- https://bergenbibliotek.no/arrangement/bergensminne-anne-margrethe-konow-lund
- Bergensminne: Anne Margrethe Konow-Lund
- 2023-09-12T18:00:00+02:00
- 2023-09-12T19:00:00+02:00
- Livshistorier er kulturarv! Anne Margrethe Konow-Lund (93) bur i eit av Bergens mest særprega hus – "Sophies Minde" på Kråkenes ved Nordåsvatnet. Huset er interessant nok – men eigaren si livshistorie er i seg sjølv eit mangfaldig og fargerikt immaterielt kulturminne. Og i tillegg er ho ein strålande forteljar, som veit å skape bilde hos tilhøyrarane.
Anne Margrethe Konow-Lund er dotter av ein av Noregs mest kjende arkitektar på tidleg 1900-tal, Fredrik Konow-Lund. Det gjer barndoms- og ungdomsminnene hennar ekstra interessante. Det unge vaksenlivet førte henne rundt i etterkirgs-Europa, før ho starta eit langt liv som fransklektor i vidaregåande skule. Ho kom tilbake til barndomsby og barndomsheim i 1984, og har sida vore ein aktiv del av byhistoria. Ho vil bli intervjua ar Arve Nilsen og Bjørn Enes frå Memoar – etter intervjuet blir det fritt fram for å dele andre bergensminne som blir vekt til live av Anne Margrethe sine forteljingar.