Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Marie Amdam sist endret 2019-01-07T08:43:47+00:00
Er Los Angeles ein myte? Er Los Angeles ein draum? I ein by full av fiksjonar skjuler eit mylder av ulike realitetar seg under den glitrande overflata.
  • Anna Kleiva om Echo Mountain - Forteljingar frå LA
  • 2019-02-14T19:00:00+01:00
  • 2019-02-14T20:00:00+01:00
  • Er Los Angeles ein myte? Er Los Angeles ein draum? I ein by full av fiksjonar skjuler eit mylder av ulike realitetar seg under den glitrande overflata.
Torsdag 14. februar 19:00
Hovedbiblioteket, Noterommet

Kontakt

404 61 144

«Eg veit at eg alltid har likt det som er slik LA er, spraglete, smektande, motstridande, det som er for mykje, det som ikkje er stilreint, ikkje samanhengande, eit mylder. Det går ikkje an å finne eit punkt der alt starta, det går ikkje opp; dette er berre éin måte å fortelje ei historie på. LA er inga logisk forteljing. Det er derfor eg vil fortelje den.»

Gjennom ei rekke perspektiv og forteljemåtar skildrar Anna Kleiva ein forlokkande, løgnaktig og grotesk by, ein by som vender seg mot lesaren med stadig nye ansikt. I eit dels sansande og dels essayistisk språk veks Los Angeles fram som natur og konstruksjon, som jungel og maskin. Echo Mountain er ei kartlegging av den vilt sprikande amerikanske storbyen, ein fager fantasi fylt med fascinerande faktum, ein litterær collage om nasjonalparkar, bilkøyring, Hollywood, einsemd, prærieulvar, palmar, tørke, minne og overflate.

I samtale med Yngvild Gotaas Torvik

Amalies Hage (kart)