av Eli Vaage sist endret 2021-09-14T15:31:25+02:00
Kvar tysdag klokka 12 kan du ta med deg nistepakken til Auditoriet på Hovudbiblioteket og få servert ein herleg litterær lunsj attåt maten. Aktuelle forfattarar, kulturpersonlegdomar, kritikarar og musikarar les, fortel, spelar og deklamerer. Velkommen til litterær lunsj!

Har du lyst å høyre Helge Jordal framføre Terje Vigen? Få med deg eit dikt frå Bergenspoet Stig Holmaas si rykande ferske samling, eller vite meir om kva slags bøker Einar "Engelen" Engelstad skulle ønske han hadde tatt seg tid til å lese før? I så fall bør du legge matpausen til Litterær lunsj på Hovedbiblioteket i haust. Her får du kvar tysdag høve til å kombinere føde for ånden med nistemat for kroppen. Vel bekomme!

NB: Ny vekedag. 

Oversikten over alle haustens litterære lunsjar finn du her.