av Eli Vaage sist endret 2022-01-10T12:03:21+01:00
Svært vanleg og svært tabu - abort er eit tema som skaper debatt og vekkjer store kjensler. Men kva er det eigentleg vi snakkar om når vi snakkar om det å avbryte svangerskap?
Torsdag 27. januar 18:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

I Hva snakker vi om når vi snakker om abort? fortel ei rekkje kvinner, helsepersonell og samfunnsdebattantar om sine erfaringar med abort. Til oss kjem forfattarane av boka for å snakke om kva vi eigentleg snakkar om når vi snakkar om abort.

Abort engasjerer! Men den offentlege samtalen omkring abort er altfor dårleg, meiner Kjersti Sandvik og Grethe Fatima Syéd. Det er bakgrunnen for boka Hva snakker vi om når vi snakker om abort?. I boka ville dei diskutere abort i andre perspektiv enn dei som oftast kjem fram i avisoverskrifter, kommentarfelt, eller når politikarar kjøpslår om kvinners rettar i kampen om makt. 

Likevel: Talet på abortar har falle jamt og trutt heilt sidan vi fekk lova om sjølvbestemt abort i 1978. Berre svært få av dei som søkjer om seinabort i nemnd får nei. Dette er i seg sjølv teikn på at den oppheita debatten handlar om noko langt meir enn talet på veker for sjølvråderett og spørsmål om å fjerne nemndene. 

Velkommen til ein engasjerande samtale om eit evig aktuelt tema! Klikk på denne lenka for å melde deg på arrangementet.

Du kan lese meir om boka og forfattarane her:

https://www.akademika.no/hva-snakker-vi-om-nar-vi-snakker-om-abort/sandvik-kjersti/syed-grethe-fatima/9788256025404

Bergen Offentlige  Bibliotek

Kva snakkar vi om når vi snakkar om abort?

Kva snakkar vi om når vi snakkar om abort?

Svært vanleg og svært tabu - abort er eit tema som skaper debatt og vekkjer store kjensler. Men kva er det eigentleg vi snakkar om når vi snakkar om det å avbryte svangerskap?

  • Torsdag 27. januar
  • 18:00 - 20:00
  • Hovedbiblioteket, Auditoriet
  • GRATIS