av Charlotte Myrbråten sist endret 2022-09-13T11:58:54+01:00
Er du interessert i korleis landbruket kan bidra til klimaløysinga? Marit Bendz presenterer den nye boka si og Irene Dalland fortel om korleis Garden på Dalland driv.
Tirsdag 27. september 18:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

Kontakt

95139006
Er du interessert i korleis landbruket kan bidra til klimaløysinga? Marit Bendz presenterer den nye boka si og Irene Dalland fortel om korleis Garden på Dalland driv.
-------------------------------------
Bli med på bokprat med Marit Bendz på biblioteket. I boka Glade dyr og levande jord portretterer ho og Oddleiv Apneseth femten bønder frå Lofoten i nord til Jæren i sør, som tør å gå sine eigne vegar. Saman utgjer dei eit nytt håp for eit klimasmart og miljøvenleg norsk landbruk.
Dette er boka som kan inspirere bønder, men også engasjere kokkar, matentusiastar, REKO-kundar og alle dei som drøymer om å flytte til eit lite småbruk på bygda eller verte bonde i storbyen. For journalistar, politikarar og andre som ynskjer å vite meir om kor den norske maten kjem frå, og som interesserer seg for klimavennleg landbruk og kortreist matproduksjon.
Marit Bendz (f. 1959) er frilansjournalist, forfattar og trønder, busett i Førde. Har mellom anna vore bonde, fiskar, NRK-reporter og redaktør for Gennytt.
Det vert mogeleg å kjøpe og få signert boka etter bokpraten!
-------------------------------------------
Irene og Anders Dalland driv Garden på Dalland på Tysnes. Der har dei vestlandsk fjordfe, gamalnorsk spelsau og driv økologisk med fokus på regenerative prinsipp.
Dei skriv sjølve om drifta si: "Me starta smått med ein draum og ein ide. Ein ide om å driva gard på ein berekraftig og naturleg måte, med dyra sitt beste i fokus. Me har eit sterkt ynskje om at dyra våre skal få leva på sine eigne premissar, ikkje på premissane til kapitalstyrt industriell matproduksjon. Dei skal leva av og i naturen, og utnytta dei ressursane som fins på garden. Dette krev meir innsats, og stiller større krav til oss som bønder. Men resultatet er produkt av ein heilt særeigen kvalitet. Me trur dette er berekraft i praksis. Me veit at du som forbrukar vil smaka forskjell!"
---------------------------------------------
Gratis inngang
Bergen Offentlige  Bibliotek

Glade dyr og levande jord

Glade dyr og levande jord

Er du interessert i korleis landbruket kan bidra til klimaløysinga? Marit Bendz presenterer den nye boka si og Irene Dalland fortel om korleis Garden på Dalland driv.

  • Tirsdag 27. september
  • 18:00 - 20:00
  • Hovedbiblioteket, Auditoriet
  • GRATIS