Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Charlotte Myrbråten sist endret 2019-11-28T12:57:25+01:00
Noreg heng etter med å omstilla økonomien vår. Skal vi nå måla i Parisavtalen, må store endringar skje. Korleis bør eit reelt grønt skifte sjå ut i praksis?
Torsdag 28. november 18:00
Hovedbiblioteket, Noterommet

Kontakt

95139006

Stad: Noterommet i andre etasje på hovudbiblioteket.

Noreg heng etter med å omstilla økonomien vår. Skal vi nå måla i Parisavtalen, må store endringar skje. Korleis bør eit reelt grønt skifte sjå ut i praksis? Kva må til både politisk og økonomisk? Er løysinga ein "green new deal"? Kva for ei rolle bør fagrørsla, næringslivet og staten ha? Kva må til for at det skal verta ein sosial og rettvis omstilling?

Våre kloke panelistar vil gje deg innsikt, kunnskap og gode samtaler. Vonleg vil kvelden vil by på nye idear og betre løysingar av det gode, venstrepolitiske slaget.

I panelet (foreløpig bekrefta)
⭐ Andreas Ytterstad - Klimaaktivist og førsteamanuensis i journalistikk ved OsloMet
⭐ Ingrunn Gjerstad - Leder i LO Oslo og styremedlem i Industriaksjonen

Arrangementet er gratis og åpent for alle. I døra kan du kjøpa Røyst sitt nyaste nummer om klima for kr 100,- (Vipps).

----------------------------

Kven er Røyst?

Røyst er del av ein intellektuell offensiv frå venstresida. Vi er eit uavhengig tverrfagleg tidsskrift som er ein plattform for diskusjon og nyvinning på tvers av partilinjer. Tidsskriftet er basert i Bergen og ynskjer å styrke politisk initiativ, særleg på Vestlandet, men med nasjonalt og internasjonalt utsyn.