Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Synne Ulltang sist endret 2019-01-10T16:58:31+00:00
Kva kan kroppsskildringar i litteraturen fortelje oss om arbeidarklassen?
Tirsdag 19. mars 18:00
Hovedbiblioteket, Noterommet

I Noreg har arbeidarlitteraturen eit gjennombrot kring 1900, og skildrar kvinner og menn i krevjande kroppsarbeid.

«Eg har daa nevar, hehe! Han ser paa dei store faste nevane sine, dei er harde og rovlute av trælar i handloven. – Blir nok nevane som maa ta i, skal ein naa fram til pengane», skriv Kristofer Uppdal i fyrste bind av Dansen gjenom skuggeheimen

Kroppen er arbeidaren sin viktigaste reiskap, ja, langt på veg ein føresetnad for at den einskilde arbeidar skal overleva i arbeidarklassen. Me ser på korleis arbeidarlitteraturen skildrar arbeidarens kropp, og korleis kroppsskildringane seier oss noko om arbeidarklassens liv og tilhøve.

Ingrid Nestås Mathisen disputerte tidlegare i år på ei avhandling om Nini Roll Ankers og Kristofer Uppdals arbeidarlitteratur. No jobbar no som høgskulelektor ved NLA Høgskolen.

Noterom (kart)