bilde av nokon du kan namnet på, kan du hyperlenke med å setje @ foran nicket deira, som td. @bergenbibliotek. Bergenbibliotek-kontoen på Instagram vil då få eit varsel (raud prikk i appen som viser aktivitet, i dette tilfellet at nokon seier noko til dei).
  • Du kan leggje til #hashtags for å leggje dei i ulike album/samlingar som allereie er oppretta, eller du kan lage eigne. Vi kan til dømes bruke #bergenleser #bergenbibliotek #boking #lesetips. Flott om ein kastar seg med andre sine #grindteikn slik at fleire kanskje oppdagar kontoen, og blir inspirerte til å følgje.
  • "Navngi stedet": trykk på det og telefonen din vil (om du har påslått lokasjonsteneste for appen) foreslå ein lokasjon. Er du på Bergen Offentlige Bibliotek, vil den foreslå det. Velg rett stad, og du kjem tilbake til sida du var på.
  • Har du kobla bildet opp mot kontoar på Facebook eller Twitter (eller andre sosiale medier), kan du poste der samtidig. Du kan også dele etter bildet er posta på Instagram. Då må du koble til riktige kontoar på sosiale medier og godta at Instagram postar for deg i denne straumen.
  • Øvst ser du også at du kan sende bildet direkte til nokon. Trykker du på "Direkte" må du søke etter, eller velgje ein foreslått person. Dette er i utgangspunktet ikkje ein funksjon vi treng å bruke dersom vi er pålogga med ein offentleg konto.
  • Trykk på "Del" nederst, og du ser bildet kjem i flyten din.


FAQ

Kva #hashtags skal vi bruke?
Eg anbefaler å ha nokre seriar vi kan poste bilde frå vår konto. Til dømes er det flott om #bergenleser kan fortsette som eit prosjekt på instagram etter som det seier noko om lesing, bergen og prosjekt som allereie er forbunde med oss. Men flott også å kunne bruke grindteikn som er initiert av andre, td #lesertips #boking eller internasjonale hashtags, basert på kva tema bildet omkransar.

Kor mange #hashtags er det plass til?
Det er plass til utruleg mange #hashtags, men mange oppfattar det som spam om skriv fleire enn fire. Men om det dukkar opp nokre som blir populære (av td @nrkbok, @sølvberget, etc) etter du har posta bildet, er det ikkje noko i vegen for å promotere bildet ved å legge til #grindteiknet i kommentarfeltet. Bildet vil då komme i dei nye strømmane du har lagt det til via #grindteiknet.

Nokon har kommentert bildet mitt med ein #hashtag eg ikkje har på bildet. Kva betyr det?
Det kan faktisk vere eit lite hint. Dei tipsar deg om #grindteiknet du kan bruke for å komme opp i deira innsamlingar. Dei som er ganske så gode på sosiale medier blir jo målt på kor mange bilde dei samlar inn, så om du hjelper dei med å leggje inn deira #grindteikn, blir dei riktig så glade. Kanskje dei følgjer deg, eller "hjelper deg" i retur ein gong! 

Korleis får vi fleire følgjarar på Instagram?
Det beste trikset i boka, er å vere nysgjerrig på andre. Lik bildene til dei som følgjer deg, ta deg tida til å kommentere det som er relevant å kommentere på bildet. Særleg "viktig" er det i ein jobbkontekst. Søk gjerne opp #bergenbibliotek eller folk som har merka oss med @bergenbibliotek. Ros dei for bildet, takk dei for at dei bruker biblioteket, spør om korleis 'intimkonserten med Razika' var (sjølvsagt berre om dette er motivet på bildet!). Søk opp brukarar du vil følgje, og som du synes tar gode bilde. Ha det som regel at du følgjer folk som leverer godt innhald, dropp resten. Ingen får automatiske varsel når du slutter å følgje nokon.

Har du nokre ekstra triks i boka du vil vi skal lære?
Ja! Sosiale medier utvikler seg stadig, og det vil stadig vere nye bølgjer og måtar å gjere ting på. Dette er ikkje ei oppskrift som varer evig. Følg folk; venner, bergensarar, besøkande, forfattarar, bibliotek, internasjonale bibliotek, gode promotørar. Sjå kva dei poster - og vær for all del nysgjerrig på andre! Ja, eg repeterer meg sjølv, det er berre fordi eg veit at folk generelt er så opptekne av å få ut sine eigne bilde, men det er ikkje det det handlar om. Alle vil berre bli sett, og vi kan vere dei som ser bergenseren/forfattaren/bibiloteka i gata.

Bruk gjerne http://iconosquare.com/ for å raskt søke etter bilde på instagram. Logg på med brukarnamn, og søk etter bilde på hashtags eller brukarnamn. Det har eit godt grensesnitt som gjer at du kan rose mange i slengen, kommentere og administrere (samt hente ut) eigne bilde.

Send gjerne inn fleire Frequently Asked Questions i kommentarfeltet under. Ingen spørsmål er for dumme, og eg har heilt sikkert glømt noko ;)