Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Charlotte Myrbråten sist endret 2019-08-27T09:51:40+02:00
Velkommen til slippfest med episke dikt og klaver.
Søndag 13. oktober 14:00
Hovedbiblioteket, Noterommet

Kontakt

951 39 006

Sterke kjensler som sakn og lengt kjem til overflata når boka sin hovudperson, Tuva, dukkar ned i forholdet til mor si og ser attende.

Vi vert kjend med ei varm og modig kvinne i byrjinga av boka; mor til Tuva. Den vesle jenta svermar for mamma si, og er lukkeleg i hennar nærleik. Mor og dotter er hand i hand.

Livet byr etter kvart på store utfordringar for mor, og kvardagen krev mykje av ho.

Tuva opplever ikkje lengre å bli sett og omfamna, og får ei forståing av at det vil vera best å gjera seg nesten usynleg for ikkje å vera til bry.

På same tid opplever ho i aukande grad at «nærleiken brest i kontrollen sitt famntak» idet mor styrer i detalj alle stega hennar i kvardagen med fast hand.

Som vaksen kvinne freistar Tuva akseptera og forstå for å kunna gå vidare.

"I lengtande trav

spring fola mot ope lende

usynlege hinder kastar henne til jorda

samankrøkt rullar ho seg rundt før ho tek

ny fart og sparkar ifrå"

Noterom (kart)