Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
by Nils Henrik Smith — last modified 2016-09-29T11:55:13+00:00
Reiselysten? Ingen pengar? Fortvil ikkje. Det er eit velkjent faktum at dei beste reisene er gratis og finn stad mellom to permar. Her er vår uforlignelege guide til den litterære galaksen!

DanteDante Alighieri: Den guddommelege komedie (ca. 1300)

Natt til langfredag år 1300: Dante (35) er tyngja av ulukkeleg kjærleik samt eksistensielt vemod, og saka vert ikkje betre av at han går seg vill i mørke skogen.

Der møter han etter kvart sin avdøde romerske diktarkollega Vergil, og saman legg dei to ut på ei forunderleg vandring gjennom Helvetet - kor dei møter fråtsarar, gnikarar, sløsarar, kjettarar, forførarar, smækjarar, simonistar (!), hyklarar, tjuvar, kivspreiarar, dårlege rådgjevarar osb - og vidare til Skiringsheimen, kor det imidlertid oppstår eit problem, ettersom Vergil diverre er heidning og difor ikkje kan vere med på ferda til Paradis.

Korleis dette problemet får si løysing, skal ikkje avslørast her, men lat meg seie det slik: dersom du berre har tenkt å lese eitt 700 sider langt italiensk episk mellomalderdikt i år, bør det absolutt vere dette!

(NB! Dersom du er ung og utólmodig, eller berre har ein ekstra travel kvardag, kan du óg spare tid og energi ved å lese Marcello Toninellis fortreffelege teikneserieversjon av Helvetet.)


Lewis Carroll: Alice's Adventures in Wonderland (1865)Alice

Alice sit ved elvebreidda og keiar seg ein varm sommardag, då ho brått får auge på ein dresskledd og talande kvit kanin og følgjer etter denne, slik vi alle utan tvil ville gjort.

Gjennom eit hól i bakken kjem ho inn i ei løynd eventyrverd kor ho, mellom mykje anna, får høyre ei lang og svært keisam førelesing om Wilhelm Erobraren framført av ei mus, mottek gode råd frå ein vasspiperøykande snigel, spelar krokket med ein flamingo som kølle og piggsvin som levande kuler og vert dømt til døden ved halshogging av den nådelause herskerinna Hjarterdame, for berre å nemne noko!

Alice's Adventures in Wonderland (og oppfølgjaren Through the Looking-Glass) har hatt ei påverkningskraft innafor moderne populærkultur som tóler samanlikning med nær sagt eit kva som helst anna litterært verk.

Særleg var Carrolls underlege univers ei sentral inspirasjonskjelde for 1960-talets psykedeliske rørsle: den beste av alle Beatles-songar, nemleg John Lennons I Am the Walrus, er basert på diktet "The Walrus and the Carpenter", Jefferson Airplanes White Rabbit tek utgongspunkt i den før nemnte dresskledde kaninen, medan eit album som Pink Floyds sørgjeleg undervurderte debut The Piper at the Gates of Dawn er tydeleg influert av den stammande viktorianske landsbyprestens fritt assosierande stil.

Filmar talrike som havets sand har nytta element frå Alice og The Looking-Glass: mellom dei som fortener å nemnast er Victor Flemings The Wizard of Oz, Wachowski-brørnes Matrix-trilogi og Guillermo Del Toros Pans Labyrint. (Det finst óg, sjølvsagt, ein såkalla "pornografisk musikal" basert på Carrolls tekst: den får du ikkje lånt ved Bergen Off. Bibliotek.)


Joseph Conrad: Mørkets hjerte (1899)Conrad

Kong Leopold II av Belgia (1835-1909) var ein særs føretaksom kar: det han ville ha, var pengar og makt, og han fann stadig nye metodar for å skaffe seg dette.

Etter Berlin-konferansen i 1884, kor dei europeiske stormaktene delte Afrika mellom seg ved hjelp av passar og linjal, erklærte Leopold den såkalla Fristaten Kongo som sin eigen private koloni. Dét vart starten på eit av dei mørkaste kapitla i det afrikanske kontinentets historie.

Joseph Conrad vitja Kongo i 1890, og vart sjølv vitne til den ekstreme brutaliteten Leopolds menn nytta for å styre landet: for å oppnå maksimal profitt, motiverte ein befolkinga til arbeid gjennom eit system kor landsbyar som ikkje oppfylte sin gummiproduksjonskvote måtte betale straffeskatt - med avhogde hender som valuta!

