Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
by Åshild Sæle last modified 2016-09-29T11:55:05+00:00
"Kan eg låne fire bøker, pappa? Pliis, for da har eg nok til Leseknappen!"

Stolane er sett fram, lesekorta ligg klare og bøkene stilt ut. Bibliotekaren har starta dagen og no kan klassen koma. Korleis vert det denne gongen? Ingen klassemøte er like, her gjeld det å ha alle sansar skjerpa. For oss som har drive bibliotek i nokre år, dukkar det alltid opp kjenningar. Ein av desse slo ut med armane i det han kom inn døra, og ropte til klassekameratane: ”Åh, eg bare elsker dette biblioteket – her kan du…” – og så kom ein bibliotekpresentasjon einkvar formidlar kunne misunne han!

Alle skal kjenne biblioteket, er vår overordna målsetjing. Leseknappen til 2.trinn er ein del av dette og alle skulane i Bergen får invitasjon til å ta del. Det kan merkast når dei har snakka om leseknappen i klasserommet . Elevane kjem med forventingar og mange spørsmål. ”Hæ, 10 bøker på en dag?!” ”Kordan kan vi huske alt du har sagt?”

Dei får svar og forsikringar om at dette går bra, og så startar jakta på eigna lektyre. Kva som er eigna lesestoff for ei bestemt aldersgruppe, ja sei det.

Den nyutdanna bibliotekaren trudde at dette burde ho vite. Som skulebibliotekar ved to ulike skular møtte eg mange elevar. Dette var rett nok i den tida 2.klassingane var eit år eldre enn dei er i dag.

Den eine dagen vart eleven overlukkeleg ved å møta venen Albert Åberg i bildebokkassen. Neste dag hadde eg flytta meg til skule nr.2 og eleven hadde vald ut ei bok av Jules Verne. Eg prøvde meg forsiktig; om dette var rett bok å lesa på eiga hand? – og fekk svar på tiltale: ”Jeg har lenge vært på utkikk etter denne boken av Jules Verne” (merk: forfattarnamnet uttalt korrekt.) Det var enno mykje att å læra om bokval og møte med ulike lesarar, lesenivå og referansar. 

Å vera med når elevar oppdagar lesegleda, er stort. Det vert skapt lesarar rundt om på bydelsbiblioteka og kjennskap til det lokale biblioteket er eit godt utgangspunkt. Om nokon skulle koma heim med ei bok over evne, er det ikkje farleg. Gleda over å kunna velja i det store mangfaldet er uvurderleg. Sjølv om det kan bety ny tur til biblioteket ganske snart og samtale om kva som kan passe å lese på eiga hand. Utvalet av bøker til ferske lesarar er betydeleg betra dei siste åra. Be gjerne om råd ved neste bibliotekbesøk. 

I vekene etter klassebesøka, er det stadig foreldre og born innom biblioteket for å bytte bøker. ”Kan eg låne fire bøker, pappa? Pliis, for da har eg nok til Leseknappen!”, var kommentaren ved utlånsautomaten like før påske.

Etter kvart kjem dei attende med ferdigutfylte lesekort og me deler ut Leseknapp. Til dei som treng både sommarferie og hausten på å lese, kan eg forsikre at det er knappar nok!

Det er mykje leseglede i Leseknappen, for har ein først knekt lesekoden då kan eventyret ta til.

Lesetips: Serien Løveunge til CappelenDamm, serien Den hvite lesehesten til Aschehoug. Bøkene om Aksel og Omar av Helena Bross, og serien Klassen min av same forfattar. Jørn Lier Horst sine bøker om Detektivbyrå nr.2 eller Martin Widmark sine bøker om LasseMajas detektivbyrå. Ta fram boka Løse tenner og samtalen er i gang blant 7-åringane. Og skulle nokon vera på utkikk etter Jules Verne og venene hans, så skal me alltids fikse det og!

 

Teksten har tidlegare stått på trykk i BA, mandag 18.mai 2015