av Eli Vaage sist endret 2021-09-21T23:25:44+02:00
Få med deg Embla and The Karidotters gjere Dolly Parton her på biblioteket!
Mandag 29. november 18:00
Hovedbiblioteket, Amalies hage

Kontakt

97964434
 
I 1967 platedebuterte Dolly Parton med Hello, I'm Dolly. No kan du få med deg ei splitter ny tolking av plata, når Embla and The Karidotters gir oss sin versjon!
 
I konsertserien Huslyden får ein artist plukke ei valfri plate frå samlinga vår, som deretter vert tolka og framført for publikum. Etter ein plateprat med artisten om kvifor det blei nett denne plata, får vi oppleve verket i splitter ny drakt. Vi lovar ei spennande nytolking når dei oppseglande stjerneskota på Nordicana-himmelen i Embla and The Karidotters serverer sin versjon av countrydronningas debut her hos oss. 
 
Embla and The Karidotters er eit nydeleg tilskot til den veksande Nordicana-scenen. Med låtar om hjartesorg, drikking, kjærleik og det å skulle forlate heimbyen sin leverer dei køntristemning med outsiderblikk, inkludert solide dosar twang og attityde. Vel møtt!
Bergen Offentlige  Bibliotek

Huslyden#2: Embla and The Karidotters gjer Dolly Parton

Huslyden#2: Embla and The Karidotters gjer Dolly Parton

Få med deg Embla and The Karidotters gjere Dolly Parton her på biblioteket!

  • Mandag 29. november
  • 18:00 - 19:00
  • Hovedbiblioteket, Amalies hage
  • GRATIS