Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
by Per Vold last modified 2017-03-24T11:12:03+00:00
Flyktningestraumen inn i Europa ser ikkje ut til å avta, sjølv om færre kjem til Noreg enn før. Dei kjem ikkje berre frå Syria, men frå Irak, Afghanistan, Libya og alle andre land der det er konflikt og naud. Dei er villig til å risikere livet på middelhavet for å komme til Europa og leve i fred, og den europeiske union er kasta inn i ei krise. Men dette er meir enn ei politisk krise. Det er ei personleg krise for alle involverte.
  • AVLYST: Asylsøkjarane. Ein laiv for ti spelarar.
  • 2017-03-25T16:00:00+01:00
  • 2017-03-25T22:00:00+01:00
  • Flyktningestraumen inn i Europa ser ikkje ut til å avta, sjølv om færre kjem til Noreg enn før. Dei kjem ikkje berre frå Syria, men frå Irak, Afghanistan, Libya og alle andre land der det er konflikt og naud. Dei er villig til å risikere livet på middelhavet for å komme til Europa og leve i fred, og den europeiske union er kasta inn i ei krise. Men dette er meir enn ei politisk krise. Det er ei personleg krise for alle involverte.
Lørdag 25. mars 16:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

Kontakt

55 56 85 07

Denne laiven følgjer ei gruppe menneske som er desperate etter å få asyl i eit trygt nord-europeisk land. Og det følgjer byråkratane som skal handheve reglementet og innvilge asyl til berre tre av dei som sitt utanfor døra og venter. Kva vil du gjere for eit liv i fred, fridom og rikdom?

#gamebrary inviterar til laiv, eit levande rollespel om å vere asylsøkjar og sakshandsamar i dag.
Laiven er for inntil ti spelarar på 5 timar, inkludert førebuing og samtale i etterkant.

Vi gjer merksam på at temaet for laiven legg opp til vanskelege kjenslemessige situasjonar, og det er ønskja spelarar som er villig til å spele tungt på rollene sine og situasjonen dei er i. Aldersgrensen er difor satt til 18 år.

Laiven er ein del av forskingsprosjektet Games and Transgressive Aesthetics ved Universitetet i Bergen som utforskar korleis spelarar opplever ubehageleg spelinnhald. Rollespelet blir satt opp i samarbeid med Bergen Offentlige Bibliotek og spelsatsinga Gamebrary. 30. mars vert det satt opp paneldebatt om spelet.
 
Er du interessert i å delta i spelet? Bruk påmeldingskjemaet under.
Vi gjer merksam på at deltaking i laiven vert forstått som deltaking i forskingsprosjektet. Deltakarane vil få detaljert informasjon og skal signere avtale om at deltaking skjer frivillig ved starten av laiven.
 
Les meir om forskingsprosjektet her: http://gta.b.uib.no

Påmelding