Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Eli Randmo sist endret 2016-09-29T13:55:08+02:00
Seinsommar og haust - tida for å hausta inn. Naturen har alltid vore nytta som spiskammer og apotek.

Menneska lærde at bær smakar og gjer godt, kunnskap og røynsle om kva naturen kan gje har gått i arv gjennom generasjonar.

På gamle buplassar finn ein beinrestar frå fisk, fugl og dyr som fortel om kosthaldet, planterestane har rotna bort. Men i latrineavsettingar på Bryggen i Bergen har arkeologar funne store mengder bærstein frå jordbær, bringebær, molter, blåbær, tytebær, skrubbebær og rogn.

Alt frå vikingtida blei dei mest nytta matvekstane dyrka nær buplassen. Frostatingslova fortel at straffa var hard for å stela i annanmanns hage. Meir planmessig dyrking av matnyttige planter, bær og frukt kom først med munkane. Dei hadde tanke for både lekam og sjel og la gjerne klostera til område med gode vekstvilkår, god jord og godt verlag.

Tid å hausta inn

Desse milde soldagane i september.
Tid å hausta inn. Enno er det tuvor
med tytebær i skogen, njupone rodnar
langs steingardane, netene losnar,
og svarte klasar av bjønnbær skin i kjerri,
trasti leitar etter dei siste vinbæri,
og kvefsen syg ut dei siste plomone.
I kveldingi set eg stigen burt og hengjer
laupen frå meg i skuret. Skrinne bredar
har alt ei tunn breidsle av nysnø.
Etter eg er lagd, høyrer eg dunk av brislingfiskarane,
dei gjeng ut. All natti veit eg dei glid
med sterke ljoskastarar og leitar yver fjorden.

Olav H. Hauge Spør vinden, 1971

Folk i middelalderen visste å gjera nytte av villbæra, men vi veit lite om bruken av ville bær, sopp o.l. i det vanlege kosthaldet seinare. Truleg varierte skikkane mykje. Korn var det viktigaste næringsemnet. Bæra mognast samstundes med kornet, i korndyrkingsstrok trong ein all ledig arbeidshjelp i skurden, bærplukking var det berre born som hadde tid til. I meir marginale jordbruksområde ser ville bær ut til å ha vore viktigare i kosthaldet.

"Potetprestane" og andre embetsmenn i opplysningstida arbeidde for å spreia kunnskapar om nye nyttevekstar og ville bær som viktig mattilskot i naudsår. Men folk var mistruiske, for dei var villbær "kufor, gras og grisemat". Skepsisen var den same to hundre år seinare, då salatar og råkost vart kvardagskost.

Frå kokebøker frå 1800-talet kjenner vi godt til bruken av frukt og bær i overklassekjøkena. Dei hadde tilgang på ei dyr og eksotisk vare: sukker. Først då bøndene var dregne inn i pengeøkonomien og sukker vart ei vanleg kolonialvare på slutten av førre hundreåret kom ville bær for alvor inn i kosthaldet til folk flest.

På Austlandet gjorde utbygging av jernbanenettet det lett for byfolk å komma seg til bærmarkene. Prisfall på sukker, betre kunnskap om oppbevaring og bruk av bær saman med betra transport til byane gjorde bær til handelsvare. Stordomstida varde til ut i 1920-åra, med eit nytt oppsving under og like etter andre verdskrigen.

Er villbær og andre ville vekstar i ferd med å forsvinna ut av kosthaldet vårt igjen ? Å plukka bær tek for mykje tid og lønnar seg dårleg, om ein berre reknar i kroner og øre. Men kva med gleda ved å leita, finna og ta vare på matressursane i naturen ? Allemannsretten sikrar oss rett til fri ferdsel i utmark, ta med bærspannet eller soppkorga på søndagsturen i haust og kombiner hygge og nytte. Tytebæret står framleis oppå tuva.



Leif Ryvarden: Barnas bok om bær og soppBarnas bok om bær og sopp

Ved byrjinga av vårt århundre var bærplukking ei viktig inntektskjelde for born og unge. Dagens beste- og oldeforeldregenerasjon vaks opp med bærsanking som ein naturleg del av matauken, men har i liten grad ført kunnskap og tradisjonar vidare. For mange vart nok bærplukkinga meir slit og plikt enn glede. Når vi tek vare på så lite av maten vi finn i skog og mark i dag skuldast det for lite kunnskap hjå foreldregenerasjonen, meiner Ryvarden.
Damm sine store naturbøker for barn er skrivne av norske fagfolk, for norsk miljø. Forfattarane legg stor vekt på å formidla både kunnskap og oppleving.

