Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Charlotte Myrbråten sist endret 2019-08-12T09:43:22+02:00
Kommunesamanslångane har vekt sterke kjensler over heile landet. Journalisten Jens Kihl tok turen til alle landets kommunar for å finne ut kva som ligg bak. Er det fornuft eller føleri?
Onsdag 21. august 19:00
Hovedbiblioteket, Amalies hage

Kontakt

951 39 006

Gjennom ei reise på kryss og tvers i Noreg, frå Nesseby til Nesodden og frå Nissedal til Nordkapp, møter vi menneske som ikkje berre elskar heimstaden sin, men som er brennande engasjerte i skulen, arbeidsplassane, sjukeheimen og strikkeklubben. Noreg blir litt betre av at dei står på.

Vi møter Malin som er lærar på  Noregs minste skule på Finnskogen. Vi tek turen til trønderordføraren i Røyrvik , ein stad som har vunne noregsmeisterskapen i fråflytting, men som nektar å gi opp. Vi prøver å finne ut kor mykje Bremanger kommune eigentleg brukte på ein tilflyttingsvideo med Madcon. Vi dreg på strikkekafé i Loppa og på kommunessafari med ordføraren i Hasvik.

Er kommunereforma i ferd med å rasere det som gjer landet vårt bra, eller er det nettopp slik vi kan sikre gode lokalsamfunn for framtida?