Neste pandemi kjem. Kva gjer vi då?

At neste pandemi kjem, er heva over all tvil. Spørsmålet er berre korleis vi taklar det. Pandemisenteret ved Universitetet i Bergen inviterer til tidenes første nasjonale studentkonferanse onsdag 27.oktober, der temaet blir nettopp kva lærdom vi sit att med etter pandemien. Og best av alt, du kan bli med!

Etter eit år med Pandemisenter samlast forskarar, skuleelevar og studentar til nasjonal studentkonferanse i på Bergen Offentlige Bibliotek onsdag 27. oktober. Tema for studentkonferansen er "Neste pandemi kommer - hva gjør vi da?"

For å svare på spørsmålet kjem doktorgradskandidatar, studentar og skuleelevar frå ulike delar av landet for å fortelje kva dei har lært og forska på. Pandemien har vist oss at det ikkje finst nokon grenser for kva eller kven den rører ved. Pandemisenteret sin tverrfaglege profil blir derfor også reflektert under studentkonferansen. 

Første del av programmet blir det blant anna markering av Pandemisenterets eittårsdag, og ein innleiande samtale om kva pandemien har lært oss lokalt og globalt. Her deltek viserektor Gottfried Greve ved UiB og brukarrepresentant Katrine Nødvedt frå Bergen kommune.

Deretter blir det utspørjing der studentar og elevar intervjuar forskarar om kva dei forskar på, og korleis det er å vere forskar. Dessutan kan du sjølv bryne deg på eit tenkt, stort scenario i framtida, der deltakarane i grupper får i oppgåve å møte ein endå større pandemi enn den vi no omsider ser slutten på.

 

Hvor: Bergen Offentlige Bibliotek, Bergen.

Når: 27. oktober 2021.

For hvem: Elever fra videregående, profesjonsstudier, bachelorstudenter, master, PhD, osv som har oppgaver/studier om pandemien. Alle fag og disipliner er invitert. 


Sjekk ut heile programmet for konferansen her.

Ønskjer du å delta? Meld deg på konferansen innan 17. oktober her.