Veit du kvifor nokre planter har bær? Svaret finn du i innleiingskapitlet. Ryvarden omtalar dei mest brukte bæra og matsoppane. Boka har forholdsvis mykje tekst. Ho kan brukast som lese-for-bok dei første skuleåra, men skal ho brukast som lese-sjølv-bok må ein nok eit stykke opp i klassetrinna. Fotografia av planter og bær i boka er gode, sjølv om nokre av bileta er litt for mørke.
Vi saknar oppskrifter i boka. Bilete av eit par saftige blåbærmuffins kunne nok hjelpt på motivasjonen både for dei som skal lesa og dei som skal plukka bær.

villebae.jpg

Gudrun Ulltveit: Ville bær : alle spiselige bær i Norge...

Det finnst dei som likar å plukka bær, det finnst dei som helst vil få dei ferdig plukka bæra leverte på kjøkenbenken, og så finnst det naturlegvis dei som likar best å eta i seg sluttproduktet. Dette er boka for oss alle.
Dette er ikkje berre ei kokebok. Innleiingskapitlet gir spennande kunnskapar om dei viltveksande bæra sin plass i norsk mattradisjon, før forfattaren går over til å omtala kvar einskild plante.

Kunnskapar om botanikk og kulturhistorie vert vove saman og formidla på ein interessant og lettfatteleg måte. Artiklane er illustrerte med gode fotografi, teikningar frå Flora Danica, pluss litt småplukk frå eldre kokebøker. Oppskrifter på bruk av ville bær utgjer ein tredjedel av boka. Her finn ein både gamle kjenningar, og nye spennande måtar å bruka skogsbær på. Er det lenge sidan du åt Trollkrem sist? Eller kva med Tilslørte villmarksjenter til dessert? Det heile vert avslutta med ei fyldig litteraturliste.

Sikre sopperSikre sopper

Det er eit rikt utval soppbøker i handelen. Denne boka vender seg til oss som likar sopp i maten, men ikkje vågar å plukka sjølve. Boka tek utgangspunkt i dei seks sikre soppartane og har m.a vore nytta som kursbok i Norsk soppforening. Fleire stader tilbyr Næringsmiddeltilsynet soppkontroll i hautsmånadene, slik at ein kan vera trygg på kva ein et i seg.

  

EplebokaEpleboka

Epla har ikkje noko mellom dei ville vekstane å gjera, sjølv om dei også vaks vilt her i eldre tider. At epla var viktige i det norrøne kosthaldet vitnar stadnamn med "eple" om. På Voss har dei Apaldtun, i Hardanger Apold, namn frå før vikingtida. Munkane var dei første fruktdyrkarane her i landet. På 1200-talet kom cisercinensarar frå England via Lysekloster til Opedal i Hardanger, og det var i desse bygdene fruktdyrking første gongen fekk økonomisk verdi. Etter reformasjonen vart munkane borte og kunnskapane med dei. Først mot slutten av 1700-talet vart det fart på fruktdyrkinga igjen. Dei siste hundre åra har det vore ei viktig næring for bøndene ved Vestlandsfjordane.

Det måtte to hardingkoner til for å skriva Epleboka. Kvar skulle fortattarane elles koma frå? Og dei går grundig til verks, byrja med Eva og slangen i Paradiset, går via grekarar og romarar til munkar og opplysningsprestar på 1700-talet. Dette er kulturhistorie av beste slag, kombinert med informasjon om eldre og nyare epleslag. Boka er rikt illustrert, og har nesten 200 oppskrifter på eplerettar frå heile landet, her finn du alt frå middagsmat til sider. Det er no likevel ikkje noko som kjem opp mot å Raud Prins rett frå treet ein soldag i september.

Grøne eple

Sumaren var kald og regnfull.
Epli var grøne og flekka av skurv.
Men eg plukkar og sorterar
og staplar kassane i kjellaren.
Grøne eple er betre enn inkje.
Bygdi ligg på 61° breidd.

Olav H. Hauge,
Dropar i austavind,1966