- https://bergenbibliotek.no/arrangement/bergensminne-ei-forteljing-om-anne-sofi-grieg-moe-98-og-ragna-sofie-grung-moe
- Bergensminne: Ei forteljing om Anne Sofi Grieg Moe (98) og Ragna Sofie Grung Moe
- 2023-02-21T18:00:00+01:00
- 2023-02-21T19:00:00+01:00
- Bergensminne er eit samarbeid mellom Memoar og Bergen off. Bibliotek om munnleg lokalhistorie.
To kvinner – mor og dotter, som er frodige tidsvitner frå Bergens kunst- og musikkhistorie. Med fargerike minne frå to generasjonar formødre, gir dei glimt frå eit "positivt matriarkat" gjennom 150 år. "Bestemor var elev hos Edvard Grieg, og studerte som han i Leipzig. Men det var ikkje comme-il-faut at kvinner konserterte. Så ho spelte berre for gjester heime i Villaveien".
Ut frå Grung- og Griegslektenes heimar og familietradisjonar vaks fire kvinnelivshistorier fram. Gjennom ein serie intervju sist haust har dei to siste fortald til Bjørn Enes, og på Bergensminne 21. februar skal han fortelje tilbake til dei om korleis han høyrde forteljingane. Etterpå vil Anne Sofi Grieg Moe og Ragna Sofie Grung Moe kommentere og utdjupe - og svare på nye spørsmål.
Kvelden blir avrunda med ei sjeldan musikalsk oppleving.