av Nettredaktør
—
sist endret
2023-01-23T12:41:47+01:00
"Bergensminne" er fomidling av byens munnlege historie gjennom intervju med bergensarar. Den 24. januar er hovudgjesten Knut Krzywinski.
- https://bergenbibliotek.no/arrangement/bergensminne-med-knut-krzywinski
- 24. januar: Bergensminne med Knut Krzywinski
- 2023-01-24T18:00:00+01:00
- 2023-01-24T19:30:00+01:00
- "Bergensminne" er fomidling av byens munnlege historie gjennom intervju med bergensarar. Den 24. januar er hovudgjesten Knut Krzywinski.
Tirsdag
24.
januar
18:00
Hovedbiblioteket, Vårt Vestland
Han har mykje å fortelje om viltre gutedagar i ein bergensk sjømannsfamilie, naturfaglinja på Katten på 60-talet ("det var lettare å imponere jentene på engelsklinja...."), universitetet på tidleg 70-tal ("den gong gjekk du på dei førelesingane du hadde lyst på...") og hans finurlege veg inn i biologien. Han kan fortelje om graving i gamle dassar for å finne ut kor gamal byen eigentleg er - og eit villniss av andre forteljingar som faget og pollen-analysering har ført han inn i. Mellom anna forteljinga om den gråtande kamelen hans, Drageblodstreet. Og geitene, ikkje minst.
Arrangementet er gratis - og alle er velkomne. Intervjuarar blir Ada Freng og Kari Thorkildsen.
Se også: https://bergen.memoar.no/