av Eli Vaage sist endret 2021-11-22T08:02:46+01:00
Eit av dei mest personlege vala ei kvinne kan ta, men òg brennaktuell politikk, moraldebatt eller forhandlingskort for maktlystne politikarar. Så kva er det eigentleg vi snakkar om når vi snakkar om abort?
Mandag 22. november 18:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

Kontakt

97964434

Det ville Grethe Fatima Syéd og Kjersti Sandvik prøve å finne ut av med debattboka Hva vi snakker om når vi snakker om abort. Ifølgje dei sprang boka ut av ei kjensle av at abortdebatten er altfor snever, så velkommen til ein utvidande samtale om eit omstridd tema.

Grethe Fatima Syéd og Kjersti Sandvik var på skriveopphald i Hardanger i vår ein gong då dei skrudde på nyheitene, og ut strøymde det på med politikarar som ville endre grensa for når ein abort skal vere sjølvbestemt. Det verka som ein auksjon, tenkte dei, der politikarane baud over kvarandre i talet på veker for sjølvråderett. 18 veker, 22 veker. Nokon betre? Begge sat att med ei kjensle av at dei komplekse, menneskelege sidene ved det å ta abort aldri kom fram i noko nyansert form. Og kva med alle historiane bak denne avgjerda? 

Slik vart tanken om å skrive ei debattbok om abort med ambisjonar om å frigjere seg frå skyttergravpolitikken som rår i media fødd. Resultatet blei Hva vi snakker om når vi snakker om abort, som kom ut no i haust. Syéd og Sandvik møter Eli Fossdal Vaage til samtale om boka i auditoriet her på Bergen Offentlige Bibliotek måndag 22. november klokka 18.

I boka intervjuar forfattarane helsepersonell, samfunnsdebattantar og kvinner som har erfaring med abort. Resultatet er ei diskusjonsbok som forhåpentlegvis kan gi viktige bidrag til ein vidare abortdebatt enn den vi har i dag.

Bergen Offentlige  Bibliotek

AVLYST: Kva vi snakkar om når vi snakkar om abort

AVLYST: Kva vi snakkar om når vi snakkar om abort

Eit av dei mest personlege vala ei kvinne kan ta, men òg brennaktuell politikk, moraldebatt eller forhandlingskort for maktlystne politikarar. Så kva er det eigentleg vi snakkar om når vi snakkar om abort?

  • Mandag 22. november
  • 18:00 - 19:00
  • Hovedbiblioteket, Auditoriet
  • GRATIS