av Eli Vaage sist endret 2021-08-23T07:54:35+02:00
Korleis kan vi legge til rette for livslang læring for vaksne med låg kompetanse og svak tilhøyrsle til arbeidslivet? Eit nytt forsøk i vaksenopplæringa prøver å finne gode svar.
Onsdag 17. november 12:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

Kontakt

97964434
 
Korleis kan vi legge til rette for livslang læring for vaksne med låg kompetanse og svak tilknytning til arbeidsmarknaden? Kan vi betre vaksne sine moglegheiter til å skaffe seg meir kompetanse, og få fleire moglegheiter i arbeidslivet? Kva hindrar vaksne i å få formell kompetanse, og kva kan vi gjere med det?
 
Frå 2017 til 2023 vert det gjennomført eit nasjonalt forsøk i vaksenopplæringa, der opplæringa er inndelt i ulike modular tilpassa vaksne sitt kunnskapsbehov og behovet for fleksibilitet. Forsøket legg òg til rette for samarbeid mellom opplæringssektoren og velferdssektoren. Saman med eit team av forskarar følgjer Astrid Oline Ervik dette forsøket tett. Ho vil fortelje om det pågåande forsøket, utfordringar ved det, og kva effektar det ber med seg så langt. Ho vil også setje forsøket i samanheng med tiltak med liknande føremål, som å gje fleire meir kompetanse og auka velferd. 
 
Astrid Oline Ervik er arbeidsmarknadsøkonom og tilsett som forskar ved FAIR Insight Team, Samfunns- og næringslivsforskning (SNF) og er tilknytta FAIR - Centre for Experimental Research on Fairness, Inequality and Rationality ved NHH.
 
Akademisk lunsj er eit samarbeid mellom Bergen Offentlege Bibliotek, Universitetsbiblioteket, HVL og NHH.
 
Bergen Offentlige  Bibliotek

Akademisk lunsj: Lærande vaksne?

Akademisk lunsj: Lærande vaksne?

Korleis kan vi legge til rette for livslang læring for vaksne med låg kompetanse og svak tilhøyrsle til arbeidslivet? Eit nytt forsøk i vaksenopplæringa prøver å finne gode svar.

  • Onsdag 17. november
  • 12:00 - 13:00
  • Hovedbiblioteket, Auditoriet
  • GRATIS