Desse opplevingane utgjorde bakgrunnen for Conrads mest kjente roman. Forteljaren i Mørkets hjerte er den britiske elvebåtkapteinen Charles Marlow: oppdraget hans i Kongo er å finne den forsvunne elfenbeinshandlaren Kurtz og ta han med heim til "sivilisasjonen".

Det går, sjølvsagt, på ingen måte som planlagt, og for Marlow vert ferda opp Kongo-elva ikkje berre eit møte med Afrikas indre, men óg ein skakande konfrontasjon med sitt eige samvit og eit utilstrekkjeleg eurosentrisk moralsyn.

Romanen har fungert som inspirasjon for meir enn ein filmhistorisk klassikar: Werner Herzogs altfor sjeldan omtalte Aguirre (1972) nyttar sentrale element frå Conrads forteljing. Det same gjer Francis Ford Coppolas gullpalme-vinnande meisterverk Apocalypse Now (1979)


J.M. Coetzee: Foe (1986)Coetzee

Forteljinga om Robinson Crusoe er velkjent: den unge mannen skal eigentleg studere og verte advokat, men han er eigenrådig, eventyrlysten, høyrer ikkje på mor/far/Gud, med katastrofale konsekvensar.

Han tek hyre på eit skip frå Hull til Bristol. Det går ned. Han får ny hyre. Reiser til Vest-Afrika. Vert teken til fange av arabiske piratar. Stikk av. Vert redda av eit portugisisk skip som tek han med til Brasil. Byrjar med sukkerproduksjon og slavehandel: under ein transport av sistnemnte vare går skipet hans ned. Igjen.

Robinson er einaste overlevande og stranda på ei aude øy. Han er åleine i årevis: så kjem kannibalane. Robinson tek ein av dei til fange. Kallar han Fredag. Lærer han engelsk. Forklarer kor viktig det er å nytte salt til maten og omfamne Jesus som sin herre og frelsar. Dei vert redda. Returnerer til Europa. Osb.

I Foe gjev den sør-afrikanske nobelprisvinnaren J.M. Coetzee ein heilt annan (og vel så interessant) versjon av denne klassiske forteljinga. Susan Barton, nyleg heimkomen til England etter mange år på reise i Den Nye Verda, oppsøkjer forfattaren Daniel (De)Foe med eit ynskje om at han skal skrive ei bok basert på opplevingane hennar. Ho har nemleg opplevd skipbrót og vart redda av den tungelause Fredag og hans underlege herre Cruso. Men forteljar og forfattar har vanskeleg for å einast om kva som er viktig og mindre viktig i Susans dramatiske forteljing.

(Coetzee er elles ikkje den første som har attfortald historia om Crusoe frå eit alternativt perspektiv: franskmannen Michel Tournier debuterte i 1967 med romanen Fredag, kor kannibalen omvender sin herre og redningsmann til heidenskapen, noko som medfører at den sistnemnte oppgjev sitt ynskje om å forlate øya til fordel for sivilisasionen.)


Guy Delisle: Pyongyang (2003)Pyong

Ein ung kanadisk serieskapar vert sendt til den nord-koreanske hovudstaden for å bistå arbeidarane ved eit lokalt animasjons-studio som lager teiknefilm til "konkurransedyktige prisar" for serieskaparens franske arbeidsgjevar.

Med seg har han ein CD med Aphex Twin, eit ulovleg innført eksemplar av George Orwells dystopiske framtidsvisjon 1984, samt sine personlege fordommar mot vertsnasjonen, som han freistar å bekjempe, men altfor ofte synst han får stadfesta av det han høyrer og ser i kvardagen.

I tekst og bilete skildrar han, på fascinerande lågmælt vis, sine opplevingar i eit lukka og for dei fleste heilt ukjent land. Obligatorisk lesing! 

Merknad 1: Guy Delisle har óg utgjeve tilsvarande sjølvbiografiske serieromanar frå opphald i Myanmar og Kina. Dei er like lesverdige som Pyongyang.

