Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Marie Amdam sist endret 2019-01-07T08:42:25+00:00
Krigens fortellinger slutter aldri å fascinere. Men likevel ser vi at en del av historien ofte forblir ufortalt – historien om kvinnene. I denne nye serien fokuserer vi på kvinner i krig.
  • Kvinner i krig #3: Lise Lindbæk
  • 2019-03-27T18:00:00+01:00
  • 2019-03-27T19:00:00+01:00
  • Krigens fortellinger slutter aldri å fascinere. Men likevel ser vi at en del av historien ofte forblir ufortalt – historien om kvinnene. I denne nye serien fokuserer vi på kvinner i krig.
Onsdag 27. mars 18:00
Hovedbiblioteket, Noterommet

Kontakt

404 61 144

Krigsreporter og forfattar – mest kjent for sine rapportar frå Spaniakrigen (1936-39), men også for tidleg å ha åtvara mot fascismen  – Lise Lindbæk gjorde meir enn å rapportere, ho forandra livet til folk, seier Sigrun Slapgard, forfattar av biografien Krigens penn.

I foredraget fortel ho om eit eineståande liv; det er historia om ei kvinne som var pionér på fleire felt, og til høg personleg kostnad. På nært hald opplevde ho Mussolini og fascismens framvekst i Italia på 1920-talet, deretter rapporterte ho om nazistane på oppmarsj i Tyskland. Like tidleg ute var ho med å åtvare mot forfølgjinga av jødane.

Under Spaniakrigen rapporterte ho frå fronten, og engasjerte seg for dei norske frivillige. Som krigsreporter fekk ho eit sterkt namn i nordisk presse, kjent også for sitt vennskap med Hemingway.

Under siste verdskrig blei Lise Lindbæk sjølv flyktning, først i Casablanca, deretter i New York. Da brukte ho tida til å rapportere om dei norske krigsseglarane, alt i 1942 gav ho ut boka Tusen norske skip, med historiene om forsvarslause norske sjøfolk som blei ofra på havet. Etter krigen heldt ho fram kampen for krigsseglarane, engasjerte seg i gjenoppbygginga av Nord-Norge og for Europas krigsbarn.


Foredrag med Sigrun Slapgard. Ho er forfattar og journalist og har skrevet biografien om Lise Lindbæk, Krigens penn.

Noterom (kart)