Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Marie Amdam sist endret 2020-01-17T11:26:04+01:00
"Bydelene forteller": I samband med Bergens 950-årsjubileum samarbeider Memoar, Amatørkulturrådet og ei rekke historielag og andre organisasjonar i Bergen med å samla inn, dokumentera og formidla munnleg historie. Fyrste del av den prosessen handlar i praksis om å gjera intervjuopptak med primærkjelder til dei ulike bydelane si nyare historie - til "manns minne". Eit svært nyttig redskap i det arbeidet er intervjustudioet som Bergen Off. Bibliotek har etablert i hovedbiblioteket ved Bystasjonen og Bergen Storsenter.
  • Kurs: Korleis brukar du intervjustudio i biblioteket?
  • 2020-01-24T12:00:00+01:00
  • 2020-01-24T14:00:00+01:00
  • "Bydelene forteller": I samband med Bergens 950-årsjubileum samarbeider Memoar, Amatørkulturrådet og ei rekke historielag og andre organisasjonar i Bergen med å samla inn, dokumentera og formidla munnleg historie. Fyrste del av den prosessen handlar i praksis om å gjera intervjuopptak med primærkjelder til dei ulike bydelane si nyare historie - til "manns minne". Eit svært nyttig redskap i det arbeidet er intervjustudioet som Bergen Off. Bibliotek har etablert i hovedbiblioteket ved Bystasjonen og Bergen Storsenter.
Fredag 24. januar 12:00
Hovedbiblioteket, Studio

Kontakt

Dette kortkurset handlar om:

- Korleis bestiller du time i intervjustudio?

- Korleis startar du opp maskineriet, stiller inn kamera og kontrollerar lyden?

- Nokre enkle tips om sjølve intervjuopptaket: Korleis startar du - og kva er dei mest grunnleggande tipsa for gode intervjuopptak?

- Korleis sikrar du at opptaket blir lagra - og korleis får du tak i det etterpå?

Dette studiokurset er ein av tre modular som Memoar tilbyr historielag og andre i Bergen denne våren. Dei andre modulane er:

- Det viktige etterarbeidet: Logging (dokumentasjon) og redigering

- Utandørsopptak / opptak av vandringsruter

- Formidling av munnleg kulturarv.

Studiokurset er gratis - Memoar gjer instruksjonsarbeidet på frivillig basis.

Vi vil forsøke å få avklart med Bergen 950 at deltakarane vil kunne få støtte til ei mindre kursavgift til dei andre kursa.

Alle kurs blir annonserte på www.bergen950.no

Alle er velkomne til å delta - men det er berre plass til ti personar i slengen i Bibliotekstudio.

Spørsmål? Skriv til post@memoar.no