Merknad 2: Den som vil ha meir Nord-Korea, kan sjekke ut heimesidene til den norske kunstnaren Morten Traavik, som har inngått ein avtale med dei nord-koreanske styresmaktene om utvikling av ulike kunstprosjekt i landet fram til 2012.

Merknad 3: Delisle er ikkje den einaste serieskaparen som kombinerer reiseskildring med politisk kommentar: Joe Saccos Palestina er eit anna framifrå døme på sjangerens kritiske og kunstnariske potensial.


Marit Eikemo: Samtidsruinar (2008)Eikemo

Du veit det kanskje ikkje enno, men det er ingenting du heller vil enn å vitje eit nedlagt smelteverk, ein avsidesliggjande kyrkjegard for psykiatriske pasientar, eit ufullført turistkompleks på Costa Blanca, ein kjellar full av utrangerte speleautomatar.

I denne forvitnelege essaysamlinga fortel Marit Eikemo om von og svik, om tillit og tap av den same, om fortidslengt og framtidsvon, om erindring og gløymsle: slik syner ho at historia til desse ruinane, som vi sjeldan ser, der dei står midt i blant oss, er historia om eit folk, om ei samfunns-forståing, om oss sjølv.

Idéen er særs god, gjennomføringa endå betre, og Samtidsruinar mottok fortent den høgste av alle utmerkingar, nemleg prisen som Årets Nynorskbok 2008, stemt fram av den tal- og kunnskapsrike lesarskaren til vekeavisa Dag og Tid.

Dersom du likar boka, og dét bør du, vil du utan tvil óg ha glede av Kjartan Fløgstads arktisk-nostalgiske Pyramiden. Portrett av ein forlaten utopi. (Illustrert på fotografisk framifrå vis av kunstnaren Siri Hermansen.) 


Tomas Espedal: Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv (2006)Espedal

Handlinga i denne boka er, utruleg nok, nøyaktig så enkel som tittelen indikerer: forfattaren skildrar sine vandringar, åleine eller i lag med ein kamerat, gjennom vestlands-naturen, parisiske storbygater eller framandarta tyrkiske landskap, han skildrar menneske, møte, frustrasjonar og gleder, han gjer vandringa til ei livsform og livet til ei kunstform.

Espedal er oppteken av å syne at kunsten å gå er nært forbunde med kunsten å skrive: følgjeleg ville det vere ei uakseptabel unnlatingssynd frå Bergen Off. Biblioteks side å ikkje kome med nokre tilleggstips frå gåingas litteraturhistorie.

Den truleg mest kjente av alle litterære vandringar finn vi i sjølvaste Bibelen: etter at Gud lét dei flykte frå Egypt, tok israelsfolket til å murre mot sin av Herren utvalde leiar Moses, og som om ikkje dét var nok laga dei seg óg ein gullkalv og tilba denne. Slikt gjer ein sjølvsagt ikkje ustraffa: i ikkje mindre enn førti år vart dei tvinga til å vandre gjennom ørkenen!

Det er slik sett ikkje til å undrast over at seinare tiders kristne såg på vandringa som ein litterær sjanger med formidabelt allegorisk potensial. Å gå gjev tid til å reflektere over tilværet samstundes som det reinsar sjela for destruktive tankar: det sentrale referansepunktet i så måte er John Bunyans Pilegrimsferda (1678). (Vi hugsar óg at gladguten Hans Nielsen Hauge gjerne vandra frå bygd til bygd medan han strikka og tenkte med age på Herren. Eit døme til etterfølgjing!)

(NB! Eit moderne alternativ finst óg. Dersom du er ihuga republikanar, eller berre har lyst til å le av kongehuset - og kven har vel ikkje det i våre dagar? - kan vi tilby prinsesse Märtha Louise (feat. Ari Behn) med kultklassikaren Fra hjerte til hjerte. Her skildrar dei to lysfontenene si vandring langs pilegrimsleia til Nidaros: kanskje den mest surrealistiske teksten i norsk litteraturhistorie!) 

Å gå kan sjølvsagt óg vere ein høgst verdsleg aktivitet. Den store Charles Dickens leid i periodar av svemnløyse, stakkars mann, og føretok difor ofte nattlege vandringar i Londons gater, noko som gav inspirasjon til den dels sjølvbiografiske og svært underhaldande tekstsamlinga The Uncommercial Traveller.

