av Eli Vaage sist endret 2021-09-27T10:54:08+02:00
Action The Man og Embla and The Karidotters er klare for å gi deg sin vri på sine musikalske idol når konsertserien "Huslyden" gjenoppstår i haust. - Det er skummelt å covre den ein ser mest opp til, men vi gler oss vilt!

- Det var veldig stas å bli spurt om å gi folk denne opplevinga live! Det er litt skummelt å covre den ein ser mest opp til, men det er ein hyllest og vi skal ha det gøy. 

Det seier Embla Karidotter, som saman med The Karidotters entrar scena på Bergen Offentlige Bibliotek 29. november for å servere publikum si nytolking av sjølvaste Dolly Parton sitt debutalbum Hello, I'm Dolly

- Det blei Dolly Parton fordi ho er årsaka til at eg spelar country. Ho var den første country-artisten eg høyrde på, så ho opna opp ei heilt ny verd for meg som eg aldri blir ferdig med å utforske, samtidig som eg aldri blir ferdig med å høyre på henne. Ho er jo kongen av country. Den første plata hennar har så mange bra låtar at det nesten ikkje går an. Men så skreiv ho jo òg Jolene og I Will Always Love you på samme dag. 

Meir gull frå arkivet i splitter ny form

I konsertserien “Huslyden” har vi spurd eit knippe handplukka musikarar velje seg ei plate frå biblioteket si rikhaldige samling, som dei tolkar og framfører her på huset. Det blir plateprat om kvifor valet fall på nett denne plata før artistane serverer sine versjonar av dei utvalde albuma. Action The Man sparkar i gang haustens Huslyden med si nytolking av Lee "Scratch" Perrys album Dub - Triptych 20. oktober.

29. november er det Embla and The Karidotters sin tur. Embla Karidotter har særleg ein song ho gler seg ekstra mykje til å framføre.

- Blåserekka på I Wasted My Tears er så overraskande, og så sinnsjukt kul, og teksten er så bra. Ho har allereie masse feministisk bodskap på denne plata, sjølv om ho ikkje kallar seg feminist. Eg gler meg ekstra masse til å spele den låten og vise folk korleis vi har tolka den!

 

Huslyden i haust

Action The Man, eller Selim Mutic, som han også heiter, byrja lage musikk på tampen av nittitalet. Sidan då har han gått sine eigne musikalske vegar, i eit lydbilete kjenneteikna av tunge hip-hop beats i samspel med jungelinspirerte basslinjer og tekstar som er både morosame og til tider brutalt ærlege. 20. oktober framfører han si tolking av "Scratch" Perrys Dub-Triptych

Embla and The Karidotters er resultatet av frontfigur Embla Karidotter sin livslange flørt med countrysjangeren, og eit perfekt tilskot til den stadig veksande Nordicana-scenen. Ho er kjent for dei fleste frå Razika, og har med seg eit like stjernespekka band beståande av Marie Moe på bass, Nils Jørgen Nilsen på trommer, Tor-Arne Vikingstad på gitar og Simen Følstad Nilsen på lap steel.

Med andre ord: Ingen grunn til å bli heime i haust!