Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
by Livar Bergheim — last modified 2016-09-29T11:55:02+00:00
Contributors: Herdis Moldøen, Gaute Gjerløw Remen
Sjå kva som vart laga på ‪Opne data‬ Hackathon på Bergen Offentlige Bibliotek i januar.

Helga fredag 30. januar til søndag 1. februar var det Hackathon på Bergen Offentlege Bibliotek. Deltakarane såg på kva nye appar og tenester ein kunne lage ved hjelp av opne data.

Ikkje kjent med opne data? Det er data, eller informasjon om du vil, som er gratis, tilgjengeleg for alle, kan brukast fritt, i eit opent format og er maskinlesbare.
For ein kjapp introduksjon om kva det betyr, sjekk Difi sin bloggpost, “Åpne data for dummies”

Vi starta fredagen med inspirasjonsforedrag. Dette vart streama på Bergen Offentlige Bibliotek sin kanal på Youtube:

 
2:55      Start
7:08      Lyd blir skrudd på
17:25     Kjartan Olsen fra Bouvet
25:52     Erlend Klakegg Bergheim fra Difi om Opne data
45:46     Andreas Opdahl, professor på UIB om semantisk web
1:09:55   Yngve Ødegård, utvikler som jobber med prosjektet Bergen Musikkhistorie ved Bergen Offentlige Bibliotek, som er et semantisk web-prosjekt. Du kan sjå kva som er tiltenkt her: http://bfo.bbib.no/
1:28:50   Michael Menk fra UIB, om opne data
1:44:12   Nils Norman Haukås, uteksaminert masterstudent deler erfaringer på å være på hackathon
1:53:52   Dag Hellesund, redaktør i På Høyden, presenterer en oppgave
 
 
 
På søndag var det tre lag som hadde laga kvar sin webapp. Alle var svært gode idear som dei hadde sett ut i live, så det var vanskeleg å kåre ein vinnar.

Trua artar

Med denne webappen kan du velje eit fylke for så å få opp oversikt over trua plantearter som er observert i fylket.

2015-02-06 11_08_41-Endangered plants in Norway

Trykker du på ein av artane i lista til venstre så får du opp informasjon om arten frå Wikipedia, og i kartet kan du sjå kvar den har blitt observert.

2015-02-14 19_44_25-Endangered plants in Norway

Dataene er henta frå Artsdatabanken og engelsk Wikipedia.
Prøv sjølv på http://redlist.thunemedia.no/
Kjeldekoden for komponentane i appen finn du på https://github.com/team-fez

Team Fez bestod av:

  • Torstein Thune
  • Snorre Magnus Davøen
  • Ruben Oen
  • Andrea Cresta

Stortingsdata

Nysgjerrig på kva som skjer i Stortinget og korleis det fungerar? Eller journalist som vil undersøke behandlinga av ei sak?

Ved hjelp av opne data frå Stortinget kan du slå opp saker, og sjekke voteringsresultat.
Her er oversikt over nyaste behandla saker. Merk at du kan slå opp på tema, f.eks. Energi.

Skjermbilde 2015-02-01 kl. 21.10.55


For kvar sak kan du sjå resultata i dei enkelte voteringsrundene, og kor stor del av salen som stemte for/mot, eller ikkje var til stade.

Skjermbilde 2015-02-01 kl. 21.11.26Skjermbilde 2015-02-01 kl. 21.11.36Skjermbilde 2015-02-01 kl. 21.11.43

Kjeldekoden finn du på GitHub.

Team Ruby bestod av:

  • Richard Haugen Olsen
  • Sondre Langeland Hisdal
  • Bjarte Johansen

og til slutt, vinnaren av hackathonet:

Konkursvarsleren

2015-02-06 14_46_37-konkursvarsleren.no

Når du loggar inn så kan du legge til organisasjonar frå Enhetsregisteret.

2015-02-06 14_47_40-konkursvarsleren.no_list

Dersom nokon av bedriftene på lista di går konkurs, så får du varsel på e-post og kan melde di interesser til konkursboet, t.d. om du har uteståande hos selskapet.
Med organisasjonane i dømet over kan du ikkje rekne med å å få så mange e-postar.

Du kan prøve tenesta på http://konkursvarsleren.no/
Der finn du lenker til kjeldekode og kva datasett som er brukt.
Ein loggar seg inn ved hjelp av brukarkontoen ein har på GitHub.

Laget bestod av:

  • Torstein Saltvedt
  • Morten Linderud
  • John Fredrik Asphaug
  • Erlend Klakegg Bergheim

 hackathonvinnere

 

Open Data Hackathon vart arrangert av Annette Bergo (Bouvet Bergen), Livar Bergheim (UiB) og Gaute Gjerløw Remen (UiB) i Open Data Bergen i samarbeid med Herdis Moldøen frå Bergen Offentlige Bibliotek. 

Vi takker alle deltakarar, inspirasjonsforedragshaldarar og fremmøtte til dei opne arrangementene for at vi fekk til ei spennande helg. Vi takkar også sponsorane Bouvet Bergen for mat og premie, Red Bull for drikke og A7 print for banner. 

Dette innlegget vart først publisert på UiBeta sine nettsider. Noko av innhaldet er lagt til/fjerna på dette blogginnlegget.