av Nettredaktør sist endret 2023-03-11T10:28:39+02:00
Bergensminne er eit samarbeid mellom Memoar og Bergen Offentlige Bibliotek, om formidling av munnleg historie. Tirsdag 21. mars er tema Datahistorie.
Tirsdag 21. mars 18:00
Hovedbiblioteket, Vårt Vestland, 2. etg.
"Eldre folk - problem med data?? Det er jo vi som har laga det, for tusan!".
 
Slik er ein av spissformuleringane til Svein Johannessen - den aller fyrste som "kunne data" i Bergens Sparebank. Han kom frå treårig EDB-ingeniørutdanning på Bergen Tekniske Skole i 1975. Og sidan? "Eg skifta aldri jobb - men minst 20 ulike arbeidsgjevarar skifta om å eige meg..."
 
Forteljinga om Svein Johannessens arbeidshistorie er eit bakteppe for korleis elektronikken endra "alt" i arbeid og privatliv for alle oss andre. Ein verkeleg revolusjon - som nå er på veg over i historia.
 
Kom og høyr på Svein Johannessens minne, og bli med å dele eigne erfaringar og refleksjonar om datahistorie - i fortid, nåtid og framtid!
 
Intervjuarar blir Sebastian Kvamsdal Kaasa og Bjørn Enes frå Memoar. Etter eit komprimert intervju blir det fritt fram for andre som har minne eller refleksjonar å dele. 
Bergen Offentlige  Bibliotek

Bergensminne med Svein Johannessen

Bergensminne med Svein Johannessen

Bergensminne er eit samarbeid mellom Memoar og Bergen Offentlige Bibliotek, om formidling av munnleg historie. Tirsdag 21. mars er tema Datahistorie.

  • Tirsdag 21. mars
  • 18:00 - 20:00
  • Hovedbiblioteket, Vårt Vestland, 2. etg.
  • GRATIS