Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Arild Ness sist endret 2019-04-15T08:24:42+02:00
Er målføra så svekte som språkforskinga meiner, og er dei samstundes så styrkte som bruken i songtekstar og sosiale medium kan tyde på?
  • Dialektferda
  • 2019-04-27T14:00:00+02:00
  • 2019-04-27T16:00:00+02:00
  • Er målføra så svekte som språkforskinga meiner, og er dei samstundes så styrkte som bruken i songtekstar og sosiale medium kan tyde på?
Lørdag 27. april 14:00
Hovedbiblioteket, Musikkavdelingen

I den uvanlege språkhistoria til Noreg har dialektane spelt ei særs viktig rolle, frå 1600-talet til i dag, heile tida med songtekstar som eit viktig uttrykks- og lagringsmedium. Håvard Rem drøftar Bergensdialekt og songtekstar i samtale med språkforskar Agnete Nesse, artisten Eduardo "Doddo" og forskningsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket Liv Kreken. Doddo vil også vise musikalske dømer frå eigen produksjon.

Arrangementet er ein del av serien «Dialektferda», eit samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket og Dag og Tid. Ferda går i hovudsak til stader Ivar Aasen vitja under dialektinnsamlinga si i 1840-åra. I Bergen er arrangementet ein del av landsmøtet til Norsk viseforum.