Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Marie Amdam sist endret 2019-09-12T13:12:58+02:00
Møt Oddny Miljeteig i samtale med forfatter Kjersti Mjør.
Torsdag 24. oktober 18:00
Hovedbiblioteket, Amalies hage

Kontakt

Til full jubel blei 60-åringen Oddny Miljeteig vald til ny nestleiar i SV på landsmøtet i mars 2015. Eg er ikkje redd for motgang, sa den kampklare partiveteranen, som skulle ta steget frå lokalpolitikken i Bergen til riksarenaen. Tre månader seinare kjende ho ein kul under armen. Ho låg på isolat då Audun Lysbakken kunngjorde at ho ikkje kom til å delta i valkampen. Dei neste åra kjempa ho sitt livs tøffaste kamp. Det tok henne tre år å stable seg på beina og gjere comeback i bystyret i Bergen.

Til hausten fyller Oddny Miljeteig 65 år, og ho gir seg i politikken. SV-politikaren og sosionomen Miljeteig er først og fremst kjend som sosialpolitikar – ei markant stemme for dei svake og utstøytte. Ho er så langt frå ein politisk broiler som ein kan komme.

I denne boka fortel Miljeteig om oppveksten i den veglause grenda Tøsse, der ho kom tre veker gammal, som adoptivbarn. I samband med boka tek Oddny kontakt med Fylkesmannen for å få vite kven dei biologiske foreldra hennar er. Ho fortel også for første gong offentleg om då ho var med og skjulte flyktningar i Bergen.

Dette er eit ærleg portrett av eit motstraumsmenneske det er vanskeleg å stille seg likegyldig til.

Amalies hage (kart)