Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Charlotte Myrbråten sist endret 2019-03-01T12:58:59+00:00
Knut Hamre møter kollega og tidlegare elev Benedicte Maurseth til samtale og spel.
Onsdag 20. mars 19:00
Hovedbiblioteket, Noterommet

Knut Hamre er rekna som ein av dei fremste hardingfelekunstnarane i Hardanger gjennom alle tider. No syner han oss det rike mangfaldet i Granvinsspelet med det store verket Slåttar frå Granvin — eit praktverk av ei bok og ei samling på nittisju nyinnspelte slåttar som han har vigd heile sitt spelande liv til å fordjupa seg i og vidareformidla.

Knut Hamre møter kollega og tidlegare elev Benedicte Maurseth til samtale og spel.

Noterom (kart)