No. Attende til hovudsaka! er ein tekst som held meir enn han lovar, ei forteljing som nektar å late seg sjangerkategorisere, ei bok så grensesprengjande innhaldsrik at Espedals forfattarkollega Jan Roar Leikvoll med rette har hevda at ho "burde vere lovpålagt å lese". Nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2006.


William Golding: Fluenes herre (1954)Golding

Alle som har vore born, har på eit eller anna tidspunkt truleg førestelt seg eit tilvære utan vaksne: i Fluenes herre får ein gjeng britiske skulegutar denne barnlege draumen oppfylt, då dei, som dei einaste overlevande etter ein flystyrt, finn seg sjølv på ei fjerntliggjande og folketom øy.

Som alle utan tvil skjønar: dette går til helvete! Ein konflikt oppstår mellom den opprørske Jack og den demokratiske valde leiaren Ralph, samhaldet gutane imellom slår sprekkjer, og nye maktstrukturar basert på undertrykkjing, overtru og ekstrem brutalitet utviklar seg på øya.  

Fluenes herre er filmatisert to gonger, i 1963 og 1990, og begge filmane kan lånast hjå Bergen Off. Bibliotek. I tillegg har romanen vore ei sentral inspirasjonskjelde for TV-serien Lost og for Koshun Takamis uforliknelege Battle Royale, som finst både som bok, manga og ikkje minst film.


Homer: Odysséen (ca. 800 f.kr)Homer

Odyssevs - "helten snarrådig og kjekk" - har bidrege til ein storslagen gresk triumf i krigen mot Troja. No vil han gjerne heim. Dét skal syne seg å verte ein uventa tidkrevjande prosess, for han har ein frustrerande tendens til å vere uforsiktig og syne overmot, og har difor kome i skade for å provosere gudane, som legg alle slags hindringar i vegen for han.

På vegen møter han, mellom mange andre, den slu og forførande Kirke, som forvandler mannskapet hans til svin, den fryktinngytande, men akk så lettlurte kyklopen Polyfemos, og den dystre fergemannen Charon, som frakter sjelene over elva Acheron til dødsriket Hades. 

Etter ti år kjem han endeleg heim til Ithaka, kor den vakre Penelope, hans hustru, har venta trufast heile den lange tida. (Eller har ho no eigentleg dét?) Men dramatikken er ikkje over. Svært kort oppsummert: den beste av alle forteljingar! 

(Odysséen har, ikkje overraskande, fungert som inspirasjon for eit utal bøker og filmar, frå James Joyces modernistiske meisterverk Ulysses til Coen-brørnes eminente mellomkrigstids-roadmovie Oh Brother, Where Art Thou?)


Are Kalvø: Syden (2002)Kalvø

Humoristen, radiokåsøren og ikkje minst sunnmøringen Kalvø legg ut på pilgrimsferd til det mest folkelege av alle reisemål, charter-paradiset som ikkje finst på noko kart, men som likevel trekk til seg millionar av solhungrige turistar årleg.

Eit fellestrekk ved mykje reiselitteratur er at teksten i hovudsak handlar om den personlege og ikkje minst nasjonale mentaliteten til den reisande. Dette må ein kunne slå fast at i høg grad óg gjeld for Syden. Men Kalvøs framstilling er, om ikkje anna, sjølvsentrert på ein ekstremt sjarmerande måte!

Dessutan er boka morosam: dét er ingen liten prestasjon. Noreg har mange mange morosame individ, og vi har mange humoristar, og det kan slik sett verke paradoksalt at vi har svært få morosame humoristar. Kanskje er Kalvø den einaste? Uansett: dersom du ikkje ler av forfattarens skildring av ei vitjing på den austerrikske rock-baren Pegasus på Ios... då veit eg heilt enkelt ikkje kva eg kan gjere for deg!

Sidan Kalvø, som nemnt, er oppteken av Noreg, har han sjølvsagt óg skrive ei reisebok frå vårt herlege langstrakte land, nemleg Våre venner kinesarane (2007). Her vitjar han samtlege norske kommunar som har minst ein kinarestaurant og et kinamat i alle kommunane. Ein gastro-sosiologisk tour de force av sjeldant format!


