av Eli Vaage sist endret 2022-01-24T11:18:16+01:00
Korleis dikte på randen av global miljøkatastrofe? I denne serien tar biblioteket for seg forholdet mellom klima og poesi. I diktsamlinga "våre sår i hogstflaten rense overgi blanke trær blomstre opp i dødsraten hvisk navnet ut her" utforskar Berget korleis menneska lever både i og mot naturen, og korleis livsvilkåra endrar seg. På biblioteket møter du henne i samtale med Katrine Heiberg om poesi og natur, og om menneska si både øydeleggjande og skapande framferd i verda.
  • Klima og poesi: Samtale med Kristin Berget
  • 2022-03-01T18:00:00+01:00
  • 2022-03-01T19:00:00+01:00
  • Korleis dikte på randen av global miljøkatastrofe? I denne serien tar biblioteket for seg forholdet mellom klima og poesi. I diktsamlinga "våre sår i hogstflaten rense overgi blanke trær blomstre opp i dødsraten hvisk navnet ut her" utforskar Berget korleis menneska lever både i og mot naturen, og korleis livsvilkåra endrar seg. På biblioteket møter du henne i samtale med Katrine Heiberg om poesi og natur, og om menneska si både øydeleggjande og skapande framferd i verda.
Tirsdag 1. mars 18:00
Hovedbiblioteket, Amalies hage

Kontakt

97964434

Meld deg på arrangementet her!

Korleis påverkar det poesien at vi ifølgje forskarane står på randen av ein miljøkatastrofe - og kan poesien ha ei rolle i miljøaktivismen? Bør den det, strengt tatt? I diktsamlinga med kanskje fjorårets lengste tittel, nemleg Våre sår i hogstflaten rense overgi blanke trær blomstre opp i dødsraten hvisk navnet ut her, utforskar Kristin Berget nettopp korleis vi menneske lever med og mot naturen. Ho kjem til biblioteket for å samtale med poet og litteraturkritikar Katrine Heiberg om den og om arbeidet sitt, om miljø, natur - og ikkje minst - korleis skape, på randen av global klimakrise. Arrangementet er det andre i bibliotekets serie med fokus på poesi og klima.

Kristin Berget (f. 1975) debuterte i 2007 med diktsamlinga Loosing Louise. Sidan då har ho gitt ut fire diktsamlingar i tillegg til miniatyr-romanen Sonja Sacre Coeur. Bergets poesi er omsett til ei rekkje språk, og ho har vore innstilt til fleire litterære prisar, blant anna Brageprisen i 2017 for samlinga og når det blir lyst blir det helt fantastisk. I 2012 fekk ho Tanums kvinnestipend, og i 2014 Stig Sæterbakkens minnepris. 

Katrine Heiberg (f.1992) er oppvaksen i Son og bur i Bergen, og arbeidar som kritikar i Morgenbladet. Heiberg debturte som poet med diktsamlinga Det gule bladet, den svarte pupillen i 2018.

Bøker

Du kan lese meir om boka her. 

Bergen Offentlige  Bibliotek

Klima og poesi: Samtale med Kristin Berget

Klima og poesi: Samtale med Kristin Berget

Korleis dikte på randen av global miljøkatastrofe? I denne serien tar biblioteket for seg forholdet mellom klima og poesi. I diktsamlinga "våre sår i hogstflaten rense overgi blanke trær blomstre opp i dødsraten hvisk navnet ut her" utforskar Berget korleis menneska lever både i og mot naturen, og korleis livsvilkåra endrar seg. På biblioteket møter du henne i samtale med Katrine Heiberg om poesi og natur, og om menneska si både øydeleggjande og skapande framferd i verda.

  • Tirsdag 1. mars
  • 18:00 - 19:00
  • Hovedbiblioteket, Amalies hage
  • GRATIS