Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
by Sverre Helge Bolstad last modified 2016-09-29T11:55:17+00:00
Lesebretta vert stadig betre. Bli med når biblioteket pakkar ut den nyaste versjonen av lesebrettet Kindle.

Diverre går det tregt med avtalar kring e-bøker i Noreg. I følge fagbladet Bok og samfunn kan det skje noko til våren eingong, men det vil nok gå endå lenger tid før du kan låne e-bøker på biblioteket. På biblioteket prøver me for tida ut Kindle DX og Sony PRS-600 for å gjere oss opp ei meining om leseopplevinga på e-blekk. Kindle er gjeve ut av nettbokhandel-giganten Amazon og på brettet kan ein kjøpe og laste ned bøker direkte frå deira netthandel. Sony har også nettbokhandel. I tillegg kan lånarar ved offentlige bibliotek i USA og Canada låne e-bøker frå biblioteket sitt på dei nyaste lesebretta frå Sony.

Klikk på filmen under for å sjå korleis siste versjon av lesebrettet Kindle ser ut.

Nokre ressursar for gratis e-bøker til Kindle:

 

På nett kan du lese norske bøker som Nasjonalbiblioteket har digitalisert i prosjektet bokhylla.no- "Norges største digitale bokhylle" - med ca. 50000 bøker. Bøker dei har digitalisert som har falt i det fri, ca. 8500 titlar, kan lastast ned til datamaskina eller lesebrettet ditt, dei andre bøkene må du lese direkte i nettlesaren.