Jack Kerouac: On the Road (1957)OntheRoad

Ok. Du har nett kome i form etter lang tids sjukdom. Kona di har gått frå deg. Kva gjer du? Nobrainer. Du går du óg! Ut på vegen. Ut i det ukjente. Vekk frå fortida. Vekk frå alt. Dét er, i all hovudsak, handlinga i On the Road, kanskje det mest gjennom-mytologiserte verket i det 20. hundreårets amerikanske litteratur.

Jack Kerouac var, saman med Allen Ginsberg og William S. Burroughs, den mest sentrale forfattaren i den såkalla beat-generasjonen: dersom du vil lese meir om denne fascinerande (mot-)kulturelle rørsla, finn du ein framifrå introduksjonsartikkel her.

Beat-generasjonen var sterkt kritiske til kapitalismen og konsumsamfunnet. Dei sa, kort og enkelt forklart, nei til the American way. Likevel er det min påstand at On the Road er den kvintessensielle amerikanske romanen!

Paradoksalt? Tvillaust. Men tenk over det: USA er eit samfunn grunnlagt av fridomslengtande menneske som tok det store spranget, la i veg på si livs reise over havet, utan å vite kva som venta dei på andre sida. Eventyrarar. Drøymarar. Fantastar. Kerouacs forteljing er ein lovsong til ein ny generasjons fridomslengt: på vill, vakker, farefull ferd gjennom det amerikanske landskapet.

Beat-generasjonen var opptekne av musikk, særskilt jazz, noko som framgår tydeleg av Kerouacs improvisatoriske skrivemåte: du kan, reint teoretisk, lese On the Road utan å lytte korkje til Charlie Parker eller Miles Davis: men ver klar over at du då gjer deg skuldig i eit utilgjeveleg brotsverk mot livet så vel som mot kunsten!

Romanens verknadshistorie er lang og eksepsjonelt kompleks: det er vanskeleg å førestelle seg gonzo-geniet Hunter S. Thompsons psykedeliske storverk Frykt og avsky i Las Vegas utan inspirasjon frå Kerouac. Boka er óg filmatisert med ingen ringjare enn Johnny Depp i hovudrolla. Og når vi først er inne på film: roadmovies som Dennis Hoppers Easy Rider, Terence Malicks Badlands og Callie Khouris Thelma & Louise kan alle takke gamle Jack ikkje berre for sin popularitet, men óg for sin eksistens.

(On the Road har óg, ironisk nok, spela ein viss rolle for utviklinga av amerikansk turistindustri: å krysse det vidstrakte USA i bil er ein draum for mange, ikkje minst nordmenn, og ein av dei, journalisten Morten A. Strøksnes, utga i fjor den perspektivrike essaysamlinga Rett vest.)


Pål Norheim: Z (2005)Z

Reis langt. Skriv kort. Z er i omfang ei av dei minste bøkene vi har ved biblioteket, men oppsiktsvekkjande nok óg ei av dei mest innhaldsrike. Den seksti sider korte teksten tek utgongspunkt i ei reise gjennom Aust-Afrika, kor forteljaren, Pål, vaks opp på 1970-talet, som barn av norske misjonærar.

Kvifor vender han attende? Dét er eit nøkkelspørsmål i Z. Ein stad vert det nemnt noko om ei personleg krise, men dette vert ikkje utdjupa, i det heile er det lite som vert utdjupa hér, og nettopp dette er forteljingas styrke: lesaren vert ikkje påtvinga synspunkt, forklaringar, moralske vurderingar, men må sjølv ta stilling til dei eksistensielle spørsmåla som vert stilt i teksten.

For Pål representerer gjensynet med barndomens topografi óg ein konfrontasjon med det verdisynet som ligg til grunn for misjonsverksemda: i dag er han ikkje lenger ein truande, men må likevel erkjenne at misjonens idé har vore avgjerande både for hans eigne personlege livsval og for det afrikanske kontinentets utvikling.

Den kjente nyttårstalaren Gro Harlem Brundtland avfyrte i si tid følgjande moralistiske blinkskot: det er typisk norsk å vere god! Utan tvil meinte Brundtland dette i både deskriptiv og normativ forstand. Det er difor ikkje til å undrast over at den norske tilnærminga til Afrika i stor grad går ut på korleis vi (gode nordmenn) kan hjelpe (dei stakkars) afrikanarane (som ikkje kan hjelpe seg sjølv) anten gjennom a) misjon, b) bistand eller c) ein kombinasjon av det nemnte.

