- https://bergenbibliotek.no/arrangement/dnipro-eit-elvecruise-gjennom-ukrainas-historie-med-martin-paulsen
- Dnipro - eit elvecruise gjennom Ukrainas historie med Martin Paulsen
- 2023-05-20T11:30:00+02:00
- 2023-05-20T12:15:00+02:00
- Dnipro er ei av dei lengeste elvene i Europa og renn midt gjennom Ukraina. Elva har hatt ei viktig rolle i utviklinga av landet. I dette foredraget vil Paulsen følgje elva frå utspringet ved Valdaihøgdene i Russland til utløpet i Svartehavet og fortelje om avgjerande vendepunkt i elva, landet og Europa si historie.
Martin Paulsen er instituttleiar på institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen. Han har doktorgrad i russisk og har forska på språk, kultur og samfunn i Belarus, Russland og Ukraina dei siste to tiåra. Paulsen har tidlegare vore styreleiar Raftostiftelsen og sit i juryen for Fritt Ord og Zeit Stiftung sin Free Media Awards for journalistar i Aust-Europa.
Arrangementet er på norsk.