av Eli Vaage sist endret 2021-09-17T10:02:03+02:00
Kva slags bilete viser det å kjenne seg velkommen i Bergen? Bli med gjestekunstnar Marshall Trammell, og finn det nett du synest representerer korleis ein kan kjenne seg heime her i byen. Det er enkelt og gratis å delta.
  • Å kjenne seg heime i Bergen
  • 2021-09-11T12:00:00+02:00
  • 2021-09-11T15:00:00+02:00
  • Kva slags bilete viser det å kjenne seg velkommen i Bergen? Bli med gjestekunstnar Marshall Trammell, og finn det nett du synest representerer korleis ein kan kjenne seg heime her i byen. Det er enkelt og gratis å delta.
Lørdag 11. september 12:00
Hovedbiblioteket, UROM

Kontakt

97964434
Musikkfestivalen Borealis vil vite kva slags bilete som representerer det å kjenne seg heime i Bergen, og dei vil ha di hjelp! Bli med gjestekunstnar Marshall Trammell og bruk biblioteket til å finne bilete som viser bergensk heimekjensle. Spaser omkring mellom bøkene på biblioteket og plukk ut eit bilete som får deg til å kjenne deg velkommen, eller som du meiner viser sjenerøsitet og solidaritet. Knips eit foto av biletet med mobilen eller ta det med til Borealis-teamet og Marshall, som er med på Zoom frå heimen sin i Oakland, California. 
 
Praktisk info: 
- Kom til UROM i andre etasje på Hovudbiblioteket mellom klokka 12 og 15 laurdag 11.september. 
- Du kan bruke så lang (eller kort) tid du vil og treng til å finne biletet. 
- Det kostar ingenting å vere med
- Du kan snakke med Marshall via ei datamaskin i UROM (han er med heimefrå)
- Det er gratis kaffi og te tilgjengeleg. 
 
Om prosjektet: Marshall er ein amerikansk perkusjonist, komponist og arkivar som arbeider i krysningspunktet mellom musikk og sosialt arbeid. Arbeidet hans legg til rette for samtalar om korleis vi som individ bidreg til endring i samfunnet, og dreg orda og ideane frå desse samtalen inn i eit musikalsk og improvisatorisk rammeverk. Arrangementet på biblioteket er ein måte å lage ein oversikt over positivitet og sjenerøsitet i Bergen, og bileta som folk deler, vil bli brukt som kjelde til eit prosjekt som skal bli presentert på Borealis 2022.
 
Meir informasjon om Marshall, virket hans, prosjektet han gjer med Borealis og festivalen finn du på biblioteket laurdag 11.september. 
 
OM BOREALIS – EIN FESTIVAL FOR EKSPERIMENTELL MUSIKK 
Borealis er ein festival for sjangerkryssande musikk og kunst som går over fem dagar i mars kvart år i Bergen. Vi presenterer nye prosjekt frå Noreg og heile verda som pressar grensene for kva som er musikk og korleis vi lyttar. Men Borealis er òg mykje meir enn fem dagar med konsertar og arrangement i mars, festivalen er aktiv heile året, og brukar tid på å skape opplevingar og rom som speglar samfunnet vi lever i. 
Bergen Offentlige  Bibliotek

Å kjenne seg heime i Bergen

Å kjenne seg heime i Bergen

Kva slags bilete viser det å kjenne seg velkommen i Bergen? Bli med gjestekunstnar Marshall Trammell, og finn det nett du synest representerer korleis ein kan kjenne seg heime her i byen. Det er enkelt og gratis å delta.

  • Lørdag 11. september
  • 12:00 - 15:00
  • Hovedbiblioteket, UROM
  • GRATIS