Heldigvis har vi etter kvart fått norsk litteratur som problematiserer denne nedlatande forståinga av og haldninga til det afrikanske kontinentet. Adelheid Seyfarth debuterte i 2005 med romanen Fars hus, kor hovudpersonen er ei norsk-kenyansk kvinne som reiser til farens heimland på jakt etter (sjølv-)erkjenning: oppfølgjaren Misjonærene hentar óg handling frå Kenya, tek mellom anna opp kvinneleg omskjæring, og handsamar dette kontroversielle teamet på langt meir nyansert og reflektert vis enn den vi kjenner frå vår heimlege tabloid-propaganda.

Seyfarth er på ingen måte den einaste forfattaren som i nyare tid har skildra det norsk-afrikanske kulturmøtet: Tania Michelet, dels oppvaksen i Zambia, utga i 2008 den kryptiske titulerte romanen Afrika er ikke for alle - (neivel, kven er det for då, om eg tør spørje?) - og i fjor kom serieskaparen Lene Ask med Da jeg reddet verden, ei (sjølv-)ironisk (vonar eg) skildring av ei reise til Tanzania på oppdrag frå Norad.

Som vi har sett: tekstar av og om nordmenn i Afrika er ein livskraftig litterær sub-kategori. Historisk kjem ein ikkje utanom Axel Jensens Ikaros (1957) - eit intenst og mytologiserande portrett av kunstnaren som ung mann i Sahara: ein oppdatert wannabe-versjon av same tematikk finst i Ari Behns Bakgård. (Eg har no nemnt Ari Behn to gonger i denne teksten. Dét er to meir enn på førehand planlagt.)

Begge dei to ørkenglade nordmennene var utan skugge av tvil sterkt inspirert av den amerikanske eksentrikaren Paul Bowles (1910-99) som levde dei siste femti åra av livet i Tangier, og mellom anna skreiv meisterverka Edderkoppens hus og Med himmelen som tak frå sitt adopterte heimland Marokko: sistnemnte er óg filmatisert av Bernardo Bertolucci og med (sjølvaste) John Malkovich i ei sentral rolle. 

Men først og fremst altså: Z. Lite format. Stor litteratur. Livet er heilt enkelt for langt til ikkje å lese så gode bøker!


Amos Tutuola: The Palm-Wine Drinkard (1952)Tutuola

Forteljaren i denne banebrytande nigerianske romanen er ein ekte livsnytar: det einaste han vil, ifølgje seg sjølv, er å ta tilværet med ro og drikke palmevin "frå morgon til kveld og frå kveld til morgon".

Så inntreff tragedien: den høgt verdsette palmevins-tapparen fell frå eit tre under tapping og døyr på tragisk vis, og vår mann legg difor ut på ei av litteraturens aller mest spektakulære reiser med det føremålet å få tapparen attende.

The Palm-Wine Drinkard tek utgongspunkt i tradisjonelle Yoruba-forteljingar og transformerer desse gjennom særs ukonvensjonell og kreativ bruk av imperiespråket engelsk. For dette mottok Tutuola kritikk i heimlandet, men vart til gjengjeld ein litterær sensasjon i Europa, kor sjelefrendar som Dylan Thomas og Raymond Queneau var mellom hans mest entusiastiske tidlege beundrarar.

Tutuola-mytologane vil gjerne ha det til at forfattaren, som var mangelfullt utdanna og i yrkeslivet ein særs underordna funksjonær i det nigerianske arbeidsdepartementet, knapt kunne lese før han tok til å skrive sin første og høgast verdsette roman. Men litteratur oppstår som kjent ikkje av seg sjølv, men i forlengjinga av annan litteratur, og vi må difor kunne rekne med at Tutuola, i tillegg til inngåande kjennskap til sin eigen kulturs forteljartradisjon, óg lét seg inspirere av kanoniserte engelskspråklege verk som Thomas Mores Utopia, John Miltons Paradise Lost og ikkje minst Jonathan Swifts Gullivers reiser. (Det skulle heller ikkje forundre meg mykje om han hadde lese sin Edgar Allan Poe.)

