Logg inn

Glemt passord?   Registrer deg her.
av Charlotte Myrbråten sist endret 2020-09-24T17:10:12+02:00
Foredrag med Magnus Halsnes.
Torsdag 24. september 18:00
Hovedbiblioteket, Urom

Kontakt

95139006

Påmelding:

På grunn av Korona-situasjonen og krav til eventuell smittesporing, må alle deltagere registreres med kontaktinfo.
 
Påmelding: For å være sikker på plass må du melde deg på ved å følge påmeldingslenken over.
Hvor: Urom.
Maks: 50 stykk.
 
I vår stengde Jordan raskt og kraftig ned grunna korona-pandemien, noko som har stagga spreiinga av viruset, men gått hardt ut over økonomien og sosiale rettar. I sommar oppløyste ein domstol den jordanske greina av Det muslimske brorskapet. Trass korona-restriksjonar, har det vore store demonstrasjonar som følgje av ei lengre konflikt mellom styresmaktene og ei fagforeining for lærarar – der foreininga er stengt ned og fleire av leiarane er arresterte.

I dette føredraget skal vi bli betre kjend med Jordan, eit land som ofte har vorte sett på som ein roleg utkant i ein uroleg region. Føredraget vil sjå nærmare på Jordan si historie og geografi, med indre spenningar og ytre påverknad, for prøve å gje ein god kontekst til landet si rolle i regionen i dag.

Denne månaden er det òg femti år sidan «Svart september», den korte og blodige borgarkrigen i 1970, som enda med at Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) vart kasta ut av landet.

Med eit historisk blikk vil føredraget fokusere på spørsmål som kva demografiske utfordringar byr landet på med folkeauke og hundretusenvis av flyktningar frå nabolanda? Korleis passar landet inn i det regionale puslespelet? Kva er rolla til beduinstammane i landet og korleis speler det inn på politikken? Korleis kan den historiske utviklinga i Jordan hjelpe oss med betre å forstå situasjonen i dag?

Magnus Halsnes er midtaustenhistorikar og har budd to periodar i Jordan. Han skriv for tida på ei doktorgrad om grenseutvikling, kartbruk og statsbygging i ørkenområda mellom Jordan, Syria, Irak og Saudi-Arabia etter første verdskrig.

Bergen Offentlige  Bibliotek

Jordan i Midtausten

Jordan i Midtausten

Foredrag med Magnus Halsnes.

  • Torsdag 24. september
  • 18:00 - 19:30
  • Hovedbiblioteket, Urom
  • GRATIS