Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
by Ida Amalie Svensson last modified 2017-05-04T08:11:13+00:00
Under krigen drog 6000 norske ungdomar til Østfronten for å kjempe i dei mest grusomme slaga som fann stad under 2. verdenskrigen. Kvifor valde dei å gå i teneste for diktatoren Hitler og hans ideologi?
Onsdag 3. mai 18:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

Under krigen meldte over 10000 norske ungdomar seg til krigsteneste på Østfronten, og 6000 drog dit for å kjempe i dei mest grusomme slaga som fann stad under 2.verdenskrigen. 900 vart liggjande att på slagmarka. Kvifor gjorde dei dette? Kvifor valde dei å gå i teneste for diktatoren Hitler og hans ideologi? Kan det på nokon måte samanliknast med dagens unge nordmenn som dreg til slagmarkene i Midt-Østen og slåss på liv og død for ein annan ideologi?

I eit stort dokumentasjonsprosjekt har vi videointervjua tidlegare frontkjemparar som fortel om sine grunnar til at dei gjorde som dei gjorde, og kva dei opplevde både ved fronten og etter krigen. Med utgangspunkt i desse intervjua som vi vil vise utdrag frå, vil krigshistorikaren Stein Ugelvik-Larsen setje desse forteljingane inn i ein historisk samanheng og åpne opp for eit ordskifte om korleis sjå på landssvik og idealisme i eit historisk perspektiv.

Arrangementet er eit samarbeid mellom BoB og Memoar.no