The Palm-Wine Drinkard er, i alle tenkjelege tydingar av ordet, ei verkeleg fantastisk forteljing, eit litterært mirakel du heilt enkelt ikkje får lov til å oversjå! Ok? Dersom du ynskjer ytterlegare prov for at verda er ein vidunderleg stad, bør det nemnast at Tutuolas andre roman, My Life in the Bush of Ghosts, praktisk talt er like god, og at begge desse tekstane finst tilgjengelege i ei og same bok: halleluja!


Joar Tiberg: Ingenting händer (2002)Tiberg

Ikkje alle reiser er like eksotiske: den svenske poeten Joar Tiberg skildrar i denne boka ei reise gjennom sitt heimlands såkalla glesbygd, altså dei mest grisgrendte strok - definisjonen på ei glesbygd, ifølgje svensk wikipedia, er ein stad som ligg meir enn 45 minutts bilkøyring frå næraste "tätort" med meir enn 3000 innbyggjarar - og oppdagar at der ingenting hender, hender det faktisk ein god del likevel!

Tiberg tek lesaren med på billøp og handbak-meisterskap, til gruver, kjernekraftverk og dei djupe, stille skogane, og syner fram ein del av det svenske samfunnet som sjeldan får mykje merksemd.

Ein skulle kanskje ikkje tru at ein gruvestreik i Kiruna på 1960-talet er eit særskilt godt utgongspunkt for å skape stor litteratur, men det er det faktisk, og årsaka til dette er Tibergs mange skarpe observasjonar, blikket hans for det store i dei små detaljane, evna til å trekkje linjer mellom då og no.  

Det kan knapt vere naudsynt å nemne at Noreg er eit minst like keisamt og hendingsfattig land som Sverige, og vi har då óg fått vår eiga litterære handsaming av same tematikk: den legendariske Agnes Ravatns Stillstand (med den ukledeleg beskjedne undertittelen "sivilisasjonskritikk på lågt nivå") er ifølgje forfattaren eit aktivt forsøk på å oppsøkje stader og situasjonar der ingenting skjer, så som Ålesund, tingretten, 17. mai og Litteraturfestivalen på Lillehammer: Ravatn er forfattar og journalist i Dag og Tid, ho har gått på Universitetet, Skrivekunstakademiet og ikkje minst livets skule, ho har tidlegare vore tilsett ved Bergen Off. Bibliotek og er følgjeleg meir enn kompetent til å guide lesaren gjennom alle tenkjelege og utenkjelege situasjonar.


H.G. Wells: The First Men in the Moon (1901)Wells

Månen har sidan dei tidlegaste tider fascinert menneska og hatt ein djup innverknad på våre liv. (Frå barndomen kan eg personleg godt hugse korleis vi alltid måtte låse inne han far i kjellaren kvar gong fullmånen kikte fram).

Den engelske science-fiction-pionéren H.G. Wells er korkje den einaste eller den første forfattaren som skildra ei reise til månen lenge før dette vart praktisk mogleg - dei frankofile vil utan tvil hevde at Wells, som britar flest, var ei reaksjonær sinke, og påpeike at historias kanskje aller største reise-forfattar, nemleg Jules Verne, publiserte Reisen til månen så tidleg som 1865 - men The First Men in the Moon er truleg den mest kjente og i alle høve ein av dei beste tekstane innafor sjangeren, ikkje minst fordi Wells på framifrå vis tematiserer det ibuande paradokset i vårt ynskje om å kolonisere månen: på eine sida ein altruistisk lengt etter kunnskap og vitskapleg utvikling, på andre sida eit destruktivt begjær etter makt og ikkje minst profitt.

Måneferda er óg ein gjengangar på populærkulturens område: teikneserieformatet kan skilte med den truleg mest udødelege av alle Tintins reiser - Månen tur-retur I & II. Ny-journalistikkens gudfar, den alltid velkledde Tom Wolfe, utga i 1979 The Right Stuff, ein nyskapande fiksjonsreportasje om astronautane i NASAs første romprogram, og denne vart filmatisert av Philip Kaufman i 1983. Det finst elles eit utal meir eller mindre vellukka filmar som skildrar meir eller mindre vellukka reiser til månen, frå Fritz Langs stumfilm-klassikar Die Frau im Mond (1929) - tragisk nok ikkje tilgjengeleg på DVD - via Stanley Kubricks 2001 A Space Oddyssey (1968) til Duncan Jones' Moon (2009).